Makkabearopprøret

Frå Esnoga.no

Ḥanukká

Ḥanukkiyya etter gresk tradisjon i messing.

Historie:
Makkabearane
Makkabæingkampen (O.J. Høyem)
Ḥanná & sønene
Jehudít & Holofernes
Megillàt Antiyyokhós

Ordet ḥanukká

Lystenning
ḥanukkiyya

Songar:
Hannerót hallálu Ḥag hammakkabbím · Hazeremos una merenda · Mi ze yemallél · Ocho candelicas · Maʕóz ṣur

Klassisk musikk:
Händel: Judas Maccabæus

Mat:
S: bimuelos · borekas · keftes de prasa · Portugiesische Kuchen (jødekaker) · semulepudding · vaflar

Etter at Aleksander den store vart utropt til konge av Hellas/Makedonia i år 336 føre den moderne tidsrekninga, ekspanderte riket kolossalt, og i dei neste 300 åra kom store deler av den antikke verda til å vara greskdominert, både politisk og kulturelt.

I år 175 føre den moderne tidsrekninga kom Antiokhos IV Epiphanes til makta. Han ville ikkje godta at jødane heldt på sin eigen kultur og religion, og han gjorde sitt beste for å få slutt på detta. Han innførte blant anna

  • forbod mot å studere Toráen,
  • eit «gymnasion» etter gresk modell i Jerusalem, der det blant anna vart undervist i gresk filosofi og religion og drive idrett med splitter nakne utøvarar,
  • greske gudebilde i det jødiske Tempelet i Jerúsjaláim, og
  • ofring av griser (!) på alteret i Tempelet.

Det blir òg sagt at greske offiserar kravde førstenattsretten til brura under jødiske bryllaup. Nokre seier at jødiske kvinnor sin motstand mot detta var det som sette i gang makkabearopprøret.

Makkabearopprøret vart igangsett av Mattitjá ben-Joḥanán Kohén Gadól Ḥasjmunái (Matthias Johananson, høgsteprest, av Hasmonearane). Gruppa av opprørarar kalla seg makkabearar, og Mattitjá sin son, Jehudá hamMakkabbí (Judas Makkabeus), vann med eit under over den greske overmakta i 165 fvt., og Tempelet kunne bli reinsa og teke i bruk att.

Dei viktigaste kjeldone til dessa hendingane er 1. og 2. makkabearbok. Første makkabearbok finst på nettet i norsk omsetting:

Nyare kjeldor føyer eit element til historia: Da dei kom inn i Tempelet og skulle tenne menoráen (den sjuarma lysstakan) med det evige ljøset (nér tamíd), viste det seg berre å vara nok rein olivenolje til å late menoráen brinne i éin dag. Dei sendte ut folk til å presse ny olje, men dette kom til å ta minst åtte dagar. Da seier historia at menoráen brann med den opprinnelege oljen, utan å sløkkjast, i dei åtte dagane det tok å få i ny olje. Dette er grunnen til at ein i dag tenner ḥanukkiyyaen kvar kveld i åtte døgn under ḥanukká — kvar dag med eit lys meir.