Open-ortodoks jødedom
Frå Esnoga.no
Open-ortodoks jødedom er ei jødisk rørsle med utgangspunkt i moderne-ortodoks jødedom men med vekt på ei meir dynamisk forståing av halakhá og meir omfattande inklusjon av kvinner enn det . Omgrepet «open orthodox» vart først bruka av r. Avi Weiss i 1997. I 1999 etablerte han Yeshivat Chovevei Torah, eit rabbinsk seminar for menn; og i 2009 Yeshivat Maharat, eit rabbinsk seminar for kvinner. Rørsla vart i 2007 organisert i International Rabbinic Fellowship for Open Orthodox rabbis.