Jødearabisk
Frå Esnoga.no
Jødearabisk er ein samleterm for arabiske dialektar som blir tala av jødar og skrivne med hebraisk skrift. Jødearabisk inneheld eit stort tal lånord frå hebraisk og arameisk, særleg innanfor emne som har med jødedom, halakhá (jødisk religiøs lov) og jødisk kvardagsliv å gjera.