Johan Bravo

Frå Esnoga.no
Johan Bravo i 1863.
Foto:NN

Johan (Josva) Bravo (f. 3. september 1797 i Altona; d. 29. april 1876 i Roma) var ein portugisarjødisk/dansk målar og konsul.

Bravo var fødd i Altona som son av ? og Israel Bravo (1759-1824), forstandar for den portugisarjødiske menigheita og utdana seg til målar ved Kunstakademiet i København 1816-18. Etter å ha hogd sig møysommeleg gjennom i nokre år lyktest det for honom i 1827 å komma til Roma, kor han snart oppgav målarkunsten for heilt å vie seg til praktiske forretningar. Ein liten formue sette han i stand til dette. Det siste større bidraget hans til kunsten var nokre italienske landskap (183132) som han sendte heim til Charlottenborg. I Roma var han ein sentral deltakar i kunstnarlivet og dana eit firkløver saman med Ditlev Blunck, Ernst Meyer og Friedrich Thøming. Både i akademitida og seinare var Bravo dessutan tett tilknytt ein annan slesvigholsteiner, H.W. Bissen.

Han mottok frå 1838 eit årleg honorar frå den danske staten som kjentmann for danske reisande i Roma, og tenestvilligheita hans og evnen til å gjera seg likt skaffa honom fast tilsetting som kunstagent (1843) med plikt til å gi kunstmeldingar til Akademiet. Gjennom den gode hjelpa han gav ved heimsendinga av Bertel Thorvaldsen sine arbeid, der han sjølv var med på fregatten «Thetis» 1842, opnådde han å bli dansk konsul i Rom (1847) og seinare 1855 svensk-norsk konsul. I denne stillinga var han ofte ei verkeleg støtte for kunstnarane. Han var styremedlem og formann for Skandinavisk Forening frå 1860. Johan Bravo vart riddar av Dannebrogordenen 1845, Dannebrogsmand 1851, kommandør av 2. grad 1872 og etatsråd 1866. Han døydde ugift 29. april 1876 i Roma og vart gravlagt på den protestantiske kyrkjegarden der.

Attgjevingar

Kjelder

Eksterne tilvisingar


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon


Mal:FD

Mal:Den danske guldalder Mal:Autoritetsdata