Menasseh Ben Israel

Frå Esnoga.no
(Omdirigert frå Manoel Dias Soeyro)
Menasseh Ben Israel

Menasseh Ben Israel (16041657) var ein sefardisk rabbinar, forskar, skribent, diplomat, boktrykkjar og utgjevar, og dessutan grunnleggaren av det første hebraiske boktrykkeriet i Amsterdam i 1626.

Biografi

Manoel Dias Soeyro, som var namnet han vaks opp med, vart fødd på Madeira i 1604, året etter at foreldra hans flykta frå Portugal på grunn av Inkvisisjonen. Familien flytta til Nederland i 1610. På denne tida var Nederland midt i åttiårskrigen (15681648) — ein krig som i stor grad dreidde seg om religiøst opprør. Familien kom dit under våpenkvila som Frankrike og England hadde mekla fram i Haag.

Menasseh Ben Israel var ven med målaren Rembrandt van Rijn.

Menasseh er særleg kjent for petisjonsbrevet sitt til Oliver Cromwell og Det britiske parlamentet for å gjera om dei tidlegare engelske herskarane sine vedtak og late jødane flytte tilbake til England. Petisjonen førte fram, og det vaks gradvis fram ei jødisk busetting i Storbritannia etter det.

Menasseh ben Israel døydde i Middelburg i Nederland hausten 1657, kort etter heimkomsten frå England.

Sjå òg

Lenkjer


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Menasseh Ben Israel from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.