Sefer Yoná

Frå Esnoga.no
(Omdirigert frå Sefer Joná)

Sefer Yoná (Jonas bok) blir tradisjonelt lesen som haftará (profetavsnitt etter torálesinga) på (yom) kippúr.

Omsett frå hebraisk av Olve Utne.

Yoná 1

1. Og kom ordet ått ADONÁI til Yoná ben Amittái for å seie: 2. «Stå opp, gå til Nínevé, den store byen, og kall ut over han; for opp har han stìge, vondskapen deiras, til åsynet Mitt.»

3. Så flykta Yoná unna mot Tarsjísj, unna åsynet til ADONÁI: Han steig ned til Yafó, og da han fann eit skip som skulle gå til Tarsjísj, betalte han prisen og gikk ombord for å reise med dei til Tarsjísj, unna åsynet ått ADONÁI. 4. Og ADONÁI let laus ein stor vind til havs, og det reiste seg ein stor storm på havet; og skipet heldt på å gå ned. 5. Og mannskapet vart redd, og kvar mann ropa til sin elohím, og dei kasta ut kvar ei børne som var ombord på skipet for å letne det; og Yoná hadde gått ned i nedste skottet av skipet og låg der i djup sømn. 6. Og kom han til honom, høvedsmannen, og sa med honom: «Kva er det med deg at du kan sova? Stig opp! Kall på din elohím! Kanskje vil elohím komma oss i hug, så vi ikkje omkjemst!»

7. Og dei sa, kvar mann til nesten sin: «Kom, lat oss kaste lott og få veta kven si skyld det er at denne vondska er over oss!» Og dei kasta lott, og lotten fall på Yoná. 8. Og dei sa åt honom: «Sei oss, kven si skyld er det at denne vondska kom til oss? Kva er arbeidet ditt, og kvarifrå kjem du? Kva er landet ditt, og av kva folk er du runnen?» 9. Og sa han åt dei: «Ein hebrear er eg; og ADONÁI, Himmelens Elohím fryktar eg — Den som gjorde havet og landjorda.» 10. Og reddest mennene med ei stor redsle, og dei sa åt honom: «Kva har du gjort!» For dei fikk veta at han flykta frå åsynet til ADONÁI, for det fortelte han dei. 11. Og dei sa åt honom: «Kva skal vi gjera med deg for å stille havet for oss? For havet stormar alt meir!» 12. Han sa åt dei: «Tak meg og kast meg på havet, og havet vil stilne for dokker — for eg veit at for mi skuld kom denne storstormen over dokker.» 13. Og mennene prøvde å ro til lands, men greidde det ikkje; for havet storma alt meir over dei. 14. Og dei kalla på ADONÁI og de sa: «Å, ADONÁI! Lat Du oss ikkje omkomma for sjela til denne mannen, og lat ikkje komma over oss uskyldig blod; for Du, ADONÁI, har da gjort som Du ville!» 15. Og så løfta de opp Yoná og kasta han på havet, og det stilna straks. 16. Og reddest mennene med ei stor redsle for ADONÁI; og dei ofra eit slaktoffer ått ADONÁI og dei lova løfte.

Joná 2

1. Og ADONÁI baud ein stor fisk svelgje Yoná; og Yoná var i buken til fisken i tre dagar og tre netter. 2. Og bad Yoná til ADONÁI, sin Elohím, frå fiskebuken.

3. Og han sa: «Eg kalla i nøda mi til ADONÁI, og Han svara meg; frå vomma til Sjeól skreik eg — du høyrde stemmen min. 4. Og Du kasta meg i djupet, i havsens hjarta, straumen var kring meg; alle bårone Dine og bølgjone Dine skylte over meg. 5. Og eg sa [med meg sjølv]: ‘Bort er eg støytt frå augo Dine; aldri igjen skal eg få sjå Din heilage Hekhál.’ 6. Vatna truga sjela mi, avgrunnen omgav meg; tang var tvinna kring hovudet mitt. 7. Til bergsens rot sokk eg ned, til jordas hengslor, til ævas grunn; og løfta du derifrå livet mitt, ADONÁI, min Elohím. 8. Da sjela mi sjukna i meg kom eg ADONÁI i hug; og gikk ho til Deg, bøna mi, til Din heilage Hekhál. 9. Dei som driv med tomheitsgjøgl let godskapen fara; 10. og eg med takkseiingstonar vil ofre til Deg og betala lovnadane mine; — berginga er med ADONÁI.

11. Og tala ADONÁI åt fisken; og han spydde Joná ut på tørre landjorda.

Yoná 3

1. Og kom ordet åt ADONÁI til Yoná ein andre gong og sa: 2. «Reis deg opp! Gå til Nínevé, den store byen; og kall ut over han det som eg seier til deg!» 3. Og reiste Yoná seg opp og gikk til Nínevé etter ordet til ADONÁI; og Nínevé var ein stor by for Elohím — tre dagsreisor stor. 4. Og da Yoná hadde gått inn i byen den første dagsreisa; kalla han ut og sa: «Enda førti dagar, og Nínevé skal falle i grus!»

