Kategori:Masorti jødedom

Frå Esnoga.no
Sinagoga Neologa Oradea.jpg

Masorti jødedom eller konservativ jødedom er ei retning av jødedommen som ligg mellom ortodoks jødedom og progressiv jødedom. Masorti jødedom har til felles med ortodoks jødedom at halakhá blir sett på som absolutt bindande for det jødiske folket. Hovudskilnaden mellom desse to retningane går dermed meir på korleis ein avgjer kva som er halakhá enn kor viktig halakhá er. I masorti jødedom legg ein relativt stor vekt på den noko meir fleksible/variable læra til risjoním (dei rabbinske autoritetane frå 1000-talet til først på 1500-talet), medan tendensen i ortodoks jødedom er å legge meir vekt på de meir fast kodifiserte aḥaroním — dei rabbinske autoritetane som levde etter at boka Sjulḥán ʕarúkh kom på 1500-talet.


Artiklar i kategorien «Masorti jødedom»

Kategorien inneheld desse 5 sidene, av totalt 5.

Media i kategorien «Masorti jødedom»

Kategorien inneheld dei følgjande 6 filene, av totalt 6.