Jødedom
- Sjå òg: Emne:Jødedom.
Jødedommen er den religiøse kulturen til det jødiske folket. Han er ein av dei først dokumenterte monoteistiske religionane og ein av dei eldste religiøse tradisjonane som enno blir praktisert utan avbrott. Trusprinsippa og historia til jødedommen danar ein hovuddel av grunnstammen i dei andre abrahamittiske religionane, inkludert kristendommen og islam (med dei to utleidde religionane bahá’ítru og sikhisme). Den hebraiske Bibelen, Tenákh (Torá, Nebiím, Ketubím), er såleis òg helig skrift for dei kristne, som kallar han Det gamle testamentet.
Over dei siste på lag 2500 åra har jødedommen ikkje vore monolittisk i praksis og har ikkje retta seg fullt ut etter nokon enkelt sentralisert og allment godteken autoritet eller bindande dogme. Trass i det har jødedommen i alle sine variasjonar halde seg relativt tru mot ei rekkje religiøse prinsipp. Det mest sentrale av dei er trua på éin enkelt, allvetande transcendent Gud som skapte universet og fortsett å spela ei rolle i det. Etter jødisk tru inngikk den Gud som skapte verda ei pakt med det jødiske folket og openberra lovane og boda sine til dei i form av Toráen. Jødisk religiøs og kulturell praksis har utgangspunkt i studiet og utøvinga} av desse lovane og boda slik dei blir tolka av dei olike antikke og moderne autoritetane.
Jødedommen let seg ikkje enkelt definere inn i konvensjonelle vestlege kategoriar som religion, etnisitet eller kultur — delvis på grunn av si godt over 3000 år gamle, samenhengande historie. I denna tida har jødane opplevd slaveri, anarkistisk sjølvstyre, teokratisk sjølvstyre, erobring, okkupasjon og eksil. Det jødiske folket har vore i kontakt med, og vorte påverka av, gammelegyptisk, babylonsk, persisk, hellenistisk og romersk kultur så vel som renessansen, opplysningstida (sjå f.eks. haskalá) og 1800-talets nasjonalromantikk og nasjonalisme. Ut frå denna bakgrunnen har Daniel Boyarin hevda at “Jewishness disrupts the very categories of identity, because it is not national, not genealogical, not religious, but all of these, in dialectical tension.” («Jødiskheit strid mot sjølve grunnkategorien ‘identitet’ fordi ho ikkje er nasjonal, ikkje genealogisk, ikkje religiøs, men alle dessa i dialektisk spenning.»)
Slik sett har de mange som opp gjenom tusenåra har konvertert til jødedommen ikkje berre til teke seg ei tru, men òg ein etnisitet — som det går tydelig fram av den kanskje mest kjente konverteringa, når Rút i Megillàt Rút (ein del av både den jødiske Tenákh og det kristne Gamle testamentet) seier til Náʕomí (Na‘omi): עמֵּךְ עַמִּי וֵֽאלֹהַֽיִךְ אֱלֹהָי׃ “Folket ditt er folket mitt, og Guden din er Guden min!”(Megillàt Rút 1:16)
I mange religionar er det vanleg å dra på valfart til spesifikke helige plassar i løpet av året eller livet — jfr. haddj til Mekka i islam og pilgrimsfart til Roma, Jerusalem eller Betlehem i kristendommen). I jødedommen er det tre slike valfartsfestar — pesaḥ (påske), sjabungót (vekkofesten, jød. pinse) og sukkót (lauvhyttefesten). Medan Tempelet i Jerusalem stod, drog alle jødar i Israel som det var praktisk mulig for på valfart til Tempelet for påskeofferet. I de fleste utgåvor av Haggadá sjel pesaḥ, eller haggadáen, seier} ein לְשָׁנָה הַבָּאָה בִּירֽוּשַׁלִַֽם — «Året som kjem, i Jerusalem!»
Det jødiske bøneritualet er kodifisert i ein siddúr (bønebok). Ein bed i utgangspunktet tre gonger daglig — enten privat eller i synagogen.
Innleiding
Både tradisjonell jødisk tru og de fleste historisk-kritiske forskarar reknar visse trekk som olike frå de andre religiøse kultane som fanst på den tida at jødedommen skilde seg ut som eigen religion. Eitt slikt trekk var monoteismen. Detta trekket var, etter historikaren Yehezkel Kaufman sitt syn, signifikant i og med at jødedommen hevda at Gud skapte — og bryr seg om — menneskja. I polyteistiske religionar rekna ein ofte med at menneska vart skapte ved eit ohell, og at gudane primært er opptekne av forholdet til andre gudar heller enn til menneska.
Eit anna særtrekk er at Toráen spesifiserer at israelittane skal leva etter eit tal bod (613 miṣvót etter rabbinsk jødedom). Andre trussystem på samma tid legg hovudsakleg eller eksklusivt vekt på templa der prestane tilbad gudane sine gjenom ofring. Israelittane hadde òg eit system av tempel, presteskap og offerritual — men dessa var ikkje den einaste måten å tjene Gud på.
Monoteisme
Bibelkritikarar er ikkje einige om kva tid monoteismen oppstod i jødedommen. Tradisjonelle jødar hevdar at detta er uttrykt direkte i Toráen, der Gud integrerer detta i Dei ti boda:
«Eg er ADONÁI, guden dokkers, som brakte dokker ut av landet Egypt, frå slavehuset. Ikkje vere det for dokker andre gudar føre åsynet mitt. Ikkje gjer dokker avgudsstatuar eller kva som helst slags bilde som [representerer noko] i himlane ovanfor eller <som> på jorda nedanfor eller <som> i vatna nedanfor jorda; ikkje bøy dokker åt dei og ikkje ten dei — for eg er ADONÁI guden dokkers, ein streng gud, gjer vitjing for overgrepa til fedrar på borna og på tredje og fjerde ætteledd til dei som hatar meg; og gjer godt til tusen [ætteledd] til dei som elskar meg og til dei som vaktar boda mine.» (ordrett omsetting frå 2. mos. 20:2–6 = 5. mos. 5:6–10)
Detta synet blir vidare understreka av det første verset av Sjemáʕ (5. mos 6:4), som kan omsettast på to måtar:
- «Hør, Israel: ADONÁI er guden vår; ADONÁI er éin!»
- «Hør, Israel: ADONÁI er guden vår; ADONÁI åleine!»
Slik er altså trua på Guds eksistens, på Guds æve, på Gud som einaste skapar av alt som finst og på Gud som forfattaren av verdshistoria, sjølve fundamentet i jødedommen som religion. Å vende seg bort frå denna trua er å vende seg bort frå Gud og frå essensen av jødisk tru etter den jødiske forståinga av Dei ti boda. Vidare blir det krevd at ein ikkje skal tru på noko anna enn Gud og Gud åleine. Dermed er tru på eller dyrking av fleire guddommar, ander eller inkarnasjonar forbode etter jødisk tru. Idéen at Gud er ein dualitet eller ei treeinigheit er rekna som eit kjettersk syn og som eit steg mot polyteisme.
Det er òg forbode å «gjera [seg] avgudsstatuar eller [...] bilde som [representerer noko] i himlane ovanfor eller <som> på jorda nedaføre eller <som> i vatna nedaføre jorda; ikkje bøy dokker åt dei og ikkje ten dei». Dette blir i jødedommen sett på som eit totalforbod mot alle skulpturar eller bilde som ein sjølv eller andre kan komma til å bøye seg for og tene, inkludert krusifiks og religiøse ikon og alle måleri eller andre kunstnarverk som representerer Gud. Ein må ikkje bøye seg for eller tene noko anna vesen eller objekt enn Gud åleine.
