Esnoga.no:Hovudside
Frå Esnoga.no
(Omdirigert frå Hovudside)
- Esnoga.no er ein skandinavisk nettressurs for sefardisk religion, språk og kultur. Så langt har Esnoga.no 560 artiklar og 611 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.
- Esnoga.no es un recurso web escandinavo para la religión, los idiomas y la cultura de los sefaradim. Hasta ahora hay 560 páginas y 611 imágenes y otros archivos multimedia aquí, y hay más en camino.
- Esnoga.no is a Scandinavian web resource for Sephardi religion, languages and culture. Thus far, Esnoga.no has 560 pages and 611 pictures and other media files, and more are on their way.
SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS |
Kvar kveld under den åtte dagar lange lyshøgtida ḥanukká tenner vi lys i ein ḥanukkiyya. Ein ḥanukkiyya er ei oljelampe eller ein lysestake med plass til åtte lys og samt oftast eitt i tillegg som «tenarlys». Første kvelden tenner vi eitt lys og tenaren, andre kvelden to lys og tenaren, og så vidare inntil vi tenner alle åtte lysa og tenaren på den åttande kvelden. Les meir …
Ḥanukká (hebr. חֲנֻכָּה eller חֲנוּכָּה), stundom òg skrive chanukka og ofte kalla den jødiske lysfesten, blir feira i åtte døgn kring nymåne i desember — frå 25. kislév til eit par dagar uti tebét. I 2022 varer ḥanukká frå solnedgang søndag den 18. desember til solnedgang måndag den 26. desember. Kvar kveld tenner vi lys i ein ḥanukkiyya (sjå bildet) Ein ḥanukkiyya er ei oljelampe eller ein lysestake med plass til åtte lys, og éin plass for «tenaren» (sjå meir om tenaren i kapitlet «Tenning av lys»). Første kvelden tenner vi eitt lys og tenaren, andre kvelden to lys og tenaren, og så vidare inntil vi tenner alle åtte lysa og tenaren på den åttande kvelden. Vi et gjerne mjølkemat (særlig mizraḥisk og sefardisk skikk) og mat steikt eller kokt i olje (særlig asjkenazisk og tildels sefardisk skikk). Elles er det vanleg å gje kvarandre gåver og å synge eller spela glad musikk. Les meir …
Ein ḥanukkiyya (djudeospanyol/hebr. חֲנֻכִּיָּה) eller ḥanukkilje (portugisarjødisk nederlandsk chanukilje frå portugisisk hanuquilha og kastiljansk hanuquilla) er ei oljelampe eller ein lysestake med plass til åtte lys på eitt plan og i tillegg som regel eitt høgare (eller lågare) lys som blir bruka under den jødiske lyshøgtida ḥanukká. Les meir …
Den portugisiske Nakskauer Menighed med Henriques-esnogaen i København i Danmark vart oppretta i eller rett føre 1750 av Henriques-brørne som arvtakar etter den første esnogaen i København, som hadde vore driven av Isak Granada (d. 1731). Forstandaren kring 1784 var Abraham Henriques. Esnogaen låg da truleg i Snaregade, der Marcus Valentin, Jacob Moses Magnus, Samuel Fraenkel og Moses Bendix Schiff budde med familiane sine. Esnogaen brann ned i den store brannen i 1795. Truleg etablerte menigheita den nye esnogaen i Gammel Mønt, der forstandaren, silke- og klædekræmmer Moses Ruben Henriques budde i mange år. Les meir …
Abraham Lopez var ein portugisarjødisk handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra saman med bror sin, Leon Lopez. Abraham Lopez ser ut til å ha gifta seg med Charlotte Feit og busett seg i Stockholm. Abraham Lopez ( ~ Lopes) finst nemnt i norske aviser fleire gonger i 1840-åra. Les meir …
Leon Lopez, òg skrive Leo(n) Lopes, var ein portugisarjødisk kjemikar og handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra. Da han og den asjkenaziske jøden Emanuel Philipsen frå Fredericia i Danmark vart arrestert på falskt grunnlag i Christiania i 1844, var ein del av resultatet at Høgsterett den 4. november 1844 for første gong sidan føre Grunnlova vart vedteken i 1814 erklærte at portugisarjødar ikkje var å rekne som forbodne i riket. Les meir …
