Massékhet Sanhedrín 10

Frå Esnoga.no
Talmúd · תַּלְמוּד
Misjná · מִשְׁנָה
Sanhedrín · סַנְהֶדְרִין
 1  2  3  4  5
 6  7  8  9 10
11        


Massékhet Sanhedrín 10

Massékhet Sanhedrín 10:1

Misjná

Heile Yisraél har del i ʕOlám habbá (verda som kjem) — som det er sagt: “Og heile folket ditt (skal vera) rettvise; i æva skal dei erve landet; greina av plantinga av handverket Mitt for å ære (Meg).” (Yesjaʕyáhu 60:21) Og desse (er dei) som ikkje har del i ʕOlám habbá: Den som seier at det ikkje finst teḥiyyàt hammetím (oppliving av dei daude) i Toráen; og (den som seier at) Toráen ikkje kjem frå Himmelen; og appíkorósen (epikurearen, ateisten). Rebbí ʕAkibá seier: «Endatil den som les i heretiske bøker, og den som kviskrar over såret (til nokon) og seier ‘Alle dei sjukdommar som Eg sette på Egypt vil Eg ikkje sette på deg, for Eg er Adonái (Sjemót 15:26)Abbá Sjaúl seier: «Endatil den som uttalar Namnet etter bokstavane Sine.»

Yerúsjalmí

Bablí

Massékhet Sanhedrín 10:2

Misjná

Tre kongar og fire hedyotót (lekfolk) har ikkje del i Háʕolám habbá. Dei tre kongane er Yárobʕám, Aḥ’áb og Menasjé. Rebbí Yehudá seier: «Menasjé har del i Háʕolám habbá — som det er sagt: ‘Og han bad åt Honom; og Han let Seg be åt og høyrde bønfallinga hans, og førte han tilbake til Jerusalem, til riket sitt’. (Dibré hayyamím B 33:13)» Dei (vise) sa åt honom: «Til riket hans førte Han honom tilbake, men til livet i ʕOlám habbá førte Han honom ikkje tilbake.» Dei fire hedyotót (som ikkje har del i Háʕolám habbá) er Bilʕám og Doég og Aḥitófel og Géḥazí.

Yerúsjalmí

Bablí

Massékhet Sanhedrín 10:3

Misjná

Generasjonen frå Floda har ikkje del i Háʕolám habbá, og dei skal ikkje stå til doms — som det er sagt: Ikkje skal anden Min vera i menneskja i æva; (Beresjít 6:3) (det vil seie) ikkje dom (for den generasjonen) og ikkje ande (i Háʕolám habbá) for den generasjonen).

Generasjonen frå haflagáen (språkoppdelinga i Babél) har ikkje del i Háʕolám habbá — som det er sagt: “Og spreidde Adonái dei derifrå til yta av heile jorda.” (Beresjít 11:8) «Og spreidde Adonái dei» (tyder) ‘i denne verda»; og «derifrå» (tyder) ‘Adonái spreidde dei frå Háʕolám habbá’.

Mennene i Sedóm (Sodoma) har ikkje del i Háʕolám habbá — som det er sagt: “Og mennene i Sedóm var vonde og syndarar mot Adonái — storleg.” (Beresjít 13:13) «Vonde» (tyder) ‘i denne verda’, ‘og syndarar’ (tyder) ‘i Háʕolám habbá’; men dei vil stå til doms. Rebbí Neḥemyá seier: «Verken desse eller desse vil stå til doms — som det er sagt: ‘Derfor skal ikkje vonde stå opp til doms, eller syndarar frå rettvise lydar.’ (Tehillím 1:5) «Derfor skal ikkje vonde stå til doms», dette er generasjonen frå Floda; «og syndarane frå rettvise lydar», dessa er mennene frå Sedóm. Dei (vise) sa åt honom: «Dei skal ikkje stå i lyden av rettvise, men dei skal stå (til doms) i lyden av vonde.»

([Berre i Talmúd bablí:] Speidarane har ikkje del i Háʕolám habbá — som det er sagt: “Og døydde dei mennene som brakte ut ein vond bodskap om landet av pesten føre Adonái.” (Bammidbár 14:37) «Og dei døydde» (viser til) ‘denne verda’; «av pesten» (tyder) ‘i Háʕolám habbá’.)

