ʕAmidá
Frå Esnoga.no
(Omdirigert frå Ngamidá)
ʕAmidá (hebr. עֲמִידָה [ʕămīdā]), òg kalla sjemoné ʕesré (hebraisk שְׁמונֶה עֶשְׂרֶה [šəmōne ʿesre], ‘atten’), særleg blant asjkenazím, er den ståande, stille bøna som danar høgdepunktet i minḥá (ettermiddagsgudstenesta) og musáf (tilleggsgudstenesta etter morgongudstenesta på sjabbát, rosj ḥódesj (nymåne) og høgtidsdagar); og eitt av høgdepunkta i sjaḥarít (morgongudstenesta) og ʕarbít (kveldsgudstenesta).