Rezabok

Frå Esnoga.no
Det finst ein lettare artikkel om dette — sjå «Kva er ein siddúr».
«Rezabok» i ordlista
ei rezabok, rezaboka; fleire rezabøker, alle rezabøkene
Ymse rezabøker.
Foto:Olve Utne

Ei rezabok (frå spansk/portugisisk/galego/arag. rezar, ‘be’), ein seder tefillót eller ein siddúr (hebr. סִדּוּר [sid'dūr] el. סִידּוּר); pl. siddurím) er ei jødisk bønebok. Ei rezabok inneheld typisk sett bøner for kvardagar og sjabbát, men kan òg innehalde ritual for overgangsritual og/eller dei tre valfartsfestane pesaḥ (páscua de las cenceñas, jødisk påske), sjabungót (páscua de las semanas, vekefesten, jødisk pinse) og sukkót (páscua de las cabañas, lauvhyttefesten).

Ei rezabok som inneheld dei faste bønene for alle dagane i året eller spesifikt for dei høge helgedagane (rosj hasjaná og kippúr) blir gjerne kalla ein maḥzór.

Rezabok opna til ʕamidáen for morgongudstenesta for kvardagar. Under den gudstenesta brukar den som les tefillín (bønereimer).
Foto: Shirley Q.

Ulike etniske retningar av jødedommen, som sefardisk jødedom og asjkenazisk jødedom, har noko ulik utforming av rezabøkene sine.