Yehudít og Holofernes
|
Historia om Yehudít og Holofernes finn vi i Judits bok. Den assyriske generalen Holofernes vart sendt til Yehudá (Judea) for å okkupere landet og innlemme det i Assyria. Da troppane hans beleira Betulyá, ein liten by rett ved Yerúsjalàim, kom enkja Yehudít opp med ein idé: Ho oppsøkte Holofernes og sjarmerte han slik at han inviterte henne til teltet sitt. Yehudít hadde med seg ost som ho gav honom til å eta, og da han vart tørst, gav ho honom vin til å sløkkje tørsten med. General Holofernes vart noko påsegla, og somna der han låg. Da tok Yehudít sverdet hans og kappa hovudet av honom. Da assyrarane fikk høre at Yehudít hadde teke livet av generalen deiras, flykta dei derifrå.
Denne hendinga fann stad fleire hundre år føre makkabearopprøret, men kom i mellomalderen til å bli sett i samanheng med det. Ei utbreidd misforståing var at Yehudít var dotter av Yehudá Hammakkabí (Judas Makkabeus), og at Holofernes var ein syrisk representant for det hellenske regimet under Antiokhos IV.
Kor det enn heng i hop, så er det vanleg skikk blant sefardiske og mizraḥiske jødar, og delvis òg blant asjkenaziske jødar, å minnast Yehudít sitt heltemot med å servere mjølkemat under ḥanukká.