Sigd (høgtid)

Frå Esnoga.no
   Video frå YouTube   

Denne videoen er ikkje lokalt lagra, men ligg på nettstaden YouTube, som er juridisk ansvarleg for innhaldet. Om du meiner at denne videoen er eit opphavsrettsbrott, så meld straks frå til YouTube.

This video is not stored locally, but shared from YouTube, who are legally responsible for the contents. If you believe this video to be in violation of your copyright, please notify YouTube immediately.

Beta Esrael feirar sigd.

Sigd (hebraisk סיגד) er ei etiopisk-jødisk høgtid som fell på 29. marḥesjván. Sjølve ordet sigd kjem frå det semittiske språket amharisk og betyder ‘prostrasjon’. Rotbokstavane S-G-D er dei same som i det eine av dei to etiopisk-jødiske orda for synagoge eller tempel, mesgid — jamfør det arabiske ordet masġid (el. masdjid), ‘moské’.

Sigd symboliserer godtakinga av Toráen. Somme ser sigd som eit minne om openberringane på Har Sinái (Sinaifjellet). Men kessim (eldsterådet i Beta Esrael) har òg halde på tradisjonen at høgtida oppstod ein gong på 1400-talet som resultat av forfølging frå dei kristne Amhara-kongane. Kessim trekte seg tilbake til øydemarka for å be til Gud om nåde. I tillegg arbeidde dei for einheit blant Beta Esrael-folka og for å unngå at dei skulle glømme haymanot (lovane og tradisjonane til Beta Esrael) under forfølgingane. Dei las i sefer Neḥemjá og vart inspirert av korleis ʕEzrá la fram «boka med Mosjé si Lov» for israelittane etter at ho hadde gått tapt for dei under det babylonske eksilet.

Til minne om kessim sine bøner og den påfølgjande fylkinga, bruka Beta Esrael å valfarte til Midraro, Hoharoa eller Wusta Tsegai kvart år medan dei enno heldt til i Etiopia for å stadfeste korleis dei er eit religiøst samfunn.[1] Under høgtida brukar medlemmer av Beta Esrael å faste og resitere tehillím (davidssalmar). I Israel er det skikk å valfarte til Jerusjaláim (Jerusalem), der kessim (etiopiske rabbinarar) les frå Orit (Toráen). Etter sjølve ritualet avslutt{ar}} dei fasta, dansar og feirar med glede.

I februar 2008 leverte det kontroversielle knesset-medlemmet Uri Ariel eit lovforslag om å inkludere sigd blant Israels nasjonale helgdagar.[2]

Fotnotar

  1. Ashkenazi, Michael & and Weingrod, Alex; Ethiopian Jews and Israel. Transaction Publishers, 1987.
  2. «Ethiopian Jewish Sigd Festival to Become National Holiday» Israel National News, 1. februar 2008

Lenkjer


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Sigd from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.