Mordecai Kaplan

Frå Esnoga.no
Mordecai M. Kaplan.

Mordecai Kaplan (18811983), var ein asjkenazisk rabbinar og filosof og grunnleggaren av den rekonstruksjonistiske jødedommen.

Mordechai Menahem Kaplan vart fødd den 11. juni 1881 i Litauen og ordinert som rabbinar ved Jewish Theological Seminary of America (JTS) i 1902. JTS var alt da tilknytt konservativ jødedom, men det var enklare da enn no for rabbinarar å flytte mellom de ulike retningane av jødedommen. Såleis begynte Kaplan karrieren sin som ortodoks rabbinar i synagogen Kehillath Jeshrun i byen New York. Kring denne tida hjelpte han òg rabbinar Israel Friedlander med å sette i gang den moderne ortodokse rørsla Young Israel. På grunn av den sterke utviklinga han kom til å gå gjennom i synet sitt på jødisk teologi, vart Kaplan seinare fordømt som heretikar av Young Israel og den øvrige ortodokse jødedommen, og namnet hans blir ikkje lenger nemnt i offisielle publikasjonar frå Young Israel som ein av grunnleggarane av rørsla.

I 1909 vart Kaplan tilsett ved JTS, der han øvde den største innflytelsen sin gjennom undervisning av konservative studentar i eit halvt århundre. Den sentrale idéen hans om at jødedommen er å forstå som ein religiøs sivilisasjon vart akseptert innanfor den konservative rørsla, men den naturvitskaplege gudstolkinga hans fikk ikkje like stor aksept. Gudssynet hans og avvisinga av jødane som eit utvelt folk førte til at han vart bannlyst av dei ortodokse. I 1968 let han seg overtala av følgjarane sine til å formelt forlate den konservative jødedommen og å etablere Reconstructionist Rabbinical College (RRC), der filosofien hans, rekonstruksjonistisk jødedom, ville bli fremma som ei sjølvstendig religiøs retning innan jødedommen. Mordecai Kaplan døydde den 8. november 1983.

Kaplan sin teologi

Kaplans teologi hevda at i lys av framgangen i filosofi, vitskap og historie ville det vera umuleg for moderne jødar å fortsette å halde på mange av dei tradisjonelle teologiske standpunkta. Kaplan sin naturalistiske teologi har vorte sett som ein variant av filosofien til den amerikanske filosofen John Dewey. Dewey sin naturalisme kombinerte ateistisk tru med religiøs terminologi for slik å konstruere ein religiøst sett tilfredsstillande filosofi for dei som hadde mista trua på tradisjonell religion. Kaplan var òg påverka av Emil Dürkheim sitt argument at opplevelsen vår av det heilage er ein funksjon av sosial solidaritet.

I samsvar med klassiske jødiske tenkjarar i mellomalderen, slik som i første rekkje Maimonides, stadfesta Kaplan at Gud ikkje er personleg og at alle antropomorfiske skildringar av Gud i beste fall kan sjåast på som halvgode metaforar. Men Kaplan gikk òg lengre enn det med påstanden at Gud er summen av alle naturlege prosessar som gjer det muleg for menneskja å fylle potensialet sitt. Kaplan skreiv at “å tru på Gud tyder å ta for gitt at det er lagnaden til menneskja å stige opp over råskapen og å rydde ut alle former av vald og utbytting frå det menneskelege samfunnet.”

Det er verdt å merke seg at ikkje alle Kaplans skrifter var konsistente om desse spørsmåla; synet hans endra seg noko i løpet av åra, og ved finlesing av materialet står to ulike teologiar fram. Det synet som populært sett oftast blir rekna for karakteristisk for Kaplan er ein streng naturalisme à la Dewey — eit syn som har vorte kritisert som (mis)bruk av religiøs terminologi som maskering av eit ikkje-teistisk (eller til og med ateistisk) standpunkt. Men ei anna utgåve av kaplansk teologi utkrystalliserer seg òg — ein teologi som gjer det klårt at Kaplan til tider meinte at Gud har ontologisk eksistens — ein verkeleg og absolutt eksistens uavhengig av menneskeleg tru. I den sistnemnte teologien avviser Kaplan framleis dei klassiske formene av teisme og all tru på mirakel, men held seg til ei tru som på somme vis er nyplatonsk.

Kjelder

  • Rebecca T. Alpert & Jacob J. Staub: Exploring Judaism: A Reconstructionist Approach, The Reconstructionist Press, 1988
  • Mordecai Kaplan: Judaism As a Civilization, The Jewish Publications Society, 1994
  • Mordecai Kaplan: The Meaning of God in Modern Jewish Religion, 1962

Lenkjer


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Mordecai Kaplan from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.