Ordet ḥanukká
|
Uttale
Første lyden er ein harkelyd på lag som i tysk Bach (ikkje «sj» eller «tsj»!) eller som ein litt kraftig h-lyd. U-en blir uttala «o», som i norsk piano. Trykket ligg på siste stavinga i klassisk hebraisk: ḥano-KA.
På tradisjonell asjkenazisk hebraisk blir endingsvokalen -A til ein å-lyd (i nord, f.eks. Litauen) eller o-lyd (i sør, f.eks. i Polen eller Ukraina); U-en blir uttala som ein o-lyd i nord (f.eks. Litauen), som ein ü- eller y-lyd i sørvest (f.eks. Galicia), og som ein i-lyd i sentrale og søraustlige område (f.eks. det sentrale Polen, Romania og Ukraina): ḥano-KÅ, ḥanü-KO, ḥani-KO.
I jiddisch legg ein trykket på første stavinga (CHANN-okke, CHANN-ekke eller CHANN-ikke), og detta er det vanlege blant asjkenazím. Endinga er alltid -e i jiddisch, og u-en blir uttala som norsk O (i litauisk jiddisch), I eller E (polsk jiddisch).
På engelsk, særlig i USA, brukar ein gjerne ei jiddisch-israelsk hybridform, med trykket på første stavinga, men med -U- og -A som i engelsk -oo- og -ah — ofte med vanleg h først i ordet (HAHNN-ookah).
Altså:
- ḥano-KA: sefardisk, mizrahhi; moderne israelsk hebraisk.
- ḥano-KÅ: tradisjonell nordleg asjkenazisk hebraisk.
- ḥanü-KO eller ḥani-KO: tradisjonell sørleg asjkenazisk hebraisk.
- ḤANN-okke: litauisk jiddisch.
- ḤANN-ekke eller HANN-ikke: polsk jiddisch.
- ḤAHN-ookah eller HAHN-ookah: engelsk - særlig i Amerika.
(Men aldri som «sjannuka» eller «tsjannuka»!!!)
Skrivemåtar
Det er ikkje mange ord som har så mange mulige (og omulige) skrivemåtar som ḥanukká:
Hhanukká, chanike (jiddisch), Channukah, chanoeka (nederlandsk), chanoekah (nl.), chanoeke (nl.), chanukka, chanukká, hanike, ’hanouca (fransk), hanouca (fr.), hanoucah (fr.), ’hanoucca (fr.), hanoucca (fr.), hannuka, hannukah, hanukah, hanukkah, hhanuca, hhanuca, hhanucá, hhanucah, januca (spansk), janucá (spansk), khaneke, khanike, khanneke (jid.), khannike (jid.), khanouca (fr.), khanoucca (fr.), khanouccah (fr.), khannuke, khanuka, xanuka, xanuká, xanukka, xanukká — berre for å nemne nokre...
Etymologi (ordopphav)
Ordet ḥanukká er hebraisk og tyder ‘innviing/opning (av eit lokale)’ eller ‘tileigning’. Når ein flyttar inn i ein ny bustad, blir seremonien ein held innan éin månad etter innflytting, med bl.a. oppsetting av mezuzót på dørkarmane, kalla (tefillàt) ḥanukkàt habbàyit. Bruken av termen ḥanukká for den jødiske lysfesten viser til kva som er kjerna i denna høgtida: Minnet om gjenopninga av Tempelet i Jerusalem etter at makkabearane greidde å drive ut grekarane derifrå.
Ordet heng samen med verbet ḥanákh, som tyder ‘å innvie’, ‘å halde ein opningsseremoni’.
Av ordet ḥanukká er utleidd ordet ḥanukkiyya, som er namnet for den spesielle lysestaken med 8+1 armar som blir bruka under ḥanukká. På jiddisch brukar ein oftast termen channike-lomp (‘ḥanukká-lampe’). I amerikansk engelsk seier ein elles gjerne menorah (menorá) i staden. Ein kan òg bruke ordet ḥanukká om ḥanukkiyyaen.