Purím
|
Purím (hebr. פורים [pū'rīm]) er festen som blir feira på 14. adár (i skottår: veadár) til minne om da dronning Estér og onkelen hennar, Mordekhái, fikk berga det jødiske samfunnet i Persia frå undergangen gjennom å avsløre Hamán sine vonde planer for kong Aḥasjverósj.
Frå soloppgang til solnedgang på 13. adár er det taʕanít Estér (Esters faste); og frå solnedgang ved inngangen til 14. adár til solnedgang ved inngangen til 15. adár er det purím.
På purím les vi megillàt Estér (Esters bok) to gonger — på aftanen og på dagen; vi gjev hjelp til fattige; vi gjev minst éin jødisk ven misjlóaḥ manót — ei matgåve som inneheld minst to ingrediensar og er ferdig til å eta; og vi har eit festmåltid der vi et ekstra god mat — og det er tradisjonelt å drikke meir alkohol enn vi er vant med. Det er òg vanleg å arrangere skodespel eller «karneval».
Vi kan gjera nødvendig arbeid på purím, men det er rekna som betre å ta seg fri om ein kan.
I jødiske skottår, da det er to adár-månader, adár og veadár, blir purím feira i veadár i rabbinsk jødedom og i adár i karaittisk jødedom.
Sjå òg
- Megillàt Estér (Esters bok)
Lenkjer
Megillàt Estér
- Hebraisk frå Mechon Mamre
Hør Megillàt Estér
- Megillàt Estér lesen etter portugisarjødisk tradisjon på purím 5781 (2021) i Esnogaen i Amsterdam. (Kjelde: https://chazzanut-esnoga.org/small_festivals/Small_festivals.htm )
- Megillàt Estér lesen med marokkanske tengamím av David Kadoch.
- Megillàt Estér lesen med egyptiske tengamím i 2013 av ḥakhám Alouf ved Ahaba ve Ahva i New York.