Mezuzá

Frå Esnoga.no
Mezuzá ved jarnbanestasjonen i Jaffa.
Mattes (2011)

Mezuzá (hebr. מְזוּזָה tyder eigentleg ‘dørkarm’. Mezuzáen har to deler: 1: ein keláf (pergament) med to handskrivne sitat frå 5. mosebok, og 2: ein liten avlang boks eller sylinder som vanlegvis er laga av metall, glass eller tre. Utanpå boksen står gjerne enten ש (sjin) eller שדיSjaddái — eitt av namna som blir brukt for å vise til Gud i jødedommen. Det er ein miṣvá frå Torá å ha mezuzót ved dørene og portane til jødiske heimar.

Kvar skal vi ha mezuzót?

Etter halakhá skal alle rom som er minst 4×4 ammót (ca. 2×2 m), blir brukt til permanent bustad og ikkje blir brukt til avtrede eller lagring av avfall, ha ein mezuzá ved kvar dør som går inn til rommet. Mange har òg ein mezuzá på arbeidsstaden sin. Når det gjeld døra inn til hovudrommet i esnogaen, finst det ulike syn: Portugisarjødar følgjer i hovudsak Mosjé ben Maimón (Maimonides, haRambam) i dette spørsmålet: Maimonides sa at ein ikkje skal ha ein mezuzá her. Ein del andre, f.eks. marokkanske sefardím, bruker å ha ein mezuzá ved døra til synagogerommet.

Kva gjer vi føre vi sett opp mezuzót?

Rett føre vi sett opp ein mezuzá for oss sjølve eller for vårt eige hushald, seier vi denne berakháen:

בָּרוּךְ אַתָּה יי אֱלהֵינוּ מֶלֶךְ הָעוֹלָם אֲשֶׁר קִדְּשָׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו וְצִוָּנוּ לִקְבּֽוֹעַ מְזוּזָה׃

Barúkh attá ADONÁI, Elohénu, mélekh haʕolám, asjér kiddesjánu bemiṣvotáv, veṣivvánu likbóaʕ mezuzá.

Velsigna er Du, ADONÁI, vår Elohím, regent over universet, som helga oss med boda Dine og baud oss å feste mezuzáen.

Om vi sett opp mezuzáen for andre, seier vi denne berakháen i staden:

בָּרוּךְ אַתָּה יי אֱלהֵינוּ מֶלֶךְ הָעוֹלָם אֲשֶׁר קִדְּשָׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו וְצִוָּנוּ עַל קְבִיעַת מְזוּזָה׃

Barúkh attá ADONÁI, Elohénu, mélekh haʕolám, asjér kiddesjánu bemiṣvotáv, veṣivvánu ʕal kebiʕàt mezuzá.

Velsigna er Du, ADONÁI, vår Elohím, regent over universet, som helga oss med boda Dine og baud oss om festing av mezuzáen.

Rett etter at berakháen er sagt (og dei som eventuelt er til stades har sagt «Amén!»), sett vi opp mezuzáen. Om vi skal sette opp fleire mezuzót i same økta, seier vi berakháen berre føre den første mezuzáen.

Korleis festar vi mezuzáen?

Mezuzáen skal settast opp på den dørkarmen som er til høgre når ein går inn. Mezuzáen skal settast lengst ned i den øvste tredjedelen av dørkarmen. Mezuzáen kan settast inn i ei spesiallaga, ikkje for djup fordjupning i dørkarmen, han kan spikrast fast eller skruast fast. Du kan òg bruke lim eller sterk dobbeltsidig tape, men merk at om limet er for sterkt, så kan det vera vanskeleg å ta ned mezuzáen for kontroll.

Loddrett

Som hovudregel festar sefardím (inkl. osmanske sefardím, mange portugisarjødar og ein del andre sefardím og mizraḥím) mezuzáen loddrett (rett opp og ned), i tråd med Rasji og som det òg står i Sjulḥán ʕarúkh, Yoré deʕá 289:6: צריכה להיות זקופה ארכה לאורך מזוזת הפתח ויכוין שיהא שמע דהיינוסוף הגלילה לצד חוץ:.[1] Merk at på asjkenazisk side blir denne skikken òg forsvart som underliggjande premiss av GR"A (ר' אליהו בן שלמה זלמן).[2]

Skrå?