Adolph de Lemos (1848; d. 25. mai 1900) var ein portugisarjødisk kjøpmann som opprinneleg kom frå Hamburg. Han er nemnt i folketeljinga for 1875 under Drammen som tilfeldig besøkjande. I tida frå 1879 og fram til 1888 dreiv han som kjøpmann i Oslo, med unntak av desember 1880 til oktober 1881, da han hadde handelsborgarskap i Tromsø. I 1888 flytta familien til Hamburg att. Dei kom til Oslo att i 1898, to år føre Adolph døydde den 25. mai 1900. Les meir …
Sigrid de Lemos (f. 8. mars 1883 i Kristiania; d. 1942 i Auschwitz) var språklærar i Oslo. Ho vart fødd 8. mars 1883 i Kristiania som det andre av tre born av Rosalie de Lemos, f. Nathan (f. 1855 i Rendsburg; d. 1930 i Oslo) og Adolph de Lemos (f. 1848 i Hamburg; d. 1900 i Kristiania). Ho tok handelsskulen, og etter det studerte ho språk i utlandet. Da ho kom tilbake til Oslo etter studia, arbeidde ho som språklærarinne i Oslo. Les meir …
Kahal Kados Bet Israel i Hamburg vart grunnlagt i 1652 da dei tre tidlegare portugisarjødiske menigheitene K"K Talmud Torah, K"K Keter Torah og K"K Nevé Salom slo seg i hop. Esnogaen vart bygd i sørvestenden av Alter Wall, der K"K Nevé Salom hadde halde til sidan 1612. Esnogaen vart selt til høgtyske jødar i 1835, og han brann ned fredagsmorgonen den 6. mai 1842 under den store Hamburgbrannen den 5.–8. mai. Menigheita fortsette i provisoriske lokale heilt til den nye esnogaen i Zweite Marktstraße 6 stod klar i september 1855. Les meir …
Esnogaen i det som no er 5 Creechurch Lane i London vart innreidd i 1657 og var den første offisielle synagogen i England sidan utvisninga av jødane frå England i 1290. Denne esnogaen var i bruk fram til Bevis Marks-esnogaen vart innvigd i 1701. Les meir …
Tebá (hebr. תֵּבָה el. תֵּיבָה [tē'bā]) er det hovudsakleg sefardiske og italkiske namnet på plattforma i esnogaen der det er ein lesepult der torálesinga og (særleg i sefardisk jødedom) forrettinga av gudstenestene går for seg. I tradisjonelle sefardiske, provençalske, italkiske og romaniotiske synagogar er tebáen vanlegvis plassert nært atterenden av esnogarommet. Les meir …
Mezuzá (hebr. מְזוּזָה tyder eigentleg ‘dørkarm’. Mezuzáen har to deler: 1: ein keláf (pergament) med to handskrivne sitat frå 5. mosebok, og 2: ein liten avlang boks eller sylinder som vanlegvis er laga av metall, glass eller tre. Utanpå boksen står gjerne enten ש (sjin) eller שדי — Sjaddái — eitt av namna som blir brukt for å vise til Gud i jødedommen. Det er ein miṣvá frå Torá å ha mezuzót ved dørene og portane til jødiske heimar. Les meir …
Ein sefer (hebr. סֵֽפֶר ['sēfer], pl. sefarím) eller sefer Torá (hebr. סֵֽפֶר תּוֹרָה ['sēfer tō'rā], pl. sifré Torá), òg kalla torárull eller lovrull, er ein pergamentrull med to spindlar og som inneheld den hebraiske teksten av Toráen (Mosebøkene). For å vera kasjér (brukande etter halakhá) lyt kvar einaste bokstav vera handskreven av ein sofér — det vil seie ein som er ekspert på handskriving av visse typar dokument på hebraisk. Les meir …
Ein ṣiṣít (hebr. צִיצִת el. צִיצִית [ṣīṣīt]; fleirtal ṣiṣiyyót), òg skrive tsitsit og tzitzis, er ei hjørnefrynse på ein tallét (bønesjal). Fram til kring 600- til 800-talet hadde ṣiṣiyyót, som generelt er kvite, éin tråd farga med det blåe fargestoffet tekhélet. Etter den tid er tilverkingsmåten for tekhélet vorte glømt, og hovudsynet i rabbinsk jødedom er at ein ikkje kan bruke andre fargestoff for blåfargen i ṣiṣiyyót enn den originale tekhélet. Det er derfor vanlegast i nyare tid å sjå einsfarga kvite ṣiṣiyyót. I 1913 erklærte r. Isaac Herzog at den mest sannsynlege kjelda til historisk tekhélet var purpursnegelen Murex trunculus, sjølv om det på den tida ikkje fanst nokon kjent prosess som resulterte i blå pigmentering frå den kjelda. I 1980 oppdaga prof. Otto Elsner i Israel at sekret frå Murex trunculus farga ull indigoblå om fargeprosessen skjedde i sterkt sollys. Les meir …
