Matvarer for pesaḥ

Frå Esnoga.no

Pesaḥ

Maṣṣá sjemurá.

Bedikàt ḥaméṣ
Førebuing til Haggadáen


Haggadá:
Kaddésj urḥáṣ
karpás jáḥaṣ
.
Maggíd ráḥaṣ
   moṣí maṣṣá
.
Marór korékh,
sjulḥán ʕorékh.
Ṣafún barékh,
   hallél nirṣá


Songar:
Ki lo naé · Mi eḥád yodéaʕ · Addír Hu Ḥad gadyá ·
Mossé salió de Miṣráyim · Mossé, Mossé · Bendigamos · Quien supiese


Mat:
matforskrifter · matvarer
karpás · maṣṣót · zeróaʕ · beṣá · marór · ḥaróset
rosinvin · mina de maṣṣá · kodrero al horno

Glutenfrie matvarer som riskaker, potetmjøl, sertifisert glutenfrie ris- og mais-lasagneplater, sertifisert glutenfrie havregryn, rismjøl og sertifisert glutenfrie risfettuccini kan brukast under pesaḥ etter sefardisk halakhá.
Foto:Olve Utne

Kva matvarer som er tillatne under pesaḥ (jødisk påske) varierer ein del mellom ulike jødiske grupper. Det grunnleggande trekket som er felles for alle er at all ḥaméṣ — det vil seie syrna eller gjæra mat av dei fem kornslaga (kveite, spelt, vanleg bygg, toradsbygg og rug — er forboden både å eiga og å eta alle de sju eller åtte dagane pesaḥ varer.

Dei fleste tradisjonelle asjkenazím, og i seinare hundreår ein del europeiske sefardím òg, avstår frå å eta kitniyyót (belgvekstar, særleg i tørka tilstand) under pesaḥ på grunn av at mjøl frå desse belgvekstane (slik som ertermjøl) kan komma til å bli forveksla med mjøl frå dei fem kornslaga. Merk likevel at kitniyyót ikkje i seg sjølv er ḥaméṣ; det er ikkje noko forbod mot å eiga kitniyyót under pesaḥ, og det er ifølgje Morám (Rema) tillate for alle å eta ein matrett der ein ikkje enkelt kan skilje ut kitniyyót, så lenge dei er batél barób — det vil seie at under halvparten av retten (f.eks. 49 %) er kitniyyót.

Meiningane om ris er delte. Dei fleste sefardím et ris under pesaḥ, men asjkenazím reknar ris til kitniyyót, som dei avstår frå å eta.

Frukt og grønt

JA:

  • Alle friske og tørka frukter og grønsaker utan tilsetningsstoff.

Egg, meierivarer og fisk

JA:

  • Friske egg.
  • Mjølk frå vanlege meieri.
  • Smør frå TINE.
  • Fersk eller frosen, heil fisk utan tilsetningsstoff.

Potet (alle)

  • JA:
  • Potetmjøl

Ris og mais (berre sefardím)

JA (sefardím):

  • Ris
    • Rismjøl
    • (IKKJE «enriched rice», ettersom den risen ofte inneheld kveite)
  • Mais
    • Maismjøl
    • Maisstivelse
    • Polentagryn
    • Popkorn
  • ORGRAN Lasagne mini sheets (gluten free - wheat free)

Havre

Havregryn som er sertifisert som glutenfrie kan brukast under pesaḥ etter sefardisk halakhá.
  • BJØRN havregryn store glutenfri

Kitniyyót (berre sefardím)

  • Friske erter og bønner og andre belgvekstar. Peanøtter (jordnøtter).
  • Somme, men ikkje alle, sefardiske grupper tillèt tørka belgvekstar, slik som erter, bønner, kikerter, linser o.a.

NEI

  • Alt brød som ikkje er sertifisert både glutenfritt og kveitefritt.
  • Alle ferdigprodukt som inneheld kveite (inkl. emmer), spelt (dinkelkorn, einkorn), bygg og rug og som ikkje er spesifikt sertifisert for pesaḥ. (Havre er ikkje ḥaméṣ i seg sjølv, men inneheld ofte innblanding av bygg i praksis.)
  • Eddik som ikkje er spesielt merka kasjér for pesaḥ, ettersom eddik ofte er basert på malt, eit gjæra byggprodukt.
  • Merk at butikkselte flatbrød produsert i Norge ikkje er avgrensa til 18 minutts produksjonstid; derfor blir dei rekna som ḥaméṣ etter halakhá.