Klassisk musikk for purím

Frå Esnoga.no

Purím ✡ פּוּרִים

Megillàt Estér.

Ordet «purím»
misjlóaḥ manót
Megillàt Estér

Songar:
(Kjem snart)

Klassisk musikk

Mat:
S: orejas de Hamán

Händel: Haman and Mordecai (1718)

I 1718 komponerte Georg Friedrich Händel (1685-1759) musikken til maskespelet Haman and Mordecai. Librettoen var skriven av Alexander Pope og John Arbuthnot på grunnlag av Racine sitt drama Esther (1689), som igjen byggjer på Esters bok. Maskespelet, som hadde seks scener i alt, vart sett ut for 8 solistar, 5-stemmig kor, obo, trompet, 2 horn, harpe, strykeorkester og generalbass.

Händel: Esther (1732)

Våren 1732 hadde Händel omarbeidd maskespelet Haman and Mordecai, som no vart til oratoriet Esther. Det vart halde tre private førestillingar av den nye versjonen på the Crown and Anchor Taverne på Strand ved Themsen i London. Førestillingane var sceniske — inkludert kostyme og scenisk dramatisering —, og dei som framførte det heile var The Royal Chapel (med gute- og mannsstemmar), supplert av songarar frå the Westminster Choir og orkester, under leiing av Bernard Gates.

På grunn av den store suksessen bad prinsesse Anne Händel om å sette opp oratoriet på the King’s Theatre. Den 2. mai 1732 vart oratoriet oppført der i enda ein ny versjon. Men etter sterkt press frå biskopen av London, dr. Gibson, vart oratoriet oppført i konsertversjon, altså utan kostyme og scenisk dramatisering. Biskopen hadde faktisk nedlagt forbod mot å framføre ein bibelsk tekst som teater....

Lidarti: Ester (1774)

Cristiano Giuseppe Lidarti (1730-ca1793) skreiv sitt oratorium Ester i Pisa i Italia i 1774. I mange år var det gløymt, men det vart nyleg attfunne i eit noteantikvariat og innkjøpt av sjefen for musikkavdelinga ved universitetsbiblioteket ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem, Richard Andrews. Dette totimars oratoriet er det lengste og rikast orkestrerte 1700-tals jødiske musikkverket som er kjent til no. Første oppføringa av verket i moderne tid fann stad i Jerusalem den 30. mai 2000. Teksten er ei omsetting til hebraisk av librettoen til Händel sitt oratorium Esther.