Jacob Franco

Frå Esnoga.no

Jacob Franco (d. 1718) var ein portugisarjøde som kom frå Brasil til København truleg ein gong kring år 1700. I 1704 tok han borgarskap i København. Han var medlem av den første esnogaen i København. I 1718 døydde han i eit pestutbrott i København. Han vart gravlagt på den da einaste jødiske gravlunden i byen, men slektningane vart nekta å sette ein liggjande gravstein på grava etter portugisarjødisk skikk. Denne tildragelsen gjorde at Isak Granada kjøpte ein jordlott inntil gravlunden som så vart teken i bruk som portugisarjødisk gravlund ei tid framover.

Kjelder