Praktisk gudstjeneste og de 613 boda
Praktisk gudstjeneste inkluderer i jødedommen å helge kvardagslivet til det åndelige nivået i Tempelet i Jerusalem ved å tjene Gud gjenom de vanlege aktivitetane i dagliglivet. Slik er f.eks. matbordet sett på som eit offerbord der ein reinsar seg først (gjenom handvask med tilhørande signing) og òg seier signingar føre og etter maten. Ved sanseinntrykk (særleg syn, hørsel, lukt og smak) finst det særskilde signingar som blir framsagt. Til og med etter dobesøk finst det ei eiga signing. Det heiter tradisjonelt at detta er ein viktig del av korleis kvar jøde kan oppnå eit betre liv i ʕolám habbá (‘verda som kjem’) eller Gan ʕéden (paradis). Merk likevel at det ikkje finst noko enkelt eller eintydig bilde av livet etter døden i jødedommen, og livet etter døden er heller ikkje eit sentralt område i jødisk tru.
Utviklinga av jødedommen
Religiøst syn
Temaet i Tenákh (Den hebraiske bibelen) er israelittane (òg kalla hebrearane) sitt tilhøve til Gud som det attspeglar seg i historia deras frå den første begynnelsen til bygginga av det andre Tempelet i Jerusalem kring 350 fvt. Detta tilhøvet er skildra som problematisk, med israelittane sin indre konflikt mellom trua på Gud og tiltreknaden til andre gudar og med nokre israelittar — særlig Abrahám, Jangakób (Jakob; seinare kjent som Jisraél) og Mosjé (Moses) — sin kamp med Gud.
Etter trua i ortodoks jødedom og blant de fleste tradisjonelle og/eller religiøse jødar, var Abrahám den første jøden. Den rabbinske litteraturen hevdar at han var den første til å avvise avgudsdyrking og til å preike for monoteisme. Som løn lova Gud at Abrahám skulle få born: “Sjå no til himmels og tel stjernone — om du greier å telje dem;” og [Gud] sa til honom: “Slik skal han vara, sæden din.” (1. mos. 15:5) Det første barnet til Abrahám var Yisjmaʕél (Ismael), og den andre sonen hans var Yiṣ’ḥák (Isak), som Gud sa skulle fortsette arbeidet åt Abrahám og arve landet Yisraél (då kalla Kenàʕan (Kanaan)), etter å ha vorte sendt or landet og berga att. Gud sendte patriarken Yaʕakób og borna hans til Egypt, kor de vart gjorde til slavar nokre generasjonar seinare. Så sendte Gud Mosjé (Moses) for å berge israelittane frå slaveriet, og etter utgangen or Egypt, leidde Gud dem til Sinaifjellet og gav dem Toráen, for til slutt å føre dei til landet Yisraél.
Gud sette til oppgåve for etterkommarane av Mosjé sin bror Aharón (Aron) å vera ein kohén (jødisk prest) i det israelittiske samfunnet. Dei tente først i Paktteltet, og seinare hadde etterkommarane deiras ansvaret for gudstenesta i Tempelet i Yerusjaláim (Jerusalem).
Straks israelittane kom inn i Jisraél, vart paktteltet sett opp i byen Sjiló og vart varande der i over 300 år medan Gud let store menn og nokre kvinnor forsvara nasjonen mot fiendar som gikk til åtak på dem — nokre av dessa fiendane vart sende som straff for israelittane sine synder. Detta er skildra i Sefer Jehosjúang (Josvas bok) og Sefer Sjofetím (Domarane). Etter som tida gikk, sokk det åndelige nivået ått israelittane så djupt at Gud lét filistinarane plyndre paktteltet i Sjiló.
Israelsfolket fortalte da profeten Sjemuél (Samuel) at de hadde nådd punktet at de trengte å styrast av ein permanent konge på samma viset som andre nasjonar, som det er skildra i Samuelsbøkerne. Gud visste at detta ikkje var det beste for dem, men gav etter for bønene deras og lét Sjemuél utnemne Sjaúl (Saul), ein stor men svært audmjuk mann, til å vara kongen deras. Da folket pressa kong Sjaúl til å gå mot ein ordre som Sjemuél gav honom, bad Gud Sjemuél om å utnemne Davíd i staden hans.
Med ein gong kong Davíd hadde teke over, fortalde han profeten Natán at han ønskte å byggje eit varig tempel, og som løn for gjerningane hans lova Gud Davíd at han ville lata sonen hans byggje tempelet, og at trona aldri skulle falle or hendene ått borna hans. Davíd sjølv kunne ikkje byggje tempelet fordi han hadde vore involvert i mange krigar — noko som gjorde det omulig for honom å byggje eit tempel som skulle representere fred. Dermed vart det sonen hans, kong Sjelomó I av Jisraél (Salomo el. Salomon) som kom til å byggje det første permanente Tempelet, etter Guds vilje, i Jerusalem — som det står skrive i Kongebøkerne.
Etter at kong Sjelomó dødde, vart kongedømmet hans delt i de to kongedømma Israel og Jehudá (Juda). Etter fleire hundre år med mykje avgudsdyrking i Nordriket (Israel), lét Gud Assyria legge Nordriket under seg og sende folket i eksil. Sørriket (Jehudá), som hadde Jerusalem som hovudstad, vart varande under styret til Davids hus; men, som det òg hadde skjedd i Nordriket, vart det så mykje avgudsdyrking i Sørriket at Gud lét Babylon legge under seg Jehudá, öydelegge Tempelet som hadde stått i 410 år og føre folket i eksil i Babylon med løfte om at de skulle få fridommen sin att etter 70 år. Dessa hendingane er skildra i sefer Jesjang’jáhu (Esaias bok) og sefer Jirmejáhu (Jeremias bok).
Etter sytti år fekk jødane (som innbyggjarane i det tidlegare Sørriket (Jehudá) no vart kalla), komma tilbake til Jisraél att under ʕEzrá sin ledelse og Tempelet vart attoppbygd, som det står skrive i sefer Ngezrá (Ezras bok) og sefer Neḥemyáhu (Nehemjas bok). Det andre Tempelet i Jerusalem vart ståande i 420 år og vart så øydelagt av den romerske generalen og seinare keisaren Titus i år 70 evt. Det jødiske tempelet vil liggja i ruinar inntil ein etterkommar av kong Davíd ris opp og attopprettar Israels ære og byggjer opp att Tempelet i Jerusalem.
Toráen som vart gjeven israelsfolket på Sinaifjellet vart oppsummert i de fem mosebøkene. Samen med Nebiím (Profetane) og Ketubím (Skriftene) utgjer han Den skriftlege Toráen. Detaljane og tolkinga av loven, som blir kalla «Den munnlige Toráen», var opprinnelig ikkje nedskrivne. Men ettersom forfølginga av jødane auka og tradisjonen etterkvart stod i fare for å bli glømt, seier den rabbinske tradisjonen at desse munnlege lovane vart nedskrìvne i Misjná og Talmúd, så vel som i andre heilage skrifter.
Historisk-kritisk syn
Sjølv om monoteismen er eit grunnleggande drag i rabbinsk jødedom, hevdar fleire kritiske bibelforskarar at visse vers i Toráen impliserer at de tidlege israelittane aksepterte at fleire gudar fanst, medan de såg sin eigen Gud som den einaste Skaparen — og som derfor var den einaste som skulle tjenast — eit henoteistisk syn ikkje heilt olikt kva ein finn i deler av hinduismen.
