Samanlikning mellom ḥanukká og jul

Frå Esnoga.no

Når vi samanliknar ḥanukká og jul ser vi at både ḥanukká og jul er lyshøgtider som blir feira på den mørkaste tida av året på den nordlege halvkula. Ein feirar begge høgtidene blant anna med å tenne levande lys, eta mektig mat (særleg søt mat, feit mat og mjølkmat), gje kvarandre gåver og synge musikk som handlar om høgtida. Men det finst ein del markante ulikheiter òg.

Ulikt

Tidspunkt

Jula fell på faste datoar etter solkalenderen (den gregorianske, eller somme plassar den julianske). Juledagen fell dermed alltid på den 25. desember. Ein del plassar, inkludert i Skandinavia, begynner feiringa kvelden føre — på julekvelden. Jula varer tradisjonelt i enten tolv eller tjue dagar, men den første dagen eller dei to første dagane blir rekna som heilagast.

 

Ḥanukká fell kring nymåne i desember, og tidspunktet kan variere med kring fire veker etter solkalenderen. Første dagen av ḥanukká fell på den 25. kislév — som kan vera så tidleg som slutten av november og så seint som slutten av desember etter solkalenderen. Ḥanukká varer alltid i åtte dagar, og alle dagane har same status.

Bodskap

Skandinavisk jul er ei synkretistisk høgtid med vintersolkverv som utgangspunkt og somme praktiske element frå norrøn religion. Etter kring 1000 år under kristendommen er det i dag hovudsakleg kristmessa som blir oppfatta som kjerna i julbodskapen, og dei fleste vil no omsette det skandinaviske ordet jul med engelsk Christmas. Det som dermed blir oppfatta som hovudbodskapen er forteljinga om Jesu fødsel.

 

Ḥanukká har òg markante element frå vintersolkverv. Det som blir oppfatta som hovudbodskapen for ḥanukká i dag er likevel forteljinga om frigjeringsopprøret mot religiøs undertrykking og attinnviinga av Tempelet i Jerusalem i år 165 fvt. Det blir særleg lagt vekt på lysunderet kring tenninga av ner tamíd (det evige lyset) i Tempelet.

Symbolikk

Typiske julesymbol inkluderer adventskalender, adventsstjerner, adventslys, adventskransar, kyrkjer, kyrkjeklokker, halmbukkar, misteltein, beinved («kristtorn»), juletre, roser, englar, julenissar (gjerne med hest, reinsdyr eller graut) og griser.

Typiske fargar i samband med julefeiringa er lilla i adventstida og raudt, grønt og gull i sjølve jula.

 

Typiske ḥanukkásymbol inkluderer ḥanukkiyas (lysestakar med 8+1 lys), oljetre, oljelamper og davidsstjerner. (Og særleg i asjkenaziske samanhengar: dreidlech.)

Typiske fargar som blir bruka i moderne, kommersialisert ḥanukkáfeiring er blått, sølv og kvitt.

Mat

Typisk skandinavisk julemat inkluderer svineribbe, syltelabbar, svinesteik og andre retter av gris — noko som truleg heng ihop med grisen si rolle som fruktbarheitssymbol i åsatrua. Langs kysten er det likevel vel så vanleg med retter av fårekjøtt (som pinnekjøtt og lammerull) eller fisk (særleg torsk og kveite). Graut i ei eller anna form blir bruka over store deler av Skandinavia — særlig i form av risgraut. Ymse slag julekaker inntek ei sentral rolle òg, og det er vanleg å baka minst sju ulike slag.

 

Typisk ḥanukkámat inkluderer frityrbakst (inkludert bimuelos, borekas, keftes de prasa og latkes) så vel som mjølkemat (inkludert semulepudding).

Svinekjøtt blir sjølvsagt aldri bruka etter dei jødiske kosthaldsreglane. I Makkabearbøkene hører vi i tillegg om korleis det jødiske Tempelet i Jerusalem blant anna vart skjenda av den hellensk-syriske okkupasjonsmakta ved at dei ofra griser på altaret der.

Dialog og sameksistens

I familiar og tette nabolag der somme feirar jul og andre ḥanukká, treng ein å finne fram til måtar å støtte og respektere kvarandre på. Dette er somme måtar å få til dette på:

Gåvegjeving

Gåver til den som feirar jul bør vera klare til julekvelden (24. september), uansett kva tid ḥanukká fell på. Gåver til den som feirar ḥanukká treng ikkje å vera klare til første kvelden av ḥanukká — men hugs i alle fall at ḥanukká kan begynna så tidleg som i slutten av november i somme år.

Unngå julenissar, jultre, griser, kyrkjer, kors, julekrybber, jesusbarn og andre eintydig kristne referansar både for innhald og innpakking i samband med gåver til dei som feirar ḥanukká. Gåver til dei som feirar jul er mindre komplisert ettersom jødedommen i all hovudsak ikkje er nokon misjonerande religion og ettersom svært mange av dei jødiske symbola blir oppfatta som kristne òg av mange kristne. Generelt kan det vanskeleg gå gale om ein gjev gåver mottakaren faktisk er interessert i og så lenge ein held seg til relativt religionsnøytral innpakking. Relativt trygge motiv i seg sjølv kan inkludere småfuglar og kornband, snø, vinterlandskap, ski- og kjelkescener (utan nissar til dei som feirar ḥanukká!) o.a.