Sefiràt haʕómer

Frå Esnoga.no

Sefiràt haʕómer (hebr. סְפִירַת עֽוֹמֶר) eller ʕomerteljing er namnet på dagsteljinga i perioden frå andre dagen av pesaḥ (jødisk påske) til sjabuʕót (vekefesten, jødisk pinse).

«Sefirá» tyder ‘rekning’ eller ‘teljing’, og ʕómer tyder ‘kornband’. Ordrett tyder sefiràt haóʕmer altså «kornband-teljinga».

Frå gammalt av var ʕomerteljinga forbunden med den første bygghausten: På kvar dag av dei 49 dagane (sju vekene) mellom 2. dagen av pesaḥ og sjabuʕót som utgjer ʕómeren bar ein fram eit kornband til altaret i Tempelet som eit grødeoffer — men sidan Tempelet fall har denne perioden vore rekna som ei sørgjetid. Det er restriksjonar på kva dagar ein kan halde bryllaup (ulikt mellom dei ulike gruppene), ein unngår hårklipp/barbering, musikk og festlegheiter.

Pesaḥ sjení

Den som ikkje hadde noko mulegheit til å halde pesaḥ på rett tid, får faktisk ein ny sjanse ein månad seinare, på den 14. iyyár. I séfer Bammidbár (4. mos.) står det:

וידבר ה׳ אל־משה לאמר׃ דבר אל־בני ישראל לאמר איש איש כי־יהיה טמא לנפש או בדרך רחקה לכם או לדרתיכם ועשה פסח לה׳׃ בחדש השני בארבעה עשר יום בין הערבים יעשו אתו על־מצות ומררים יאכלהו׃

“Og ADONÁI tala ått Mosjé og sa: Tal ått Israelsborna og sei: Om nokon mann skulle vera urein av ein avliden sjel eller på fjerne vegar, av dokker eller av ættledda dokkers, så skal han enda halde pesaḥ for Adonái, i andre månaden, på fjortande dagen, skal dei halde ho; med maṣṣót (usyra brød) og bitre urter skal dei eta ho.” (Bammidbár (4. mos.) 9:9–11)

Denne dagen blir kalla pesaḥ sjení (hebr. פֶּסַח שֵׁנִי). Tradisjonen om pesaḥ sjení er lite bruka i dag, men somme markerer dagen med å eta ein bit maṣṣá.

Lag laʕómer

Den 33. dagen av ʕómer blir kalla lag laʕómer (hebr. לג לָעֽוֹמֶר. (Asjkenazím seier oftast «lag b‘ómer».) Ordet «lag» kjem av den hebraiske notasjonen av talet 33 (Lamed-Gimel). På denne dagen er både sefardím og asjkenazím einige om at ein ikkje treng å sørgje, og det er vanleg å halde bryllaup. Opphavet til lag laʕómer er usikkert — somme set det i samband med mystikaren rebbí Sjimʕón bar Yoḥái, som etter legenda døydde på 18. iyyár (lag laʕómer), og som skal ha bede studentane sine om å feire naḥaláen hans (årsdag for dødsdagen hans, asjk.: jórtsait) med glede i staden for å sørgje. Andre set lag laʕómer i samband med pesten som herja blant studentane til rebbí ʕAkibá, og som seiest å ha stoppa denne dagen.

Sjå òg