Etter det dessa forskarane hevdar, vart det først under hellenismen at fleirtalet av jødar kom til å tru at deras Gud var den einaste Gud — og dermed alles Gud — og at Guds openberring av Toráen inneheldt universelle sanningar. Forskarane står for synet at denna nye haldninga reflekterte ei aukande ikkje-jødisk interesse i jødedommen. (Nokre grekarar og romarar rekna jødane som eit svært «filosofisk» folk fordi de trudde på ein Gud som ikkje kunne avbildast visuelt.) Samtidig førte aukande jødisk interesse for gresk filosofi, som søkte å finne universelle sanningar, til (i alle fall potensielt) idéen om monoteisme — i det minste i tydinga at «alle gudar er Éin».
Etter denna teorien begynte jødar å bryne seg på spenninga mellom partikularisme (at berre jødar plikta å overhalde Toráen) og universalisme (at Toráen inneheld universelle sanningar). Det postulerte resultatet er eit sett av trusprinsipp og religiøs praksis som gjeld identitet, etikk og samhøvet mellom menneskja og naturen og menneskja og Gud som undersøkjer og vektlegg «olikheiter» — som f.eks. olikheita mellom jødar og ikkje-jødar; de lokale olikheitene i jødisk praksis; eit skarpt blikk på olikheita i tydingane til tre ord under teksttolking; forsøk på å halde på og kodifisere olike synspunkt innaføre tekstane; og ei relativt markant unngåing av trusprinsipp og dogme.
I motsetning til det ortodokse religiøse synet på Den hebraiske bibelen, postulerer kritiske bibelforskarar òg at Toráen er oppbygd av eit tal inkonsistente tekstar som vart redigerte samen på ein måte som rettar merksemda mot avvikande tradisjonar — sjå dokumentarhypotesen.
Religiøs doktrine og trusprinsipp
- Hovudartikkel: Jødiske trusprinsipp.
Medan jødedommen alltid har halde på eit tal jødiske trusprinsipp, så finst det ikkje noka universelt godteken truvedkjenning, nokon fast dogmatikk, nokon fast definert korpus av ortodoks tru eller nokon fullt ut bindande katekisme. Denne pluralistiske haldninga til religiøs lære går attover minst 2 000 år og gjer det vanskelig å gje noka fulldekkjande skildring av jødisk teologi. Enkelte rabbinarar, menigheiter og rørsler har til tider vore einige om faste trussetningar, men samtidig har andre rabbinarar og jødiske grupper gjerne vore ueinige i detaljane. Sidan det spesifikt ikkje finst nokon sentralisert religiøs autoritet, har normalt ikkje noko spesifikt trusprinsipp vunne over noko anna trusprinsipp.
Da den jødisk-romerske historikaren Josephus prøvde å definere kven som er jødisk, la han vekt på religiøs praksis og tradisjonar heller enn på religiøs tru, og han definerte heresi som avvik i praksis heller enn som avvik i tru. Han viste til at konvertering til jødedommen inkluderte omskjering [av menn] og å binde seg til å halde seg til tradisjonell jødisk praksis. Samtidig er det på den andre sida klårt at trusprinsipp òg kan spela ei rolle, særlig i ortodoks jødedom. Trusprinsipp som ortodoks jødedom reknar som viktige nok til at den som avvisar dem offentlig risikerer å bli rekna som apikoros (‘heretikar’) inkluderer trua på at Toráen vart openberra av Gud.
I løpet av århundra er eit tal klåre formuleringar av jødiske trusprinsipp vortne framsette; mange av dem med visse fellestrekk, men med avvik i mange detaljar. Ei grundig saumfaring av dem viser mykje variasjon i toleransen for olike teologiske perspektiv. Tå alle dessa er den formuleringa som blir rekna som mest autoritativ de tretten trusprinsippa ått Maimonides:
- Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, Han skapte og rettleidde alt det skapte; og Han åleine laga, lagar og vil laga alt det lagde.
- Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, Han er Éin, og det finst ikkje ein skapar som Han blant alle andlet; og Han åleine var, er og vil vara vår Gud.
- Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, ikkje har kropp, ikkje noko kroppslig kan settast i samband med Honom og Han har ikkje noka som helst slags form.
- Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, Han er den Første og Han er den Siste.
- Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, Han åleine er det rett å be til; og det er ikkje rett å be til nokon annan.
- Eg trur med full tillit at alle profet-orda er sanne.
- Eg trur med full tillit at profetiet åt Mosjé (Moses) læraren vår, fred vere med honom, var sant, og at han var far ått alle profetane, dei som var føre honom og dei som var etter honom.
- Eg trur med full tillit at heile Toráen som vi eig no er den Toráen som vart gjeven ått Mosjé, læraren vår, fred vere med honom.
- Eg trur med full tillit at denne Toráen ikkje vil endrast, og det vil ikkje komma ein annan Torá frå Skaparen, signe Namnet Hans.
- Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, veit alle gjerningar ått menneska og alle tankane deiras — som det er sagt: «Den som formar hjarta deiras alle, Den som skjønner alle gjerningane deiras.» (Salme 33:15)
- Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, gjer godt mot vaktarane av boda Sine, og straffar overtrædarane mot boda Sine.
- Eg trur med full tillit at Masjíaḥ (Messias) vil komma, og enda om han lèt vente på seg, vil eg venta kvar dag på at han kjem.
- Eg trur med full tillit at de døde vil livne opp att på den tida det behagar Skaparen, signe Namnet Hans og sette minnet Hans høgt for evig og i ævers æva.
Den tradisjonelle jødiske bokhylla
Jødane blir ofta kalla «Bokas folk», og jødedommen har ein svært gammel intellektuell tradisjon som fokuserer på tekstbasert torástudium. Det følgjande er ei grunnleggande, strukturert liste over sentrale verk i jødisk praksis og tankegods. For eit meir detaljert oversyn, sjå artikkelen rabbinsk litteratur.
- Tenákh (Den hebraiske Bibelen, svarande til det kristne «Gamle testamentet») og jødiske bibelstudium, som inkluderer:
- Mesorá
- Targúm
- Jødisk bibelsk eksegese (sjå og Medrásj nedanfor)
- Arbeid frå den talmudiske perioden (klassisk rabbinsk litteratur)
- Misjná med sine kommentarar.
- Talmúd:
- Talmúd jerusjalmí med sine kommentarar.
- Talmúd bablí med sine kommentarar.
- Toseftá og de mindre massekhtót.
- Medrasjisk litteratur:
- Halakhisk litteratur
- De større kodifiseringane av Halakhá (jødisk religiøs og verdslig lov og skikk)
- Misjné Torá med sine kommentarar.
- Arbangá turím («Tur») med sine kommentarar.
- Sjulḥán ngarúkh med sine kommentarar.
- Andre bøker om jødisk lov og skikk
- Responsa-litteraturen
- De større kodifiseringane av Halakhá (jødisk religiøs og verdslig lov og skikk)
- Jødisk tenking og etikk
- Siddúren (den jødiske bønneboka) og jødisk liturgi
- Jødiske bøner og signingar
- Pijjutím (klassiske jødiske dikt)
Jødisk lov og interpretasjon
- Hovudartikkel: Halakhá.
