Mufletas
Frå Esnoga.no
Mufletas (pl.) (מופליטאש) er flate brød av gjærdeig — tilsvarande norske flatkaker eller klappakaker — som blir baka og etne ferske på den marokkansk-jødiske festen mimúna. Mimúna blir feira i døgnet rett etter at pesaḥ er over.
Oppskrift
- Lag ein vanleg gjærdeig av ca 9,5 dl kveitemjøl (gjerne sammale), 3¼ dl vatn, 15–20 g gjær, 1 ts honing eller sukker og evt. litt salt. Lat deigen heve seg på ein lun stad i kring 1½ time.
- Del deigen i kring 40 deler og kna kvar del til ein bolle.
- Plassér kvar bolle på ei smurt overflate og trykk/kjevle emnet til ei flat, rund kake.
- Varm opp ei usmurt takke eller bakstehelle.
- Steik flatkakene og snu dei når dei er halvsteikt. Dei er ferdige når dei er gjenomsteikt og fint gylne på begge sidene.
- Legg dei ferdige mufletas på ei rist og dekk over dei med ein kopphandduk (kopphandklede).
- Servér med smør og honning eller syltetøy.
Kjelder
Marks, Gil: The world of Jewish desserts. New York : Simon & Schuster, 2000. ISBN 0684870037.