Sjabuʕót

Frå Esnoga.no
(Omdirigert frå Sjabungót)

Sjabuʕót (hebr. שָֽׁבוּעוֹת), òg kalla páscuas de las semanas (kastiljansk) eller vekefesten, og stundom jødisk pinse, er den bibelske grødesfesten og feiringa av at Toráen vart gjeven til israelittaneHar Sinái (Sinaifjellet). Høgtida markerer slutten av sefiràt haʕómer (ʕómertelinga) og finn stad på den 6. siván etter den jødiske kalenderen — det vil seie kring slutten av mai eller begynnelsen av juni. I tradisjonell rabbinsk jødedom utanfor Ereṣ Jisraél blir høgtida markert i to dagar, men i Israel og blant progressive jødar blir berre den første dagen markert. Sjabuʕót er ein av sjalósj regalím, dei tre bibelske valfartshøgtidene.

Namnet

I Tenákh blir sjabuʕót kalla vekefesten (hebr. חַג הַשָּֽׁבוּעוֹת [ḥag haššābūʕōt]), Sjemót 34:22, Debarím 16:10); skurdfesten (hebr. חַג הַקָּצִיר [ḥag haqqāṣīr]), Sjemót 23:16); og førstefruktfesten (hebr. חַג הַבִּכּוּרִים [ḥag habbikkūrīm]), Bammidbár 28:26).

Naʕomí bed Rut og ʕOrpá om at dei skal forlate henne og vende tilbake til Moáb.
Måleri:William Blake

I Misjná og i Talmúd blir sjabuʕót kalla ʕaṣéret (hebr. עֲצֶֽרֶת [ʕaṣeret], ‘høgtidssamling’), sidan dette er høgtida som avsluttar høgtids- og merkedagstida som begynte med pesaḥ. På gresk, og først og fremst bruka i kristne samanhengar, finst namnet πεντηκόστη (femtiande dagen), som har vorte til pinse (med variantane pinstid og pinshelg) på norsk.

Tidspunktet

I sefer Vayyikrá 23:15–16 står det:

15 Og de skal telje frå morgondagen etter sjabbáten, frå dagen at de ber fram ʕómer hattenufá; sju fulle sjabbatót skal det vera for dokker. 16 Frå og med morgondagen etter den sjuande sjabbáten skal de telje — femti dagar; og de skal bera fram eit nytt minḥá-offer til ADONÁI.

I rabbinsk tradisjon blir talmudiske tolkinga følgt, og den første sjabbát her blir tolka som den første pesaḥ-helgedagen ut frå at denne dagen er yom tób, og dei etterfølgjande blir tolka som heile veker. Dermed fell sjabuʕót på ulike vekedagar frå år til år, men alltid på den femtiande dagen etter første dagen av pesaḥ. Dét er tradisjonen for dei aller fleste jødar i dag.

I karaittisk tradisjon blir det tolka som første sjabbát (laurdag) i løpet av pesaḥ, og sjabuʕót fell slik eit varierande tal dagar frå første dagen av pesaḥ blant karaím, men alltid på ein søndag.

Mat

Brød og bakverk

Mange osmanske sefardím har tradisjonen å baka brød eller småkaker med symbolske former som stegar som symboliserer Mosjé som kliv opp på Har Sinái og hender som symboliserer å ta imot Toráen med opne hender. Ein del sefardím frå Marokko, Tunisia og Libya bakar siete cielos (‘sju himlar’) — ei lagkake med sju runde botnar lagt opp i kjegleform, med den vidaste botnen nedst. Somme gonger blir denne kaka dekorert med symbolske deigfigurar.

Mjølkmat

Osteborecas er populære blant mange osmanske sefardím. Det same gjeld sutlach, eller tyrkisk rispudding.

Søtsaker

Pekarar

Hør Megillàt Rut

  • Portugisarjødisk pekar her?


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Shavuot from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.