Grunnlaget for jødisk lov og tradisjon («halakhá») er Toráen (dei fem mosebøkerne) Etter rabbinsk tradisjon er det 613 bod i Toráen. Nokre av dessa boda er retta utelukkande eller hovudsakleg mot menn eller kvinnor; nokre berre til kohaním (kohanittar, prestefamiliar) og leviím (levittar, tempeltjenarfamiliar); nokre berre til de som driv landbruk innaføre landet Israel; og mange galdt berre da Tempelet i Jerusalem stod. Slik er det under 300 av de 613 boda som faktisk er bindande i dag.
Mens ein del jødiske og andre israelittiske gruppor har hevda at den skriftlig overleverte Toráen er den einaste autoritative kjelda til jødisk lov (slik som sadukkearane og karaittane, og òg samaritanarane), held den største gruppa av jødar, de rabbinske jødane, på trua om at det òg finst ein autoritativ munnlig lov. Dessa munnlige tradisjonane vart traderte av farisearane under tida at det andre Tempelet stod og vart seinare skrivne ned i Misjná og kommentert, kritisert og utvida av seinare generasjonar av jødiske lærde.
Rabbinsk jødedom har allveg halde på at bøkerne i Tenákh — òg kalla «den skriftlige Toráen» — allveg har vorte tradert samen med «den munnlige Toráen». I forsvar for denna tolkinga peikar tradisjonelle rabbinske jødar gjerne på at det i sjølve toráteksten er mange odefinerte ord og mange nemnte prosedyrar som ikkje har forklåring eller framgangsmåte i grunnteksten. Detta, argumenterer dei, tyder at lesaren er venta å kjenne dessa detaljane frå den andre, munnlige versjonen. Denna parallelle tradisjonen var opprinnelig berre munnlig tradert og kom dermed til å bli kjent som «den munnlige Toráen».
Ved rebbí Jehudá hannassí (kring 200 evt.) si tid, etter Jerusalems öydelegging, vart mykje av detta materialet skrive ned og redigert samen i det som kom til å bli kjent som Misjná. Over de neste fire århundra kom denna nedskrivne lovkoden til å bli diskutert, debattert og kommentert i båe hovudsentra for jødedommen på den tida — Israel og Babylon (det novarande Irak), og kommentarane til Misjná frå dessa to samfunna kom til å bli redigerte samen i kvar si skriftsamling — Talmúd jerusjalmí og Talmúd bablí. Dessa att har vorte utlagt med kommentarar frå mange torálærde gjenom århundra.
Rabbinsk halakhá, eller det tradisjonelle rammeverket for rabbinsk-jødisk liv, er altså basert på ein kombinasjon av studium av den skriftlige Toráen på den eine sida og den munnlige Toráen, det vil seie Misjná, halakhisk medrásj og Talmúd med sine kommentarar, på den andre. Halakháen har utvikla seg sakte, gjenom eit presedensbasert system. Litteraturen av spørsmål til torálærde og de nöye gjenomtenkte svara deras blir kalla responsa (på hebraisk שְׁאֵלוֹת וּתְשׁוּבוֹת [šə’ēlōt utšūḇót]). Over tid, etter som praksisane utvikla seg, vart nye kodifiseringar av jødisk lov som baserte seg m.a. på dessa responsaa nedskrivne. Slike kodifiseringar inkluderer Misjné Torá, Arbangá turím (Tur) og Sjulḥán ngarúkh. Den sistnemnde blir rekna som den viktigaste i tradisjonell europeisk jødedom og blir sett på som autoritativ for det meste av tradisjonell asjkenazisk og sefardisk tradisjonell og ortodoks praksis fram til våre dagar.
Kva gjer ein person jødisk?
- Hovudartikkel: Kven er jøde?.
Etter rabbinsk halakhá er kvar den som er fødd av ei jødisk mor eller som har konvertert til jødedommen i samsvar med jødisk lov rekna som jøde. I karaittisk halakhá, blant samaritanarar og enkelte jødiske gruppor som inntil nylig ikkje hadde del i den talmudiske tradisjonen reknar ein derimot farssida som den avgjerande.
I utgangspunktet er det innaføre alle vanlege retningar av jødedommen mulig for ikkje-jødar som oppriktig ønskjer å konvertere å gjera det. Generelt er de ikkje-ortodokse retningane meir opne til detta enn ortodoks jødedom, og innaføre ortodoks jødedom finst det nokre gruppor som motsett seg å utføre slike konverteringar i prinsippet.
I de siste åra har reformjødedom og rekonstruksjonistisk jødedom tillate å rekne born av éin jødisk forelder som jødisk i alle tilfelle der borna er oppdregne innaføre den jødiske tradisjonen. Denna praksisen blir ikkje godteken av alle rekonstruksjonistar, og innaføre masorti (konservativ) og ortodoks jødedom blir denna reformen avvist. Born av ein jødisk far og ei ikkje-jødisk mor vil i slike fall mesta allveg bli hjølpte til å konvertere om de ønskjer det.
Jødar som sluttar å praktisere jødedommen er framleis rekna som jødiske, og det samma gjeld jødar som ikkje godtek jødiske trusprinsipp og reknar seg som agnostikarar eller ateistar. Det samma gjeld òg i prinsippet ein jøde som konverterer til andre religionar (som t.d. islām eller kristendom). Men i detta siste fallet misser denna personen statusen som medlem av det jødiske samfunnet (anna enn i fall der konverteringa vart gjort under tvang) og blir kjent som ein fråfallen. I tidlegare tider er det sagt at familie og vener ofte markerte ein formell sørgeperiode for ein slik person, men dét skjer svært sjeldant i dag.
Spørsmålet om kva som er avgjerande for jødisk identitet fekk ny aktualitet med opprettinga av staten Israel, og i 1950-åra bad David ben Gurion om syn på spørsmålet מִיהוּ יְהוּדִי («Kven er jøde?») frå jødiske religiøse autoritetar og intellektuelle over heile verda. Spørsmålet er langt ifrå avgjort i politisk forstand og dukkar stadig opp att i israelsk politikk.
Jødisk filosofi
- Hovudartikkel: Jødisk filosofi.
Jødisk filosofi som separat disiplin er i stor grad prega av dialektikken mellom studium av generell filosofi og jødisk teologi. Ein tidleg jødisk filosof som kom til å ha større innverknad på kristendommen enn på jødedom var den nyplatonske filosofen Filo frå Aleksandria. Storheitstida for jødisk filosofi fann stad i det novarande Irak, Algerie Marokko, Spania, Portugal og det sørlige Frankrike frå 800-talet til 1400-talet, da fleire jødiske filosofar var aktive og inspirerte av blant anna Platon og Aristoteles og av muslimsk filosofi. Blant de viktigaste jødiske filosofane frå denna tida kan nemnast Sjelomó ibn Gabiról, Sangad’já Gaón, Mosjé ben Maimón (Maimonides) og Leví ben Geresjón (Gersonides).
Under og etter opplysningstida frå seint på 1700-talet til innpå 1800-talet oppstod haskalá, eller den jødiske opplysningsrørsla. Ein av de første viktige representantane for haskalárørsla var Moses Mendelssohn. Moderne filosofar innaføre den jødiske tradisjonen inkluderer Martin Buber, Franz Rosenzweig, Mordecai Kaplan, Abraham Joshua Heschel, Will Herberg, Emmanuel Levinas, Richard Rubenstein, Emil Fackenheim og Joseph Soloveitchik.