5. Og [da] trudde folket i Nínevé på Elohím, og dei kalla ut ei faste og kledde seg i sekk, frå dei store til dei småe. 6. og ordet nådde kongen av Nínevé, og han reiste seg opp frå trona si, tok av seg kappa, kledde seg i sekk og sette seg i sanda. 7. og han let rope ut og seie i Nínevé: «Kongen og stormennene hans gjer vitterleg: Folk og fe — storfe og småfe — må ikkje nyte noko, må ikkje beite, og må ikkje drikke vatn; 8. og kle seg i sekk skal folk og fe, og [de skal] kalle til Elohím — eit skrik! Og vende seg om skal mannen frå vegen sin av vondskap og frå hatet som heng ved hendene deiras. 9. Kven veit — vende Seg om og angre Seg vil [kanskje] Elohím; òg halde att gloa av vilska Si, så vi ikkje omkjemst.» 10. Og såg Elohím kva dei gjorde, korleis dei vendte seg bort frå vegane av vondskap; og angra Elohím på det vonde som Han hadde sagt Han ville gjera mot dei; og Han gjorde det ikkje.

Yoná 4

1. Og Yoná tok det veldig vondt opp, og han vart galen. 2. Og han bad til ADONÁI og sa: «Å, ADONÁI! Var ikkje dette ordet mitt da eg enno var i landet mitt? Derfor ville eg først flykte til Tarsjísj; for eg visste at Du er ‘ein Él som er nådig og miskunnsam, langmodig til sinne og rik på godheit’ og som angrar det vonde. 3. Og no, ADONÁI, tak da sjela mi frå meg, for betre er dauden min enn livet mitt!» 4. Og sa ADONÁI: «Er det rettvist at du er galen?»

5. Og fór Yoná ut av byen og sette seg til austanfor byen; og han gjorde seg der ei kåte [lauvhytte] og sette seg under ho, i skuggen, til han kunne sjå korleis det ville gå med byen. 6. Og baud så ADONÁI-Elohím ein oljeplante å vekse opp over Joná for å vera til skygge for hovudet hans, for å skygge for umotet hans; og gledde seg gjorde Yoná over oljeplanten — ei stor glede. 7. Og baud Elohím ein orm i gryotta å stikke oljeplanten, og han visna. 8. Og ved soloppgang baud Elohím ein gloande austavind komma, og stakk ho, sola, hovudet hans Yoná og han vart umotug; og han bad sjela si døy og sa: «Betre er dauden min enn livet mitt!»

9. Og sa så Elohím til Yoná: «Er det rettvist at du er galen for oljeplanten?» Og [Yoná] sa: «Med rette er eg galen til døds!» 10. Og sa ADONÁI: «Du har medkjensle med oljeplanten som du ikkje har strevd med og ikkje oppòle; som på éi natt vart til og på éi natt strauk med; — 11. Og Eg skulle ikkje ha medkjensle med Nínevé — storbyen; som har i seg meir enn tolv myriadar menneske som ikkje veit skilnad på høgre og venstre — og mykje fe òg?

Lenkjer


Tenákh

Torá
(Loven eller
Mosebøkene)

  1. Beresjít (Genesis, 1. mosebok)
    Beresjít (1:1—6:8) · Nóaḥ (6:9—11:32) · Lekh lekhá (12:1—17:27) · Vayyéra (18:1—22:24) · Ḥayyé Sará (23:1—25:18) · Toledót (25:19—28:9) · Vayyeṣé (28:10—32:3) · Vayyisjláḥ (32:4—36:43) · Vayyésjeb (37:1—40:23) · Mikkéṣ (41:1—44:17) · Vayyiggásj (44:18—47:27) · Vayḥí (47:28—50:26)
  2. Sjemót (Exodus, 2. mosebok)
    Sjemót (1:1—6:1) · Vaerá (6:2—9:35) · Bo (10:1—13:16) · Besjalláḥ (13:17—17:16) · Yitró (18:1—20:26) · Misjpatím (21:1—24:18) · Terumá (25:1—27:19) · Teṣavvé (27:20—30:10) · Tissá (30:11—34:35) · Vayyak’hél (35:1—38:20) · Pekudé (38:21—40:38)
  3. Vayyikrá (Leviticus, 3. mosebok)
    Vayyikrá (1:1—5:26) · Ṣáv (6:1—8:36) · Sjeminí (9:1—11:47) · Tazríaʕ (12:1—13:59) · Meṣoráʕ (14:1—15:33) · Aḥaré mót (16:1—18:30) · Kedosjím (19:1—20:27) · Emór (21:1—24:23) · Behár (25:1—26:2) · Beḥukkotái (26:3—27:34)
  4. Bammidbár (Numeri, 4. mosebok)
    Bemidbár (1:1—4:20) · Nasó (4:21—7:89) · Behaʕalotekhá (8:1—12:16) · Sjelaḥ-lekhá (13:1—15:41) · Kóraḥ (16:1—18:32) · Ḥukkàt (19:1—22:1) · Balák (22:2—25:9) · Pineḥás (25:10—30:1) · Mattót (30:2—32:42) · Masʕé (33:1—37:13)
  5. Debarím (Deuteronomium, 5. mosebok)
    Debarím (1:1—3:22) · Váet’ḥannán (3:23—7:11) · ʕÉkeb (7:12—11:25) · Reé (11:26—16:17) · Sjofetím (16:18—21:9) · Teṣé (21:10—25:19) · Tabó (26:1—29:8) · Niṣṣabím (29:9—30:20) · Vayyélekh (31:1—31:30) · Haazínu (32:1—32:52) · Vezót habberakhá (33:1—34:12)

Nebiím
(Profetane)

Ketubím
(Skriftene)

(sjå òg Dei apokryfe skriftene)