«Generasjonen i villmarka har ikkje del i Háʕolám habbá, og ikkje skal dei stå til doms — som det er sagt: ‘I denne øydemarka skal dei tærast opp og der skal dei døy.’ (Bammidbár 14:37)» Dette er orda ått rebbí ʕAkibá. Rebbí Eliʕézer seier: «Om dei er det òg sagt: ‘Samle Meg Mine vise, dei som inngjekk ei pakt med Meg gjenom ofring.’ (Tehillím 50:5)»

«Lyden åt Kóraḥ skal ikkje stå opp att — som det er sagt: “Og lukka ho seg over dei, jorda”; (det vil seie) ‘i denne verda’; “og dei kvarv frå midt i lyden” (Bammidbár 16:33); (det vil seie) ‘i Háʕolám habbá’» er orda åt rebbí ʕAkibá. Rebbí Eliʕézer seier: «Om dei er det òg sagt: Adonái drep og gjev liv; fører i grava og fører opp.’ (Sjemuél A 2:6)»

«Dei ti stammane skal ikkje vende tilbake — som det er sagt: ‘Og kast dei ått eit anna land, som (det er på) denne dag.’ (Debarím 29:27) Slik som denne dagen går og ikkje vender tilbake, slik går dei og kjem ikkje tilbake» er orda ått rebbí ʕAkibá. Rebbí Eliʕézer seier: «“Som denne dagen”: Slik som dagen mørknar og lysnar (att), slik (òg for) dei ti stammane: Som det har mørkna for dei, slik vil lyset seinare skine for dei.»

Yerúsjalmí

Bablí

Massékhet Sanhedrín 10:4

Misjná

Menneska i ein kjettersk by har ikkje del i Háʕolám habbá — som det er sagt: “Visse tvilsamme menn har gått ut frå samfunnet ditt og drege bort innbyggjarane i byen sin.” (Debarím 13:14) Men dei kan ikkje drepast anna enn om forførarane kjem frå denne byen og denne stamma, og anna enn om fleirtalet vart forført, og anna enn om forførarane var menn. Og om forførarane var kvinner eller born, eller om forførarane var utanbys frå, sjå, (da er kvar av) desse (som er kjettarar i byen) som enkeltfall (å rekne). Og ein treng to vitne og ei åtvaring for kvar og éin av dei. I dette fallet er det strengare reglar for enkeltfall enn for grupper, for enkeltfalla (av kjettarar blir avretta) ved steining, og dermed går eigedommen deiras fri; men gruppene (av kjettarar blir avretta) ved sverd, og dermed går eigedommen deiras tapt.

Yerúsjalmí

Bablí

Massékhet Sanhedrín 10:5

Misjná

“Du skal visseleg ramme osv.” (Debarím 13:16) Eseldrivarane og (kamel)karavanen som passerer (byen på veg) frå stad til stad, sjå, dessa kan berge han (= byen) (gjennom å bli talte med til dei rettvise). (Som det er sagt): “Øydelegg han og alt som er i han og feet i han med sverd-eggen.” (Debarím 13:16) Ut frå dette sa dei: «Dei rettvises eigedom som er i (byen) går tapt; (den delen) som er utanfor han slepp unna; men (eigedommen) åt dei vonde, enten han er innanfor eller utanfor (byen), sjå han går tapt.»

Yerúsjalmí

Bablí

Massékhet Sanhedrín 10:6

Misjná

Yerúsjalmí

Bablí


Talmúd · תַּלְמוּד
(Misjná · Yerusjalmí · Bablí · Toseftá)

Seder Zeraʕím (frø):

Berakhót · Peá · Demái · Kiláyim · Sjebiʕít · Terumót · Maʕasrót · Maʕasér sjení · Ḥallá · ʕOrlá · Bikkurím ·

Seder Moʕéd (høgtid):

Sjabbát · ʕErubín · Pesaḥím · Sjekalím · Yomá · Sukká · Beṣá (Jom tób) · Rosj hasjaná · Taʕanít · Megillá · Moʕéd katán · Ḥagigá ·

Seder Nasjím (kvinner):

Yebamót · Ketubbót · Nedarím · Nazír · Sotá · Gittín · Kiddusjín ·

Seder Nezikín (skadar):

Babá kammá · Babá meṣiʕá · Babá batrá · Sanhedrín · Makkót · Sjebuʕót · ʕEduyyót · ʕAbodá zará · Abót · Horayót

(Berre i Talmúd bablí:  

Abót derebbí Natán · Soferím · Ébel rabbatí · Kallá · Derekh ereṣ rabbá · Derekh ereṣ zutá · Perek hasjalóm)

Seder Kódasjím (heilage ting):

Zebaḥím · Menaḥót · Ḥullín · Bekhorót · ʕArakhín · Temurá · Keritót · Meʕilá · Tamíd · Middót · Kinním ·

Seder Tahorót (reinheit):

Kelím · Ohalót · Negaʕím · Pará · Tàharót · Mikvót (Mikva’ót) · Niddá · Makhsjirín · Zabím · Tebul-jóm · Yadájim · ʕOkaṣín