Ḥakhám Jangakób ben Aharón Sasportas (1610–1698) var ein sefardisk rabbinar og erklært motstandar av den falske masjíaḥen Sjabbetái Ṣebí. Jangakób ben Aharón Sasportas vart fødd i Oran i Algerie i 1610. Sasportas-familien frå Oran i Algerie var etterkommarar etter Naḥmanides (haRamban). Namnet deiras kjem frå «Seis Portas» (seks portar). Frå 24-årsalderen arbeidde ḥakhám Jangakób ben Aharón Sasportas i ei jødisk menigheit i Tlemcen i Marokko, og seinare òg i Fez og Sali. Frå 1653 til han døydde den 15. april 1698 var han hovudsakleg basert i Amsterdam, med unntak av ein femårsperiode kring andre halvdel av 1670-åra da han var i Livorno i Italia. Les meir …
Ann-Gaëlle Attias er ein fransk-sefardisk kvinneleg rabbinar av marokkansk-jødisk bakgrunn. Tidlegare har ho arbeidd som journalist. Ho studerte ved Zacharias Frankel College ved Universität Potsdam der ho fikk semikhá i alder av 48 år søndag den 23. oktober 2022 som den 6. kvinnelege rabbinaren frå Frankrike. Samtidig fekk to andre semikhá: Irene Miriam Muzas Calpe frå Barcelona og Andrés Bruckner frå Columbia. Dette var for øvrig dei tre første rabbinske ordinasjonane i Brandenburg sidan 2. verdskrigen. Ho er tilsett som leiar for Association des Juifs Libéraux de Toulouse i Toulouse. Les meir …
Rebbí Yiṣ’ḥák ben Yàʕakób hakkohén Alfassi (1013–1103), hebr. יִצְחָק הַכֹּהֵן אַלְפַסִּי Yiṣḥāq hakkōhēn Alfassī, ofte kalla רי”ף RIF, særleg blant asjkenazím, var ein sefardisk rabbinar som er særleg kjent for verket Sefer hahalakhót, ofte rekna som det første storverket i den halakhiske litteraturen. Yiṣ’ḥak ben Yàʕakób hakkohén vart fødd i Algerie i 1013 og studerte i Kairouan i Tunisia under Nissím ben Yaʕakób og Ḥananél ben Husjiél, dei anerkjente rabbinske autoritetane i Nord-Afrika på den tida. Han flytta seinare til Fez i Marokko til eit meir tolerant miljø. Det jødiske samfunnet i Fez tok på seg å støtte honom og familien hans slik at han kunne arbeide uforstyrra på boka Sefer hahalakhót. Les meir …
Borekas, òg skrive borecas, burekas og burecas, svarar til börek på tyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drevne gatekjøken i Norge under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er börek ein innbakt butterdeigspai på størrelse med ein munnfull eller tre med fyll av fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo ihop den tyrkiske böreken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borekas. Les meir …
Ei mina de maṣṣá (pl. minas de maṣṣá) er ein sefardisk innbakt maṣṣá-pai med grønsaker eller kjøtt. Til eit kjøttmåltid er det vanleg med lammekjøtt som basis. Ein setám (parve, nøytral) variant er purrefyll. Til mjølkemåltid kan fyllet vera for eksempel spinat og fetaost. Les meir …
Keftes de prasa eller fritas de prasa er lappar av prasa (purre) som tradisjonelt blir etne under ḥanukká, rosj hasjaná og pesaḥ av osmanske sefardím og ein del syriske jødar. Keftes de prasa kan vera setám (sjå oppskrift nedanfor), men kan òg vera enten ḥaláb (om ein f.eks. legg til litt feta) eller basár (keftes de prasa i karne, om ein legg til kjøtt). Les meir …
Flory Jagoda (f. 21. desember 1923; d. 29. januar 2021) var ein sefardisk kvinneleg songar, gitarist og komponist som blant anna er kjent for å ha skrive songen «Ocho candelicas». Ho gav ut fire plater, den siste av dei i 2005. Flory (Floritza) Papo vart fødd inn i ein sefardisk familie i Sarajevo i Bosnia-Hercegovina i det daverande Jugoslavia i 1923, men mora og stefaren flytta til Zagreb i Kroatia da ho var lita. Flory budde med bestemor si i to år føre ho flytta etter til Zagreb, der ho fikk formell musikkundervisning. Da det fascistiske ustaša-marionettregimet vart innsett av Nazi-Tyskland i 1941, kom det fort antisemittiske lovar. Familien flykta derifrå snart etter. Les meir …
