Portugiesische Kuchen
Frå Esnoga.no
Portugiesische Kuchen var ein tradisjonell småkaketype blant portugisarjødar i Hamburg. Det er eit av bakverka som går under namnet jødekaker i Skandinavia.
Dr. Max Grunwald omtala portugisiske småkaker som vart bruka ved høgtider av dei lokale portugisarjødane slik:[1]
Eine Spezialität für Feiertage waren ferner die sogenannten portugiesischen Kuchen, ganz dünne, kleine, glatte, sehr butterige mürbe Kuchen, mit Nelkenpfeffer gewürzt. |
Oppskrift etter Anna B. Gimnes
2 egg 2,8 dl sukker 9 dl mjøl 1 ts hjortsalt [hjortetakk, hjortetakksalt] 350 g smør 1 eggekvite — perlesukker — mandlar, finhakka
Visp egg og sukker 1 kvarter, bland hjortsaltet i mjølet. Ha i mjøl og smør litt om gongen. Bak tynt ut, tak ut med glass, smør over med eggekvite. Strø støytt raffinade og finhakka mandlar på. Steikjast lysbrune. [180 grader, ca. 8 min.]
Fotnotar
- ↑ Mal:Grunwald 1929 s. 48.