Roskas
Frå Esnoga.no
Roskas, òg skrive roscas, er tradisjonelle anisbollar i osmansk-sefardisk tradisjon. Deigen er ein søt gjærdeig med egg og tilsett anis. Etter første heving delar du deigen i fire emne per kopp mjøl i deigen. Rull ut kvart emne til ei pølse som du snurrar til ein spiral. Legg tolv roskas per brett på ei bakeplate med bakepapir påstrødd litt semulegryn. Etter heving penslar du dei med egg og strør på sesamfrø. Etterhevast og bakast i varmluftsomn ved ca. 175 °C i 12–15 min. til dei er lyst gyllenbrune. Etast varme eller kalde; for seg sjølv eller med f.eks. fetaost og oliven.