Retningar av jødedommen
Etnisk inndeling
I aller vidaste forstand kan ein seie at jødedommen inkluderer samaritansk religion — ei retning som skilde lag med den øvrige jødedommen for godt over 2000 år sidan. Nærmare i slekt med kvarandre er den indiske gruppa bene Israel, den etiopiske gruppa Beta Esrael, de karaittiske jødane og den mest talrike og utbreidde gruppa, de rabbinske jødane.
Den rabbinske jødedommen kan delast inn i fleire retningar på geografisk, etnisk og tildels religiøst grunnlag. De viktigaste av dessa retningane er asjkenazisk (sentral- og austeuropeisk), sefardisk (vesteuropeisk), mizraḥisk (orientalsk) og yemenittisk jødedom. Mindre gruppor som har spela ein viktig historisk rolle inkluderer italiensk og romaniotisk (gresk) jødedom.
Religiøs og politisk inndeling
Over dei siste to–tre hundre åra har rabbinsk jødedom delt seg opp i fleire ulike retningar med ulike syn på religiøse, juridiske og politiske spørsmål. I vår tid er dei viktigaste av desse retningane ortodoks jødedom, masorti jødedom (òg kalla konservativ), rekonstruksjonistisk jødedom og reformjødedom. I motsetning til kristendommen har den rabbinske jødedommen ikkje opplevd noko gjennomgåande skisme, og dei ulike retningane av rabbinsk jødedom fortsett stadig å overlappe kvarandre i mange saker. Det er for eksempel ikkje noko uvanleg i at ein masorti jøde går til gudstenester i såvel ortodokse synagogar som reformsynagogar.
- Ortodoks jødedom held på at Toráen vart skriven av Gud og diktert ord for ord til Moses, og òg at alle lovane i Toráen er bindande og utan noka endring. De fleste retningane av ortodoks jødedom reknar generelt Sjulḥán ngarúkh, ein omfattande lovkode skriven av Joséf Karo på 1500-talet, som den definitive kodifiseringa av jødisk lov og hevdar ein full (og, etter mange sitt syn, oendra) kontinuitet mellom jødedommen føre opplysningstida og vår tids ortodokse jødedom. Ortodoks jødedom kan underdelast i hovudretningane moderne-ortodoks jødedom og ḥaredisk jødedom (òg kalla «ultraortodoks jødedom».
- Ḥasidisk jødedom er ei form av asjkenazisk jødedom som generelt kan reknast inn under ḥaredisk jødedom, men det finst òg enkelte meir moderne-ortodoksi-orienterte ḥasidiske miljø (t.d. miljøet som Shlomo Carlebach etablerte). (I tillegg er ḥasidisk jødedom det historiske utgangspunktet for den politisk venstreorienterte og religiøst reformorienterte Jewish Renewal-rørsla.)
- Ḥasidisk jødedom er ei form av asjkenazisk jødedom som generelt kan reknast inn under ḥaredisk jødedom, men det finst òg enkelte meir moderne-ortodoksi-orienterte ḥasidiske miljø (t.d. miljøet som Shlomo Carlebach etablerte). (I tillegg er ḥasidisk jødedom det historiske utgangspunktet for den politisk venstreorienterte og religiøst reformorienterte Jewish Renewal-rørsla.)
- Reformjødedom er namnet på to ulike retningar av jødedommen:
- Tysk-amerikansk reformjødedom: Den tyske og vanlegaste nordamerikanske forma av reformjødedom blir òg kalla liberal jødedom (særlig i Storbritannia og Nederland) eller progressiv jødedom i Europa og Israel i våre dagar. Detta er den klassiske reformjødedommen som han oppstod i Hamborg og vart overført til byen New York av tysk-jødiske emigrantar. Denna greina av reformjødedommen oppstod i Berlin og Hamborg i det asjkenazisk-sefardiske blandingsmiljøet der og som eit resultat av opplysningstida. Reformjødedommen definerte først jødedommen som ein religion, heller enn som ein rase eller kultur; rituelle på- og forbod frå Toráen vart avviste; og ein la vekt på det etiske bodskapet frå Profetane. Den tysk-amerikanske reformjødedommen utvikla eit eige gudstjenesteritual på det lokale hovudspråket og la vekt på personlig samband med tradisjonen heller enn på personlig rituell praksis. I dag har den tysk-amerikanske reformjødedommen generelt utvikla seg mot meir typisk jødisk rituell praksis att, og mange reformmenigheiter har teke i bruk hebraisk språk i gudstjenesta att og oppfordrar gjerne til i det minste nokre element av privat rituell praksis.
- Britisk reformjødedom: Inspirert av den tyske reformjødedommen, men med mykje større vekt på jødisk tradisjon og rituell praksis, utvikla det seg ei separat form av reformjødedom i Storbritannia og nokre byar i Nord-Amerika. Denna greina, som gjerne blir kalla britisk reformjødedom, vart i utgangspunktet igangsett av sefardiske jødar og la mykje større vekt på kontinuitet i ritualet. I staden for overgang til det lokale hovudspråket, vart hebraisk språk styrkt i gudstjenestone gjenom at arameiske bøner (slik som «Kaddísj») vart omsette til hebraisk. Denna forma av reformjødedom, som historisk sett liknar mykje på amerikansk konservativ jødedom finst i dag hovudsakleg i Storbritannia. I nyare tid har det vore noko tilnærming til tysk-amerikansk reformjødedom, og britiske reformjødar identifiserer seg gjerne meir med amerikansk reformjødedom enn med konservativ jødedom.
- Masorti jødedom (Europa og Israel) eller konservativ jødedom (USA var ei retning som tok form i Tyskland og USA mot slutten av 1800-talet gjenom ei samensmelting av to flöyer — tidlegare reformjødar som følte seg frammundgjort av den tysk-amerikanske reformrørsla si emfatiske avvising av jødisk lov og tidlegare ortodokse jødar som hadde avvist trua på at den munnlige Toráen var ofeilbarlig og kontinuerlig frå Guds openberring på Sinaifjellet til Joséf Karo sin Sjulḥán ngarúkh. I staden ville dessa legge meir vekt på kritiske studium av jødiske tekstar og historie. Masorti jødar legg vekt på at jødane er eit folk såvel som ein religion. Konservative lærde legg ofte særlig vekt på förbindelsen til amoraím — de vise debattantane i Talmúd bablí, som var opne for og tok del i debattar og omtolkingar av jødisk lov.
- Rekonstruksjonistisk jødedom begynte som ei rasjonalistisk filosofisk retning innaføre amerikansk konservativ jødedom og vart seinare utskilt som ei sjølvstendig rørsle som legg vekt på omtolking av jødedommen i det moderne samfunnet.
- Humanistisk jødedom eller human-etisk jødedom er ei lita ikkje-teistisk rørsle som legg vekt på jødisk kultur og historie som kjeldene til jødisk identitet. Retninga vart starta i USA av rabbinar Sherwin Wine og har hovudutbreiinga si i Nord-Amerika. Det finst òg ein del tilhengarar av humanistisk jødedom i Europa, Latinamerika og Israel.
- (Kristne reknar stundom òg den kristne misjonsreligionen «messiansk jødedom» (som fremjar den kristne trua på Jesus som Messias) som ei retning av jødedom. Men den jødiske sjølvforståinga i heile spekteret frå ortodoks til reform er at denna retninga ikkje fell innaføre jødisk religion, men snarare under kristendommen.)
