Moses Ruben Henriques
Frå Esnoga.no
Moses Ruben Henriques (f. 21. august 1757 i København, d. 6. juni 1823 i København), òg kjent som M.R. Henriques og Mausche Ber, var ein portugisarjødisk kjøpmann frå København i Danmark som budde i Marstrand utanfor Göteborg frå 1787 til 1796, da han flytta tilbake til København att. M.R. Henriques dreiv som Silke- & Klædekræmmer / siden och tyghandlare gjennom forretninga M.R. Henriques & Søn, og han var òg forstandar for Den portugisiske Nakskauer Menighed i fleire år.
Moses Ruben Henriques vart fødd i København onsdag den 21. august 1757 av Milka Delbanco og Ruben Moses Nathan. Han gifta seg fredag den 13. august 1784 med Rachael Henriques (1766–1828).