Yom tób

Frå Esnoga.no
(Omdirigert frå Jontiv)

Yom tób (hebr. יוֹם טוֹב; pl. yamím tobím) er eit halakhisk omgrep for ein helgedag med arbeidsforbod. Arbeidsforbodet på ein yom tób som ikkje fell på sjabbát er i dei fleste falla mildare enn arbeidsforbodet på sjabbát. (Unntaket er kippúr — sjå der.)

Kva dagar er yamím tobím?

Merk at ḥol hammoʕéd (romhelga av pesaḥ og sukkót ikkje blir rekna som yamím tobím. Fastedagar blir, med unntak av kippúr, ikkje rekna som yamím tobím.

Halakhót (føreskrifter) for yom tób

Eld

Medan det på sjabbát er forbode å gjera opp eld eller overføre eld i noka form, er det på yom tób tillate å overføre eld.

Elektrisitet

Matlaging

Det er tillate å koke mat for bruk på yom tób. Det er derimot ikkje tillate å laga mat for sjabbát anna enn å fortsette med det når ein alt hadde begynt med det føre yom tób. Sidan ein nokre gonger kan ha to fulle dagar med yom tób rett føre sjabbát, har skikken utvikla seg å laga to enkle matretter for sjabbát føre yom tób begynner. Ein gjer så ritualet ʕerúb tabsjilín-ritualet over desse to matrettene.

Variantar av ordet

Blant portugisarjødar, algirske jødar og syriske jødar er uttalen yom tób tradisjonell. Marokkanske jødar og osmanske sefardím seier som regel yom tóv, og dette er òg forma som blir bruka i moderne israelsk hebraisk.