Dei aller fleste asjkenazím følgjer Tur og Morám, som seier at ein festar mezuzáen på skrå med toppen inn mot rommet som eit kompromiss mellom loddrett (Rasji) og vassrett (rabbénu Tam).

Denne skikken, men da ofte med mykje mindre skråstilling enn hos asjkenazím, blir òg følgt av ein del sefardím og mizraḥím — først og fremst syriske og marokkanske jødar samt ein del portugisarjødar i hovudsakleg asjkenaziske område.

Kva står på pergamentet?

Sefardisk keláf (pergament).
Mezuzah Scrolls (2012)

Inni mezuzáen skal det vera ein liten handskriven pergamentrull med tekst frå 5. mosebok (kap. 6, v. 4-9; kap. 11, v. 13-21). Desse to tekstane utgjer saman med 4. mosebok kap. 15, v. 37-41 eitt av de mest sentrale elementa i jødedommen. De går under namnet Sjemàʕ Jisraél (etter dei to første orda), eller berre sjemàʕ, og dei utgjer kjernen i det jødiske bøneritualet.

Grunnen til at ein har denne teksten på dørkarmen finn vi i teksten sjølv, der det står: וכתבתם על מזזות ביתך ובשעריך (Ukhtabtám ʕal mezuzót betékha ubisjʕarékha = 'og skriv dei [= desse orda] på dørkarmane i huset ditt og på portane dine').

På baksida av pergamentrullen blir שדי skrive, slik att dette visest når pergamentet er ihoprulla.

Hebraisk tekst

Dette er teksten som står skriven på pergamentet i mezuzáen; her med tillegg av nikkúd (vokalteikn) og teʕamím (kantillasjonsteikn):

שְׁמַ֖‌ע יִשְׂרָאֵ֑ﬥ יי֥ אֱלֹהֵ֖ינוּ יי֥ ׀ אֶחָֽﬢ׃ וְאָ֣הַבְתָּ֔ אֵ֖ת יי֣ אֱלֹהֶ֑יךָ בְּכָל־לְבָֽבְךָ֥ וּבְכָל־נַפְשְׁךָ֖‌ וּבְכָל־מְאֹדֶֽךָ׃ וְהָי֞וּ הַדְּבָרִ֣יﬦ הָאֵ֗לֶּﬣ אֲשֶׁ֨ﬧ אָֽנֹכִ֧י מְצַוְּךָ֛ הַיּ֖וֹﬦ עַל־לְבָבֶֽךָ׃ וְשִׁנַּנְתָּ֣ﬦ לְבָנֶ֔יךָ וְדִבַּרְתָּ֖ בָּ֑ם בְּשִׁבְתְּךָ֤ בְּבֵיתֶ֨ךָ֙‌ וּבְלֶכְתְּךָ֣ בַּדֶּ֔רֶךְ וּבְשָׁכְבְּךָ֖ וּבְקוּמֶֽךָ׃ וּקְשַׁרְתָּ֥ם לְא֖וֹﬨ עַﬥ־יָדֶ֑ךָ וְהָי֥וּ לְטֹֽטָפֹ֖ﬨ בֵּ֥ין עֵינֶֽיךָ׃ וּכְתַבְתָּ֛ﬦ עַל־מְזֻז֥וֹﬨ בֵּיתֶ֖ךָ וּבִשְׁעָרֶֽיךָ׃

