Jangakób ben Aharón Sasportas

Frå Esnoga.no
Ḥakhám Jangakób ben Aharón Sasportas (16101698)

Ḥakhám Jangakób ben Aharón Sasportas (16101698) var ein sefardisk rabbinar og erklært motstandar av den falske masjíaḥen Sjabbetái Ṣebí.

Jangakób ben Aharón Sasportas vart fødd i Oran i Algerie i 1610. Sasportas-familien frå Oran i Algerie var etterkommarar etter Naḥmanides (haRamban). Namnet deiras kjem frå «Seis Portas» (seks portar).

Frå 24-årsalderen arbeidde ḥakhám Jangakób ben Aharón Sasportas i ei jødisk menigheit i Tlemcen i Marokko, og seinare òg i Fez og Sali. Frå 1653 til han døydde den 15. april 1698 var han hovudsakleg basert i Amsterdam, med unntak av ein femårsperiode kring andre halvdel av 1670-åra da han var i Livorno i Italia. Fram mot midten av 1660-åra hadde Sasportas stillinga som ḥakhám for den jødiske menigheita i London, inntil han flykta frå London under pest-epidemien i 1665.

Ḥakhám Sasportas var ein innbitt motstandar av den falske masjíaḥen Sjabbetái Ṣebí og skreiv mange polemiske brev mot denne rørsla. Eit utval av dei polemiske skriftene hans vart seinare redigert og utgjeve under tittelen Ṣiṣàt nobél Ṣebí av sonen hans, Abrahám Sasportas.

Ḥakhám Sasportas skreiv òg bøkene Toledót Jangakób (eit oversyn over bibelsitat i aggadót (forteljaravsnitt) av Talmúd jerusjalmí) og Ohel Yangakób (ei samling av tesjubót (lærde svar)).

Kjelder

  • Evan Millner