Johann Philipp Reis

Frå Esnoga.no
Johann Philipp Reis (1834–1874)

(Johann) Philipp Reis (f. 7. januar 1834 i Gelnhausen i Hessen i Tyskland; d. 14. januar 1874 i Friedrichsdorf i Hessen) var ein tysk fysikar og oppfinnar av portugisarjødisk opphav på farssida som er kjent for å ha utvikla den første elektriske telefonen, som han presenterte under namnet Telephon i 1861.

Familiebakgrunn

Johann Philipp Reis vart fødd den 7. januar 1834 i Gelnhausen i Hessen i Tyskland som son av bakar (Karl) Sigismund Reiss (Segismundo Reis, 1807–1843) og Marie Katharine, f. Glöckner (1813–1835). Foreldra til Segismundo Reis var portugisarjødar som immigrerte frå Beira Baixa-provinsen i Portugal til Tyskland sist på 1700-talet.