Puntero

Frå Esnoga.no
Sefer og puntero i Spurlock Museum.
Foto:«Rama»

Ein puntero (sp./jød.sp., ‘pekar, pekestokk’; pl. punteros), òg skrive ponteiro (pt.; pl. ponteiros), eller ein yad (pl. yadím; frå hebr. יד, ‘hand’) er ein pekestokk som tradisjonelt blir bruka til å følgje teksten med når ein les frå Toráen. Punteroen blir bruka for å unngå å røre sjølve pergamentet i seferen, ettersom det ikkje absorberer blekk, slik at bokstavane lett blir øydelagt ved fingerkontakt. Punteroen kan vera laga av sølv (vanlegast), tinn, tre eller andre materialar og er oftast forma som ei meir eller mindre realistisk hand (arm) med ein pekande pekefinger.


Jødiske symbol

ner tamíd (Evig lys) · Hekhál (Arón kódesj, Toráskåp) · Torá (Mosebøkene) · vestido (mengíl, mantel) · rimmoním · puntero (jad) · tebá (bimá, almemmár) · tallét (taled, tallit, bønesjal) · tefillín (bønereimer) · kippá (kalott) · mezuzá (dørkarm) ·