Ngereb

Frå Esnoga.no

Ngereb (hebr. עֶֽרֶב [ˤereb]) er hebraisk for ‘kveld’ eller ‘aftan’. I samband med samensetningar som ngereb sjabbát, ngereb pesaḥ og liknande viser det dels til den første delen av høgtida, som begynner ved solnergang, og dels til heile dagen føre sjølve høgtidsdagen. Ein parallell til dette er -kvelden eller -aftanen i skandinavisk kristen kultur, der julekvelden dels viser til den delen av juldagen (25. desember) som fell føre midnatt — typisk sétt frå kl. 6 om kvelden den 24. desember, og dels til heile dagen den 24. desember.

I jødedommen fell den første dagen av pesaḥ på den 15. nisán. Den eigentlege ngereb pesaḥ begynner dermed ved solnedgang ved utgangen av 14. nisán, men heile dagen frå morgonen av blir òg kalla ngereb pesaḥ. Tilsvarande blir heile fredagen frå morgonen av ofte referert til som ngereb sjabbát.