Sjomerím

Sjomerím eller samaritanarar er eit israelittisk folk som er nært i slekt med jødane. Dei praktiserer samaritansk religion og held Toráen i den samaritanske utgåva for å vera den heilage skrifta. Samaritanarane hevdar sjølv at dei stammar frå sjebet Efrájim (Efrájims stamme) og sjebet Menasjé (Menasjés stamme). Det finst i dag under 1 000 samaritanarar att, fordelt på to hovudbusettingar — Ḥolón ved Tel-Aviv i Israel og Sjekhém (Nāblūs) ved Har Gerizím på Dei palestinske sjølvstyresmaktene sitt område i Judea.
Religion
Samaritansk religion er ein israelittisk religion, nært i slekt med jødedommen. Samaritansk religion godtek ikkje den jødiske Tenákh, og berre den samaritanske utgåva av sjølve Toráen blir sett som kanonisk. Sentralt i samaritansk religion står fjellet Gerizím, der blant anna påskeofferet enda finn stad kvar pesaḥ.
Lenkjer
- The-Samaritans.com (Israel)
- Adele Reinhartz: «The Samaritans: then and now»