Sjemàʕ Jisraél

Frå Esnoga.no
(Omdirigert frå Sjemáng Jisraél)

Sjemàʕ Jisraél (hebr. שְׁמַע יִשְׂרָאֵל [šəmaŋ jisrā’ēl], «Hør, Israel!») eller Sjemáʕ (Sjemàng) er namnet på den jødiske truvedkjenninga. Kjerneverset er 5. mosebok 6:4:

שְׁמַ֥ע יִשְׂרָאֵ֑ל יהו֥ה אֱלֹהֵ֖ינוּ יהו֥ה ׀ אֶחָֽד׃

[Šəmaʕ, Yisrā’ēl; Ădōnāy Ĕlōhēnū, Ădōnāy — eḥād!]

“Hør, Israel: ADONÁI er vår Gud, ADONÁI er éin!”

Sjemàʕ i si kjerneform var kampropet frå kohénen som kalla israelsfolket til kamp mot fienden (5. mos. 20:3; Talmúd bablí, Sotá 42a). Det er dei siste orda i den døyandes truvedkjenning og det har vore dei siste orda for mange martyrar som vart torturerte og drepne for truskapen sin til Toráen.

Om rebbí ʕAkibá er det sagt at han tolmodig heldt ut medan kjøttet hans vart rive opp med jarnkammar og at han døydde medan han sa Sjemàʕ. Han uttala det siste ordet, אֶחָד [eḥād] (‘éin’) med det siste andedraget sitt. (Talmúd bablí, Berakhót 61b)

Sjemàʕ i Tempelet

Tempellyden sitt svar etter bruk av Gudsnamnet

På liknande vis som ein i dag svarar «amén» til signingar som inneheld Gudsnamnet, så fanst det eit svar til ytringar som inneheldt Gudsnamnet i Tempelet i Jerusalem. Den nøyaktige ordlyden vart noko utvida i løpet av hundreåra, og under dei siste generasjonane at Det andre tempelet stod, var tilsvaret: ברוך שם כבוד מלכותו לעולם ועד׃ Ein gjennomgang av kjeldene ved Jerry Brem har vist at uttalen av dette svaret i Tempelet truleg var:

בָּרוּךְ שֵׁם כָּבוֹד. מַלְכוּתוֹ לְעוֹלָם וָעֶד׃

Bārūkh Šēm Kābōd; malkhūtō ləʕōlām vāʕed.

Signa vere det æra Namnet; Riket Hans i all æva.

Kiryàt sjemàʕ-ritualet under morgongudstjenesta

I samband med morgongudstjenesta i Tempelet vart Sjemàʕ sagt fram som ein del av Kiryàt Sjemàʕ-ritualet mellom tamíd-offeret (det daglige brennofferet) og ketóret-offeret (røykjelsesofferet). Kiryàt Sjemàʕ-ritualet er skildra slik i Misjná, Tamíd V:1:

Sa han til dei [= til prestane], tempelstyraren: «Sign di signing éi!» og dei signa; [og] dei las dei ti bodorda, Sjemàʕ («Hør [Israel]»), Vehajá im sjamóaʕ («og det skal skje om di hører etter»), [og] Vayyómer («og han sa»). Og dei signa [deretter framfor] folket tre signingar: [1:] Emèt veyaṣṣíb («sant og visst») og [2:] ʕAbodá («[Guds]tjeneste») og [3:] Birkàt kohaním (prestesigninga); og på sjabbáten la dei til signing éi til det utkommande [preste]vaktskiftet.

Av dette kan vi utleie dette tekstoppsettet frå den siste tida at Det andre tempelet stod:

  1. Ei innleiande signing. Ein trur dette var signinga «Ahabàt ngolám».
  2. Dei ti boda (2. mos. 20:1–17)
  3. Kjerneverset av Sjemàʕ. (5. mos. 6:4)
  4. Tilsvaret til signingar / sentrale erklæringar med Gudsnamnet («Barúkh Sjém Kabód; malkhutó leʕolám vaʕéd.»)
  5. Resten av første avsnittet av Sjemàʕ (5. mos. 6:5–9)
  6. Avsnittet «Og det skal skje om de hører etter» (5. mos. 11:13–21)
  7. Avsnittet «Og Han sa» (2. mosebok 15:37–41)
  8. Signinga «Sant og visst» — ei signing som blant anna inneheld utdrag av historia om Utgangen av Egypt og som framleis finst i synagogeritualet i dag.
  9. Signinga «ʕabodá», som i dag finst som nest siste signinga av ʕamidáen i esnogagudstjenesta.
  10. Prestesigninga (2. mos. 6:24–27)
  11. I tillegg las det utgåande vaktskiftet (av kóhaním (prestar) som hadde tent i Tempelet denne veka) ein mi sjebberákh (ei forbøn) for det kommande vaktskiftet. Ordlyden seiest å ha vore: «Den som let Namnet Sitt bu i dette Huset, Dén late bu mellom dokker kjærlegheit og samhald, fred og venskap.»

Sjemàʕ i esnogaen

I esnogas medan Tempelet i Jerusalem enno stod, vart Sjemàʕ framleis utført med Dei ti boda. Kring dei første par århundra evt., da Tempelet vart øydelagt av romarane, kristendommen skilde seg ut som eigen religion og den jødiske munnlege Toráen vart kodifisert og nedskriven i Misjná, vart Dei ti boda tekne ut av Sjemàʕ. Grunngjevinga var at «hamminím» (‘dei fråfalne’, dvs. dei jødisk-kristne), hevda at Dei ti boda var heile loven og resten av Toráen var uviktig. (Talmúd yerusjalmí, Berakhót I:5) Skikken å inkludere Dei ti boda — enten direkte føre Sjemàʕ eller noko tidlegare i morgongudstjenesta — heldt seg likevel i ein del esnogas i Eres Jisraél (det noverande Israel/Palestina) fram til korstogstida og i somme synagogar i Egypt heilt fram til 1300-talet.

Sjå òg

Kjelder

Idelsohn, Abraham Zebi: Jewish liturgy and its development. New York (Dover), 1995. Brem, Jerry: «The Barukh Shem Kevod blessing : an analysis», i Conservative Judaism 57 (2004), nr. 1, s. 54–64.

Lenkjer