Mange religiøse/praktiserande jødar ser ikkje på de religiøse retningane som ein gyldig måte å karakterisere jødar på. I staden klassifiserer de jødar etter graden av religiøs praksis etter deras eige religiøse utgangspunkt. De fleste ortodokse jødar meiner at de jødane som ikkje held lovane for sjabbát, jom tob (helgdagar), kasjrút (kosthaldslovane) og tahoràt hammisjpahá (lovane om menstruasjon og familiereinskap) lyt reknast som ikkje-religiøse. Tilsvarande vil de seie at kvar jøde som held minst dessa lovane (i tolkinga deras) oftast blir definerte som religiøse/praktiserande.
Jødisk bøn og rituell praksis
Bøn
- Hovudartikkel: Jødiske bøner og gudstjenestor.
I rabbinsk jødedom er det tre daglige gudstjenestor på vanlege dagar — sjaḥarít (‘morgons’), minḥá (‘mjøloffer’, ettermiddagsbøn) og ngarbít (‘kvelds’). (Mange asjkenazím kallar kveldsgudstjenesta maʿarív i staden.) Alle dessa gudstjenestone inneheld ein velsigningsserie som blir kalla «ngamidá» (‘ståande’). Ngamidáen blir òg nokre gonger kalla tefillá (‘bøn’). Særlig blant asjkenazím er det vanleg å kalle ngamidáen «sjemoné ngesré» (‘18’), ettersom ngamidáen i tidlegare tider omfatta atten bøner på vanlege kvardagar. (Kring tida at Misjná vart skriven ned vart detta talet utvida til 19.) Ei anna hovudbøn er «Sjemáng Jisraél» (‘Hør, Israel’). Denna bøna blir lesa under sjaḥarít og ngarbít, og gjerne òg privat når ein legg seg om kvelden.
Dei fleste bønene i tradisjonelle jødiske gudstjenestor kan seiast både i fellesgudstjenesta og som privat bøn. Unntak frå denna regelen inkluderer «Kaddísj» og «Kedusjá» (‘Heligbøna’) — bøner som berre skal seiast i minján — det vil seie ei gruppe av minst ti religiøst myndige og teljande jødar. (Olike gruppor definerer minjánen noko olikt — med asjkenazisk ortodoks jødedom som berre tel jødiske menn og gutar over 13 år på den eine sida av skalaen, og rekonstruksjonistisk jødedom som tel både kvinnor (over 12 eller 13 år) og menn (over 13 år), så lenge de har minst éin jødisk forelder.
Det finst og andre bøner og velsigningar som blir sagde ved olike høve i løpet av dagen — slik som t.d. signinga før og etter maten.
Det finst eit tal vanlege jødiske religiøse symbol og objekt som blir bruka under bøn. Talléten er eit jødisk bønesjal. Ein kippá (ofte òg kalla jármelke blant asjkenazím) er ein kalott mange jødiske menn og nokre kvinnor dekkjer hauda sine med under bøn og elles når ein er i synagogen. Mange ortodokse jødar, særlig asjkenazím, har kippáen på seg heile dagen. Tefillín (bønereimer) er boksar som inneheld pergamentlappar med sitat frå Toráen som blir sett på som pålegg om å skrive orda på armen og binde dem mellom augone. Tefillín blir bruka av de fleste praktiserande jødiske menn og nokre praktiserande jødiske kvinnor (særlig kvinnor frå ikkje-ortodokse, praktiserande jødiske miljø). Ein brukar tefillín under morgongudstjenesta på de fleste kvardagar, og stundom under ettermiddagsgudstjenesta på enkelte fastedagar (men aldri på jom kippúr, på jom tób eller sjabbát).
Den jødiske tilnærminga til bøn varierer mellom de olike greinene av jødedommen. Medan alle vanlege undergruppor av rabbinske jødar brukar det samma materialet av bøner og tekstar (men ein del lokal variasjon i resensjonen), er det mykje variasjon i kor ofte ein faktisk gjenomfører offentlig eller privat bøn, kva for bøner ein tek med eller utelèt ved olike høve og kva språk ein brukar for de olike bønene. Ein hovudtendens er at ortodokse jødar les det fulle hebraiske/arameiske ritualet på originalspråka og at reformjødar les eit avkorta ritual med mykje bruk av omsettingar såvel som samtidige dikt og songar av både jødisk og ikkje-jødisk opphav. Konservativ og rekonstruksjonistisk jødedom ligg oftast ein stad mellom dessa ytterpunkta.
Sjabbát
- Hovudartikkel: Sjabbát.
Sjabbát, den jødiske kviledagen som varar frå fredagskvelden ved solnedgang til laurdagskvelden etter solnedgang blir feira til minne om Guds kviledag etter de seks skapingsdagane slik de er skildra i Første mosebok. Sjabbáten spelar ei sentral rolle i jødisk praksis, og ein stor del av halakhá (jødisk religiøs lov) dreier seg om lovar, skikkar og føreskrifter for sjabbát. Mange reknar sjabbáten som den aller viktigaste jødiske høgtida.
Jødiske høgtider
- Hovudartikkel: Jødiske høgtider.
Dei jødiske høgtidene markerer sentrale tema i samhøvet mellom Gud og verda, slik som skapinga, openberring og berging. Somme helgdagar er òg tilnytte årssyklusen i landbruket.
Dei tre valfartshøgtidene: Tre høgtider feirar openberringa ved å minnast olike hendingar under israelittane sin utgang av Egypt for å vende attende til Kenàngan. Dessa høgtidene ligg òg ved årstider som passar med viktige punkt i landbruket i Israel. Dessa tre høgtidene er òg valfartshøgtider da israelittane reiste til Jerusalem for å ofre i Tempelet.
- Pesaḥ, òg kalla jødisk påske, blir feira til minne om utgangen av Egypt og fell dessutan samen med bygghausten i Israel. Detta er den einaste av de tre valfartshøgtidene som i dag legg meir vekt på feiring heime, på sedermåltidet med lesing av Haggadáen, enn på markering i synagogen. Pesaḥ fell på den 15. nisán. Nisán er den første månaden i den religiøse jødiske kalenderen til minne om at det var i denna månaden at israelittane forlét Egypt. Frå dagtid på den 14. nisán til etter solnedgang ved utgangen av den 21. eller 22. nisán (avhengig av tradisjon) er det forbode etter halakhá å eta og eiga noko slags ḥaméṣ — gjæra eller syra mat som inneheld noko av de fem kornslaga bygg (fire- og seksradsbygg), toradsbygg, durumkveite (inkludert spelt), brødkveite (inkludert emmer) eller einkorn. (Og i praksis òg rug og triticale.) Som førebuing til denna høgtida tek oppleitinga av ḥaméṣ og reingjeringa i praksis form av ei grundig vårreingjering.
- Sjabungót, òg kalla vekkofesten eller jødisk pinse, finn stad sju vekkor etter pesaḥ og er ei markering av Mosjé (Moses) si gjeving av dei ti boda til israelittane og markerer samtidig slutten av bygghausten og begynnelsen av kveitehausten.
- Sukkót, òg kalla lauvhyttefesten, markerer minnet om israelittane si vandring i öydemarka. Høgtida blir markert ved at ein sett opp småe, meir eller mindre kåteaktige, hyttor (sukkót, cabañas) som representerer de daglige krypinna israelittane bygde seg på vegen gjenom öydemarka. Sukkót fell samen med frukthausten og markerer slutten på det israelske landbruksåret.
