Miriam Mendes Belisario
Miriam Mendes Belisario (מרים מנדס בליסאריו, f. 30. november 1816 i London; d. 1885), òg kjent under pseudonymet Little Miriam, var ein portugisarjødisk forfattar og lærar.
Familie
Farfaren til Miriam Mendes Belisario var Isaac Mendes Belisario, som var rubí ved menigheitsskulen for Bevis Marks-esnogaen. Han hadde blant anna borna Jacob og Abraham:
Foreldra til Miriam Mendes Belisario var Judith (Julia, Jeditya) Mendes da Costa (1791–1866) og Jacob Mendes Belisario (1771–1850). Dei gifta seg i 1815 og fikk fire barn:
- Miriam Mendes Belisario, f. 30. november 1816 i London
- John (Jacob) Belisario (f. 1820)
- Henry (Oriel) Belisario (f. 1825)
- Alexander (Elisha) Belisario (f. 1829).
Broren til faren hennar, Abraham Mendes Belisario, var gift med Esther Lindo (1773–1824) frå Jamaica. Dei fikk desse borna:
- Isaac Mendes Belisario (1795–1849), bildekunstnar.
- Rose Mendez Belisario (ca.1796–1883)
- Emilia Mendes Belisario (f. 1800)
- Caroline Mendes Belisario (ca.1805–1878)
- Samuel Mendes Belisario (f. 1810)
- Lydia Belisario
Esther Mendes Belisario etablerte ein skule for jødiske jenter i Hackney i 1807, og Miriam og søskenbarna Rose og Caroline dreiv denne skulen ein del år seinare.
Bibliografi
- 1856 - Sabbath Evenings at Home : or, Familiar Conversations on the Jewish Religion, Its Spirit and Observances.