Ordet «purím»
Frå Esnoga.no
|
Ordet purím er fleirtalsforma av pur (hebraisk פּוּר), som tyder ‘terning’.
Uttale
Sefardisk uttale har lukka o-lyd og trykket på i: porím. Asjkenazím uttalar ofte ordet som i jiddisch, med trykk på u-en: pórim eller pórem. (Nokre asjkenazím har ein y- eller i-lyd i staden for u-en: pírem.)
Skrivemåte
Ordet purím (hebraisk פורים) kan skrivast på mange måtar — her er nokre av dei:
- Engelsk: Purim, Pureem, Pooreem, poorim
- Nederlandsk: poeriem, poerim, poerem
- Fransk: pourim, pourime
- Jiddisch: פורים, purem, pyrem, pürem, pirim, pirem
- Andre språk: purim (mange språk, inkl. spansk og portugisisk), purím, púrím (islandsk, tsjekkisk), purym (polsk).