וְהָיָ֗ה אִם־שָׁמֹ֤עַ תִּשְׁמְעוּ֙ אֶל־מִצְוֹתַ֔י אֲשֶׁ֧ר אָֽנֹכִ֛י מְצַוֶּ֥ה אֶתְכֶ֖ם הַיּ֑וֹם לְאַֽהֲבָ֞ה אֶת־יי֤ אֱלֹֽהֵיכֶם֙‌ וּלְעָבְד֔וֹ בְּכָל־לְבַבְכֶ֖ם וּבְכָל־נַפְשְׁכֶֽם׃ וְנָֽתַתִּ֧י מְטַֽר־אַרְצְכֶ֛ם בְּעִתּ֖וֹ יוֹרֶ֣ה וּמַלְק֑וֹשׁ וְאָֽסַפְתָּ֣ דְגָנֶ֔ךָ וְתִירֽשְׁךָ֖ וְיִצְהָרֶֽךָ׃ וְנָֽתַתִּ֛י עֵ֥שֶׂב בְּשָֽׂדְךָ֖ לִבְהֶמְתֶּ֑ךָ וְאָֽכַלְתָּ֖ וְשָׂבָֽעְתָּ׃ הִשָֽׁמְר֣וּ לָכֶ֔ם פֶּן־־יִפְתֶּ֖ה לְבַבְכֶ֑ם וְסַרְתֶּ֗ם וַֽעֲבַדְתֶּם֙ אֱלֹהִ֣ים אֲחֵרִ֔ים וְהִשְׁתַּֽחֲוִיתֶ֖ם לָהֶֽם׃ וְהָרָ֨ה אַף־יי֜ בָּכֶ֗ﬦ וְעָצַ֤ר אֶת־הַשָּׁמַ֨יִם֙ וְלֹא־יִֽהְיֶ֣ﬣ מָטָ֔ﬧ וְהָ֣אֲדָמָ֔ﬣ לֹ֥א תִתֵּ֖ן אֶת־יְבוּלָ֑הּ וַֽאֲבַדְתֶּ֣ﬦ מְהֵרָ֗ה מֵעַל֨ הָאָ֣רֶץ הַטֹּבָ֔ﬣ אֲשֶׁ֥ר יי֖ נֹתֵ֥ן לָכֶֽﬦ׃ וְשַׂמְתֶּם֙ אֶת־דְּבָרַ֣י אֵ֔לֶּﬣ עַל־לְבַבְכֶ֖ﬦ וְעַל־נַפְשְׁכֶ֑ﬦ וּקְשַׁרְתֶּ֨ﬦ אֹתָ֤ﬦ לְאוֹת֙ עַל־יֶדְכֶ֔ﬦ וְהָי֥וּ לְטֽוֹטָפֹ֖ﬨ בֵּ֥ין עֵֽינֵיכֶֽﬦ׃ וְלִמַּדְתֶּ֥ﬦ אֹתָ֛ﬦ אֶת־בְּנֵיכֶ֖ﬦ לְדַבֵּ֣ﬧ בָּ֑ﬦ בְּשִׁבְתְּךָ֤ בְּבֵיתֶ֨ךָ֙‌ וּבְלֶכְתְּךָ֣ בַדֶּ֔רֶךְ וּבְשָׁכְבְּךָ֖ וּבְקוּמֶֽךָ׃ וּכְתַבְתָּ֛ם עַל־־מְזוּז֥וֹת בֵּיתֶ֖ךָ וּבִשְׁעָרֶֽיךָ׃ לְמַ֨עַן יִרְבּ֤וּ יְמֵיכֶם֙‌ וִימֵ֣י בְנֵיכֶ֣ם עַ֚ל הָֽאֲדָמָ֔ה אֲשֶׁ֨ר נִשְׁבַּ֧ע יי֛ לַֽאֲבֹֽתֵיכֶ֖ם לָתֵ֣ת לָהֶ֑ם כִּימֵ֥י הַשָּׁמַ֖יִם עַל־הָאָֽרֶץ׃

Spansk (kastiliansk ladino)

Mezuzáen i seg sjølv blir alltid skriven på hebraisk. Det følgjande er ei tradisjonell omsetting til kastiljansk ladino:

Semah Israel .A. Eloenu .A. ehad. [Oye, Israel: .A. nuestro Dio, .A. uno.]

Y amaras a .A. tu Dio con todo tu coraçon, y con toda tu alma, y con todo tu aver. Y seran las palabras estas que yo te encomendan oy sobre tu coraçon, y repetirlashas a tus hijos, y hablaras en ellas, en tu estar en tu casa, y en tu andar por la carrera, y en tu echar, y en tu levantar. Y atarlashas por señal sobre tu mano, y seran por Tefilin entre tus ojos. Y escrevirlashas sobre umbrales de tu casa, y en tus puertas.

Y será si oyendo oyerdes á mis encomendanças que yo encomendan á vos oy: para amar á .A. vuestro Dio, y para servirlo con todo vuestro coraçon, y con toda vuestra alma. Y daré lluvia en vuestra tierra en su hora temprana y tardie, y cogerás tu civera, y tu mosto, y tu azeyte. Y daré yerva en tu campo para tu quatropea, y comerás, y hartartehas. Sed guardados a vos, que no se sombaya vuestro coraçon, y vos apartedes y sirvades á dioses otros: y vos humilledes a ellos, y erescerá furor de .A. en vos, y detendrá a los cielos y no será lluvia, y la tierra no dará a su hermollo, y deperdervoshedes ayna de sobre la tierra la buena que .A. dan a vos.

