M.M. Rodrigues Pereira: «Portugisarjødisk synagogemusikk»

Frå Esnoga.no

«Portugisarjødisk synagogemusikk»

av dr. Martin M. Rodrigues Pereira z"l

Dei mange sefardiske samfunna som vart etablert i Vest-Europa og Amerika etter år 1600 fikk dei fleste skikkane og tradisjonane sine frå «modersamfunnet» sitt — den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam. Eksempel på det er dei sefardiske samfunna i:

Den portugisarjødiske synagogemusikken har vorte munnleg overført frå generasjon til generasjon gjennom hundreåra, truleg heilt frå tida da Tempelet enno fanst i det gamle Israel.

Korleis musikken faktisk høyrdest ut på den tida veit vi ikkje. Vi veit naturlegvis at levittane sin song var ein del av tempelritualet, saman med musikk frå instrument som lyrer og cymbalar.

Den originale sefardiske musikken ligg nok aller nærmast den opprinnelege tempelmusikken. Det er fleire ulike grunnar til å komma til denne konklusjonen. Alt føre det første Tempelet vart øydelagt, fanst det ei jødisk busetting på Den iberiske halvøya. Vidare er sefardím kjent for å halde strengt på den tradisjonelle musikken sin. På toppen av det er [den sefardiske] resiteringa av dei fem Mosebøkene funnen å vera veldig gammal og autentisk. Og det er òg godt kjent at den såkalla gregorianske kyrkjemusikken er basert på element frå gamle tempelsongar og vart nedskrivne i såkalla neumar — ein antikk type musikknotasjon.

I jødiske gudstenester blir forrettinga gjort av ein ḥazzán. Sefardím kallar den personen ein «(føre)lesar», og asjkenazím brukar ein føresongar til det. Ulikheita er openberr: Dei førstnemnte legg hovudvekta på resitasjonen, og eit medlem av fellesskapet tek på seg å synge bønene og salmane. Enda eit typisk trekk ved sefardiske gudstenester er at bønene og salmane blir resitert frå begynnelse til slutt. Einaste unntaket frå denne skikken finst i den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam, der berre den første og den siste setninga av bønene blir resitert.

Når det gjeld skikkar kring songen, må det påpekast at det finst skilnader mellom dei ulike sefardiske menigheitene. Slik er det for eksempel å merkje seg at den portugisiske menigheita i Amsterdam har mista songar som framleis blir bruka i New York og London. Omvendt finst det sikkert skikkar som berre blir følgt i Amsterdam, som ein gong var modermenigheita for dei spansk/portugisiske jødane.

Presentasjonen av vekeavsnitta av Torá og Haftará (profetavsnitt) blir gjort etter songteikn som ein held seg strengt til. Når det gjeld Torá, finst det to presentasjonsmelodiar. Når særleg viktige ting blir fortelt, blir den såkalla «høge visa» bruka — slik som for eksempel ved forteljinga om kryssinga av Raudehavet (Sivhavet), ved lovgjevinga på Sinaifjellet, og når Mosjé (Moses) gjev den siste signinga si over Israels folk. Vidare blir òg den «høge visa» bruka til å framheva enkeltelement når teksten elles blir resitert etter den vanlege måten. Den munnlege overleveringa av denne skikken er no nedskriven og publisert av forfattaren av dette skriftet.

Det finst òg fleire melodiar til synging av Haftará, slik som under dei såkalla tre vekene med sørging føre minnedagen for øydelegginga av det Første og Andre Tempelet, eller for læreøkter heime.

Sefardím har òg spesielle melodiar for dei såkalla fem rullane. På purím blir Esters bok lesen. Det finst ein bestemt melodi for dette, sjølv om denne melodien ikkje følgjer dei trykte songteikna (tengamím). Dei andre bøkene blir resitert etter songteikna, anna enn at Kohélet (Forkynnaren) ikkje blir resitert i synagogen av sefardiske jødar. Asjkenazím gjer dette under sukkót (lauvhyttefesten). På dei siste to dagane av pesaḥ (den jødiske påskefesten) les ein Sjir hasjirím (Salomos høgsong) under minḥá (ettermiddagsbøna) — éin halvdel per dag.

