Jødisk bryllaup

Frå Esnoga.no

Eit jødisk bryllaup inneheld to opprinneleg separate seremoniar som i dag er samanslegne til éin todelt seremoni — kiddusjín (truloving) og nísuín (vigsling av ekteskapet). Sjølve seremonien går tradisjonelt føre under ein ḥuppá (bryllaupsbaldakin). Rett føre sjølve seremonien blir ketubbáen (ekteskapskontrakten) godteken av brureparet og underskriven av to vitne.