Y pondredes a mis palabras estas sobre vuestro coraçon, y sobre vuestra alma, y ataredes a ellas por señal sobre vuestra mano, y seran por Thephilin entre vuestros ojos, y abezaredes a ellas á vuestros hijos, para hablar en ellas en tu estar en tu casa, y en tu andar el la carrera, y en tu echar, y en tu levantar. Y escrevirlashas sobre umbrales de tu casa, y en tus puertas. Por que se muchiguen vuestros dias, y dias de vuestros hijos sobre la tierra que juró .A. a vuestros padres para dar a ellos como dias de cielo sobre la tierra.

Orden de los cinco Tahaniot (Amsterdam 1630) / Orden de bendicion conforme el uso del K. K. de Sepharad (Amsterdam 1634)

Norsk

Dette er ei norsk omsetting av den hebraiske teksten i mezuzáen:

Hør, Israel! ADONÁI er Guden vår; ADONÁI er éin.

Du skal elske ADONÁI, Guden din, med heile hjarta ditt og med heile hugen din og med all makta di. Desse orda og boda som eg gjev deg i dag, skal du gøyme i hjarta ditt. Du skal innprente dem i borna dine og tala om dem når du sitt i heimen din og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. Du skal binde dem på handa di til eit merke og bera dem på panna som ein minnesetel og skrive dem på dørstolpane i huset ditt og på portane dine.

Om de lyder de boda som eg gjev dokker i dag, og elskar ADONÁI, Guden dokkers, og tener Honom med heile hjarta dokkers og heile hugen dokkers, skal eg late landet få regn i rette tid — haustregn og vårregn — så du kan hauste inn kornet og vinen og oljen. Gras skal eg late vekse på marka for buskapen din, og du skal få eta deg mett. Men akt dokker vel at de ikkje let dokker lokke til fråfall, så de dyrkar andre gudar og bøyer dokker og tilbed dem. For da logar vreiden åt ADONÁI opp mot dokker. Han stengjer himmelen, så det ikkje kjem regn, og jorda ikkje gjev grøde. Og de går snart til grunne i det gode landet som ADONÁI gjev dokker.

Så legg dokker da desse orda mine på hjarta og minne! Bind dem på handa til merke og ber dem på panna som ein minnesetel! Lat borna lære dem på det viset at du talar om dem når du sitt heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. Skriv dem på dørstolpane i huset ditt og på portane dine! Da skal de og borna dokkers få leva lenge i det landet ADONÁI svor at han ville gje fedrane dokkers, like lenge som himmelen kvelver seg over jorda.

Andre grupper

Karaím

Karaittisk mezuzá i Ramla i Israel.
Evi Horowitz (2012)

Karaím reknar bodet om mezuzót som symbolsk. Heller enn å skrive dei spesifikke orda på pergament og feste pergamentet ved døropninga, sett karaím opp ein plakett som symboliserer dei ti bodorda. Ein del karaím i Israel sett òg opp ein rabbanittisk mezuzá som ytre tilpasning til samfunnet i området.

Samaritanarar

Samaritansk mezuzá med mikrografi i menorá-form.
Jameel (2004)

Samaritanarane tolkar bodet om mezuzót som at ein skal skrive ein tekst frå Torá ved døra. I tidlegare tider har det vore samaritansk skikk å skrive dei ti bodorda på ei steinplate rett ovanfor døra. I nyare tid er det vanleg å velje seg ut ein tekst frå Toráen å skrive på ein plakett ved ytterdøra eller på ein plakett eller pergament ved ei eller fleire av dørene inne. Det blir sett på som bra å ha fleire mezuzót i huset. Somme har i våre dagar begynt skikken med å bruke jødiske mezuzá-boksar og legge inn pergament med tekst frå den samaritanske Toráen.

Fotnotar

  1. שולחן ערוך : יורה דעה 289:6 på Sefaria.org, lese 30.01.2022.
  2. ביאור הגר"א על יו"ד 289:6 på Sefaria.org, lese 30.01.2022

Sjå òg


Jødiske symbol

ner tamíd (Evig lys) · Hekhál (Arón kódesj, Toráskåp) · Torá (Mosebøkene) · vestido (mengíl, mantel) · rimmoním · puntero (jad) · tebá (bimá, almemmár) · tallét (taled, tallit, bønesjal) · tefillín (bønereimer) · kippá (kalott) · mezuzá (dørkarm) ·