Vestlege sefardím har ein annan melodi for dette enn dei orientalske brørne sine. Det er òg å merke seg at orientalske sefardím har den vakre vanen å synge Høgsongen kvar fredagskveld mellom minḥá (ettermiddagsgudstenesta) og ngarbít (kveldsgudstenesta).

Føre minḥá på sjabungót (vekefesten, jødisk «pinse»), etter først å ha sunge første halvparten av Sjelomó ibn Gabiról sitt verk Ngaz’harót, syng ein første halvdelen av Ruts bok etter ein spesiell melodi. På andre dagen av sjabungót les ein andre halvdelen av begge verka. Same melodien som ein brukar til Ruts bok blir i Amerika òg bruka til Haftará på morgonen av tisjngá beáb, minnedagen for øydelegginga av dei tidlegare Templa i Jerusalem.

Gjennom heile det jødiske året har kvar dag i den portugisiske synagogen sine eigne karakteristiske melodiar. Detta avgrensar seg ikkje til éin spesiell melodi, men kan vera fleire ulike melodiar. På ein vanleg sjabbát blir bestemte bøner sungne med sine spesielle melodiar. Nokre kan bli sungne med ulike melodiar ettersom sjabbatót (fleirtal av sjabbát) fell på ulike årstider. Lat oss gå på vandring gjennom det jødiske året:

Det jødiske året

Det begynner med tida for dei høge heligdagane, rosj hasjaná (jødisk nyår) og jom kippúr (forsoningsdagen).

Ein typisk melodi er den såkalla R.H.-melodien som ein syng bøna «Yedé rasjím» (de undertryktes hender) etter. På begge desse heilagdagane syng ein i synagogen etter melodiar som er svært særeigne for desse ærefrykt-haldige dagane, slik at ein finn att desse melodiane eller variantar av dei kor ein enn finn sefardiske menigheiter, kvar det skulle vera i verda.

Den følgjande heilagdagstida er sukkót, eller lauvhyttefesten — ho òg med sine særeigne melodiar. Ein typisk melodi er den som blir sungen under den daglige gåinga kring i synagogerommet (som er opphavet til «palmesøndag»), når vi bed Gud om hjelp (Hosjànga na). Under sluttfesten (sjeminí ngaṣéret) blir bøna om regn sungen med sin svært spesielle melodi under tilleggsbøna (musáf).

Simḥàt Torá avsluttar rekkja av haustfestar. På denne dagen blir den avsluttande delen og opningsdelen av Toráen sungne med den «høge» visa av den som er spesielt utpekt til dette, den såkalla Lovens brudgom (ḥatàn Torá). Også den som forrettar gudstjenesta på denne dagen gjer sitt aller beste for å late den praktfulle musikken for denne dagen stå fram som så vakker som muleg.

Det jødiske året går no inn i ein kvileperiode fram til desember og de åtte dagane når ḥanukká blir feira. Ved tenninga av ḥanukkiyyaen kling den allment kjente og århundregamle «Hannerót hallálu» både i synagogen og heime. Enno eig forfattaren av denne artikkelen ei gammel 78-plate med den kjente og kjære ḥazzánen Simon Duque, som samen med de 6 millionar jødiske slaktoffera av Holocaust vart myrda av tyskarane. Vi kan ikkje og vil ikkje glømme det!

Kring den første delen av mars blir purím feira. Underlig nok blir ikkje Estérs bok, «megilláen», som denne dagen blir lesen såvel i synagogen som heime, resitert etter songteikna; ein må lære denne melodien utanåt som ung for å kunna framføre han skikkelig seinare. Denne dagen blir alltid avslutta med eit festmåltid der ein syng jødiske songar mellom rettene. Éin av desse består av eit dikt der diktaren viser til lekkerbiskenane med nederlandske ord som rimar med hebraisken som portugisarjødane brukar gjenom året.

For kvar fest er det ein spesialrett. I den hebraiske teksten blir nederlandske ord hebraisert på vittig vis: Under pesaḥ (påska) et ein ein dessert av ei mengd med eggeplommar, honing og kanel; under vekkofesten ei mjølketerte, under lauvhyttefesten ein kalvepaté, under ḥanukká vaflar, under purím bole med saus, kalla «caldo» — det spanske ordet for saus.