Dei høge heligdagane:
- Rosj hasjaná, òg kalla jom hazzikkarón (‘minnesdagen’) eller jom teru‘á (‘sjofárblåsingsdagen’) blir ofte kalla «jødisk nyår» fordi denna dagen markerer den sjette dagen av skapingsverket. Denna dagen fell på 1. og 2. tisjré og markerer begynnelsen av det jødiske sivile året. Det er òg ei bergingshøgtid og markerer begynnelsen på den ti dagar lange soningsperioden som munnar ut i kippúr.
- Kippúr, eller soningsdagen, er den jødiske bots- og bededagen. På denna dagen er alle religiøst myndige jødar pålagte å faste og be om tilgjeving for alle synder ein gjorde seg skyldig i i året som gikk. Kippúr er den aller viktigaste høgtidsdagen i det jødiske året og den einaste av høgtidene som har like strenge helgdagsbod som sjabbát.
Mindre høgtider:
Blant fleire mindre høgtider kan nemnast ḥanukká, som feirar atterinnviinga av Tempelet i Jerusalem etter makkabearane sitt opprør mot det gresk-syriske selevkiddynastiet; og purím, som er ein karnevalliknande fest med opplesing av megillàt Estér (Esters bok) og minnest korleis Estér og onkelen hennar, Mordekhái, berga dei persiske jødane da den vonde Hamán konspirerte mot dei for å utslette dei.
Torálesing
- Hovudartikkel: Torálesing.
Kjernen i sjabbát- og heligdagsgudstjenesta er den offentlige lesinga av Toráen etterfølgd av opplesing av haftaráen — utvalte avsnitt frå dei andre bøkerne av Tenákh. I løpet av året les dei fleste rabbinsk-jødiske samfunna heile Toráen, og syklusen begynner på nytt att kvar haust under høgtida simḥat Torá (‘glede over Toráen’). I andre jødiske samfunn, slik som i Galilea før korstoga, har det vorte bruka ein syklus på tre eller tre og eit halvt år i staden. Ein del ikkje-ortodokse jødiske menigheiter brukar ein treårssyklus som ikkje er basert på den galileiske torásyklusen, men på ei underdeling av eittårssyklusen.
Synagogar og andre jødiske bygningar
- Hovudartikkel: Synagoge.
Synagogar er jødiske bede- og studiehus som vanlegvis inneheld eitt eller fleire rom spesifikt for gudstjenestor, mindre rom for studium, og ofte òg eitt eller fleire rom til utdaning og sosiale funksjonar. Utover at ein synagoge normalt aldri er korsforma, finst det ikkje noka allmenngyldig planlöysning som er felles for alle synagogar. Eit gudstjenesterom i ein synagoge har vanlegvis nokre eller alle av dessa kjennetekna:
- Ei ark (kalla Hekhál av sefardím og aron kódesj av asjkenazím) der torárullane blir oppbevart. Arka har ofte ein parókhet (forheng) enten innaför eller utaför arkdörene.
- Ei stor, opphøgd plattform som sefardím kallar tebá, tyske og polske asjkenazím kallar almemmar eller balemmer og austeuropeiske asjkenazím kallar bima. Denna plattforma kan liggja midt i rommet, attast (typisk sefardisk og romaniotisk) eller fremst (vanleg i asjkenazisk jødedom, særlig i ikkje-ortodokse menigheiter). Denna plattforma blir bruka til torálesing, og i sefardiske og nokre asjkenaziske synagogar blir heile gudstjenestone leia derifrå.
- Eit evig lys (ner tamíd), ei lampe fremst i rommet som alltid skal vara tent og som er eit minne om den alltid brinnande sjuarma menoráen (lysestaken) i Tempelet i Jerusalem.
- I asjkenaziske synagogar har ein òg ofte ein preikestol fremst i synagogen som det blir preika frå og ein ngamúd — ein lesepult framføre arka som ḥazzánen (kantoren) leier gudstenestene frå.
I tillegg til synagogar finst det òg andre bygningar og institusjonar som har viktige religiøse funksjonar i jødedommen. Eksempel på slike er ḥadarím (eintal «ḥeder», grunnleggande religionsklasse) yesjibót (eintal «yesjibá, vidaregåande religiøs læreinstitusjon) og mikvót (eintal «mikvé», rituelt bad).
Kosthaldslovar (kasjrút)
- Hovudartikkel: Kasjrút.
Kasjrút er omgrepet for dei jødiske kosthaldslovane. Mat som kan etast etter jødisk religiøs lov blir kalla kasjér (frå hebraisk) eller koscher (gjenom tysk og jiddisch frå hebraisk); og mat som ikkje kan etast blir oftast kalla taréf/terefá (hebraisk) eller treif (jiddisch). Det går fram av Tredje mosebok at målet med kasjrút er å auke graden av rituell reinheit og heligdom, men samtidig òg helse. Kasjrút inneber å unngå å eta dyr som sjølve er rovdyr eller åtselsdyr. Dermed er det t.d. forbode å eta rovdyr, rovfuglar, sjøpattedyr og ofisk (inkludert hai, steinbit, marulk (breiflabb) og skaldyr). I tillegg er det forbode å blande pattedyrkjøtt (dei fleste inkulderer òg fugl) og mjølk i samma måltidet, sidan detta blir sett på som brott på bodet om ikkje å koke kjeet i mjølka av mora si. Dei fleste ortodokse, konservative og andre tradisjonelle jødar (inkludert mange rekonstruksjonistiske jødar) følgjer dessa lovane i ein eller annan grad.
Familiereinskap (tahoràt hammisjpaḥá)
- Hovudartikkel: Tahoràt hammisjpaḥá.
Lovane om niddá (menstruerande kvinne) og ymse andre lovar som set rammeverket for korleis menn og kvinnor samhandlar med kvarandre (f.eks. ṣeningút, blygskap i klesvegen) er særlig blant ortodokse jødar sett på som svært viktige element i jødisk livsførsel. I meir liberale retningar av jødedommen er tendensen at dessa lovane blir rekna som mykje mindre viktige. Loven om niddá krev at samleie ikkje kan finne stad medan kvinna framleis har menstruasjonsblødning, og når sjølve menstruasjonen er over lyt ho telja sju «reine» dagar og deretter lauga seg i ein mikvé føre ho kan ha samleie att.
Livssyklus
Livssyklusen blant jødar inneheld overgangsritar som stadfestar identiteten og hjölper til å halde det jødiske samfunnet samen:
Tidleg barndom:
- Berít milá — omskjering, namngjeving og velkomstseremoni for jødiske gutar åtte dagar etter fødselen.
- Zebed habbát — namngjeving og velkomstseremoni for jødiske jentor, oftast i løpet av dei tretti første dagane etter fødselen. (Denna seremonien har hovudsakleg italiensk og sefardisk opphav, og er først sidan slutten av 1900-talet begynt å bli vanleg i asjkenazisk jødedom under ymse namn.)
Pubertet: Ved tolv og tretten års alder blir jødiske jentor og gutar rekna for religiøst myndige og er frå no av ansvarlige for å halde alle boda i Toráen på samma vis som vaksne jødar.
- Bar miṣvá — konfirmasjonsrituale for tretten år gamle gutar.
- Bat miṣvá — konfirmasjonsrituale for tolv (eller tretten) år gamle jentor.
- Bat ḥájil — valfritt konfirmasjonsrituale for jentor i 14–15-årsalderen
Familieliv:
Sjukdom:
- Rogativa — forbøn for alvorlig sjuke.