Vårfesten framfor alle er påskefesten med sine karakteristiske haggadákveldar (med fortelinga om utgangen av Egypt). Første kvelden les ein blant anna bøna for dogg, med sin spesielle musikk der ein bed om ei overflod av dogg, som er så viktig i Israel med sine lange, törre somrar. På sjuande dagen les ein frå Lovrullen (Torárullen) om utgangen av Egypt, detta med den såkalla høge visa.

På det etterfølgjande vekkofesten les ein om lovgjevinga på Sinaifjellet — ei historisk sett svært viktig hending. Dermed brukar ein da òg den høge visa. Den svært vakre og rørande klagesongen for tisjngá beáb (minnedag for öydelegginga av begge Templa [i Jerúsjalàim] på 9. áb, som alltid fell på den varmaste tida av året: juli/august) blir i sefardiske synagogar (utom Amsterdam) sungen av personar som kjenner jødisk bøn godt. Etter at den eigentlige gudstjenesta er over, framfører ein først Klagesongen av profeten Jirmejáhu (Jeremia), og deretter Ijjóbs bok (Jobs bok). Dei same songteikna har her enda ei anna musikalsk form.

Heile det sefardiske dagliglivet er gjenomsyra av musikk — ikkje berre hebraisk poesi, men òg dikt på ladino, eit språk som består av gammalspansk blanda med hebraiske ord. Menneske i denne forfattarens levetid hugsar enno godt cantos, songar, som vart sungne etter den hebraiske takkseiinga etter måltidet, slik som «Bendigamos» (‘Lat oss signe’) og «Ya vendrá el Señor de la Redención» (‘Snart skal bergingsherren komma’).

Vidare finst det spesielle bøner og songar for spesielle typar hendingar, slik som ved ei omskjering, for guten som skal omskjerast, som blir sungne av de som er til stades. Og for ein brudgom finst det òg ein festsong som blir sungen på den spesielle lærekvelden til ære for brudgommen som finn stad före bryllaupet.

Overrabbinar ḥakhám Izak Aboab da Fonseca skreiv i 1675 eit religiøst dikt til ære for innviinga av Den portugisiske synagogen i Amsterdam. Namnet på detta diktet var «Ḥiskí ḥizkí» (‘Ha vett og vara sterk’). Nokre tiår seinare komponerte Abraham de Casseres musikken til detta diktet.

For den som vil veta meir om den portugisisk-jødiske musikken viser eg til denna litteraturlista:

  • Lopes Cardozo, Abraham: «Music of the Sephardim», særtrykk frå Herzl Institute Pamphlet #15, Herzl Press, New York, N.Y. 1960.
  • Lopes Cardozo, Abraham: Sephardic songs of praise, Tara Publications 1987, Cedarhurst, N.Y. 11516.
  • Lopes Cardozo, Abraham: Selected Sephardic chants, Tara Publications 1991, Cedarhurst, N.Y. 11516.
  • Benharoche-Baralia, M.J.: Chants hebraïques traditionnels, L’association Zadoc-Kahn, Biarritz, France 1961.
  • Rodrigues Pereira, M.M.: ‘Hochmat Shelomoh, Torah cantillations according to the Spanish and Portuguese custom, Tara Publications 1994, Cedarhurst, N.Y. 11516.
  • Israel Ricardo, David: Selected tunes of the Portuguese Jews, Congregation Amsterdam, Rishon Lezion 5735/1975.

Lisensinformasjon

  • Omsett etter «Portuguees-Joodse synagoge muziek». Offentliggjort her etter skriftlig löyve frå Mrs. T. Rodrigues Pereira-Gomes de Mesquita.
  • Copyright for den nederlandske originalteksten: Forfattaren, ved enkja Mrs. T. Rodrigues Pereira-Gomes de Mesquita.
  • Copyright for den norske omsettinga: Olve Utne.
© Denne teksten er fullt ut verna etter tilgjengelige opphavsrettslovar og kan ikkje brukast fritt. Han kan brukast innaför nettstaden Esnoga.no etter løyve frå opphavsretthavaren. This text is fully protected by all available copyright laws and may not be redistributed and used freely. It may be used within the web site Esnoga.no by permission from the copyright owner.