- Birkàt gomél — takkseiingsbøn for dem som har greidd seg gjenom sjukdom eller farlige situasjonar
Død og sorg:
Jødedommen og andre religionar
Kristendommen og jødedommen
- Samenlikning av jødedommen og kristendommen
- Jødisk-kristne
- Kristendommen og antisemittismen
- Den historiske Jesus
- Det jødiske synet på Jesus
Sidan Holocaust har det vore mykje arbeid for forsoning mellom nokre kristne gruppor og det jødiske folket. For meir om detta, sjå forsoning mellom kristne og jødar.
Jødar for jesus
«Messiansk jødedom» eller hebraisk kristendom er fellesnamn for eit tal kristne gruppor som inkluderer olike gradar av jødisk praksis. Mange av dessa gruppone arbeider målretta med misjon retta mot jødar og har oppnådd å trekke til seg fleirfaldige tusen jødar og kristne. Dessa gruppone blir sett på med sterk ovilje av alle retningar av jødedommen, som typisk sett ser på dei som meir eller mindre fordekte og oærlige misjonærar for kristendommen. Dei messianske gruppone sjølve nektar vanlegvis at detta er tilfelle.
Mormonartrua og jødedommen
- Hovudartikkel: Mormonartrua og jødedommen.
Om eit medlem av Dei siste dagars helige har stadfesta jødisk arv og avstamming, blir denna personen rekna for å vara av Judas stamme og blir dermed rekna som både mormonar og jøde av mormonske autoritetar.
Jødedommen og islām
- Hovudartikkel: Islām og jødedommen.
Mange jødiske samfunn har lege under muslimsk styre i kortare eller lengre periodar innaføre de siste mesta 1500 åra, og detta har ført med seg eit samspel mellom dessa religionane på godt og vondt. Perioden kring 900–1200 i det maurisk-styrte Andalucía i det sørlige Spania kom til å bli kjent som «den gylne tidsalderen for jødisk kultur i Spania». Da jødane vart utviste frå det da kristne Spania i 1492, vart de kollektivt inviterte til å busette seg i Det osmanske riket — eit tilbod mange nytta seg av.
På 1900-talet har fiendskapen ein del muslimske og mange islamistiske leiarar har vist mot sionismen, den politiske rørsla for jødisk sjølvstyre i det historiske landskapet Israel/Palestina, ført til ny interesse for spørsmålet om samhøvet mellom jødedommen og islam.
Sjå òg:
Kjeldor
- Dosick, Wayne: Living Judaism: The Complete Guide to Jewish Belief, Tradition and Practice.
- Encyclopaedia Judaica. CD-ROM Edition. Keter Publishing, 1997
- Gillman, Neil: Conservative Judaism: The New Century. Behrman House.
- Gurock, Jeffrey S.: American Jewish Orthodoxy in Historical Perspective KTAV, 1996.
- Guttman, Julius: Philosophies of Judaism JPS, 1964. (oms. av David Silverman)
- Holtz, Barry W. (red.): Back to the Sources: Reading the Classic Jewish Texts.. Summit Books
- Johnson, Paul: A History of the Jews. HarperCollins, 1988
- Mayer, Egon, Kosmin, Barry og Keysar, Ariela: «The American Jewish Identity Survey»; ein del av The American Religious Identity Survey, City University of New York Graduate Center. Ein artikkel om denna undersøkinga er trykt i The New York Jewish Week, 2. november 2001.
- Utne, Olve: «Generelt om jødisk religion og kultur» på Hassafon
- Weber, Max: Ancient Judaism. Free Press, 1967. ISBN 0029341302
- Wertheimer, Jack: A People Divided: Judaism in Contemporary America. Brandeis University Press, 1997.
Sjå òg
Jødar og jødedom
- Jødar for informasjon om jødar frå ei nasjonal, etnisk og kulturell vinkling.
- Jødisk historie
- Antisemittisme
- Israel
- Sekulær jødisk kultur
- Sionisme
Jødisk lov og religion
- Halakhá (religiøs lov)
- Torá
- Rabbinsk litteratur, inkludert Talmúd
- Jødiske gudstjenestor
- Jødiske bøner (inkludert signingar)
- Jødisk eskatologi, jødiske syn på Messias og på liv etter døden.
- Kjønnsrollor i jødedommen
Samenliknande
Lenkjer
Norge
- Det mosaiske trossamfund i Oslo (ortodoks menigheit)
- Det mosaiske trossamfunn, Trondheim
- Hassafon (ein skandinavisk nettressurs for jødisk religion og kultur)
Sverige
Danmark
Utanlandske lenkjer
Allment
- Judaism 101, ein omfattande OSS skriven av ein bibliotekar. (engelsk)
- «Judaism» frå Microsoft Encarta
- «Judaism» frå Jewish Encyclopedia (1901–1906)
- Omfattande lenkjesamling frå Shamash.org
- «Introduction to Judaism» frå About.com.
- «Judaism» frå ReligionFacts.com.
- «Jewish Concepts» frå Jewish Virtual Library.
Ortodoks / moderne ortodoks / ḥasidisk
- The Orthodox Union (offisiell nettstad)
- Chabad-Lubavitch (offisiell nettstad)
- What is Orthodox Judaism? Frequently Asked Questions and Answers
- «The Various Types of Orthodox Judaism»
- «The State of Orthodox Judaism Today»
Masorti (konservativ) jødedom
- The United Synagogues of Conservative Judaism (offisiell nettstad)
- Introduction to Conservative Judaism
- The State of Conservative Judaism Today
Reformjødedom
- Reform Judaism (UK) (offisiell nettstad)
- Reform Judaism (USA) (offisiell nettstad)
- The Origin of Reform Judaism
- What is Reform Judaism? Frequently Asked Questions and Answers
- Jewish Virtual Library articles on Reform Judaism
Rekonstruksjonistisk jødedom
- Jewish Reconstructionist Federation (offisiell nettstad)
Humanistisk jødedom
- Society for Humanistic Judaism (offisiell nettstad)
Karaittisk jødedom
Jødisk religiøs litteratur og tekstar
- Wikisource Pentateuch (på hebraisk).
- Complete Tanakh (på hebraisk, med vokalteikn).
- English Tanakh frå Jewish Publication Society-versjonen frå 1917.
- Torah.org - The Judaism Site (òg kjent som Project Genesis) Inneheld torákommentarar og tenákhstudium, samen med jødisk etikk, filosofi, høgtider og andre klassar.
- The complete formatted Talmud online. Tolkingsvideoar for kvar side frå eit ortodokst perpektiv på fransk, engelsk, jiddisch og hebraisk.
- Divrei Torah — Commentaries. Lenkjer til mange kjelder til dibré Torá. Tolkingar av og diskusjonar om deler av Tenákh frå mange olike ståstader.
- Jewish Texts - Internet Resources
Torástudium-prosjekt på Wikimedia
Tekststudieprosjekt på Wikisource. I mange fall er den hebraiske versjonen av dessa prosjekta kommen mykje lengre enn andre språkversjonar (som t.d. engelsk).
- Mikraót Gedolót (rabbinsk bibel) på hebraisk (eksempel) og engelsk (eksempel).
- Tengamím på «Vayavinu Bamikra»-prosjektet — føreligg på hebraisk (med mesta 200 opptak) og engelsk.
- Misjná på hebraisk (eksempel) og engelsk (eksempel).
- Sjulḥán ngarúkh på hebraisk og engelsk (hebraisk tekst med engelsk omsetting).
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License. |