«Bendigamos al altísimo», oftast rett og slett kalla «Bendigamos», er ein song som er bygd over same temaet som Birkàt hammazón (signinga etter maten) og som ofte blir sungen i samband med Birkàt hammazón blant portugisarjødar på Gibraltar, i Amsterdam, i London og andre plassar i Vest-Europa, så vel som i dei gamle portugisarjødiske samfunna vestom Atlanterhavet (inkludert New York City, Philadelphia og Curaçao). Songen er òg bruka i dei gamle sefardiske samfunna i Bordeaux og Bayonne i Frankrike, men der syng dei han i ein fransk versjon. Les meir …
Tehillím 92, eller «Mizmór sjir leyóm hasjabbát», blir sungen som del av ngarbít på fredagskvelden og markerer det punktet i gudstenesta at menn ifølgje Sjulḥán ʕarúkh (Óraḥ ḥayyím 261:4) tek på seg sjabbátkvila, enda om det skulle vera føre solnedgang. I fredagskveldsgudstenesta kjem «Mizmór sjir leyóm hasjabbát» etter «Lekhá dodí» og føre Tehillím 93 («Adonái malákh, geút labésj»). Les meir …
Elias Canetti (25. juli 1905—13. august 1994) var ein bulgarsk-fødd sefardisk forfattar og mottakar av Nobelprisen i litteratur (1981). Elias Canetti vart fødd i Rustschuk (no Ruse), ein hamneby ved Donau-elva i Bulgaria, tett ved den rumenske grensa. Han tala flytande djudeospanjol og bulgarsk alt tidleg i barndommen. I 1911 flytta familien til England, der Elias lærte engelsk. Etter at faren dødde i 1912, levde familien eit omflakkande liv i de tyskspråklege landa Tyskland, Sveits og Austerrike. Frå 1924 budde han i Wien, der han fikk doktorgraden i kjemi i 1929. Les meir …
Karl Emil Franzos (f. 25. oktober 1848; d. 28. januar 1904) var ein austerriksk-jødisk forfattar og redaktør som særleg er kjent for å ha gjeve ut den første utgåva av Woyzeck (1879) og for å ha grunnlagt tidsskriftet Deutsche Dichtung. Karl Emil Franzos vart fødd den 25. oktober 1848 i Podolia i Ukraina av sefardisk far og Odessa-jødisk mor. Han vaks opp hovudsakleg i shtétlen Czortków in Galicja. Far hans, ein distriktslege, døydde tidleg, og etter at Karl Emil hadde fullført gymnaset i Czernowitz i Bukovina laut han arbeide som lærar for å forsørgje seg sjølv og gjera seg klar til universitetsstudia. Han studerte juss ved universiteta i Wien og Graz, men etter at han bestod eksaminasjonen for statlige juristar, avbraut han den karrieren og begynte som journalist i staden. Les meir …
Abraham de Casseres, òg skrive Abraham de Cáceres, var ein portugisarjødisk musikar som levde i Nederland tidleg på 1700-talet. Første gong vi hører om honom er i 1718. Frå 1720 til 1740 var han komponist for den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam. Han sette blant anna musikk til fleire av dikta av Moses Hayyim Luzzatto. Av verk etter honom kjenner vi blant anna kantaten Hesqui hesqui, som han komponerte i 1725 til ein tekst av Ishac Aboab da Fonseca for simḥàt Torá. Les meir …
Hebraisk (frå hebraisk עִבְרִית [ʕib'ri:t]) er eit vest-semittisk språk som er nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tenákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skreve med det hebraiske alfabetet. Les meir …
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed følgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar. Les meir …
Djudeospanjol eller djudeospanyol, òg skrive judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanjol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanjol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding. Les meir …
Amedeo Modigliani, fødd 12. juli 1884 i Livorno i Italia, død 24. januar 1920 i Paris i Frankrike, var ein italiensk kunstmålar, skulptør og teiknar. Modigliani var det fjerde og yngste barnet til Flaminio Modigliani og Eugenia Garsin. Heimbyen hadde ei stor jødisk befolkning, og han vart fødd inn i ein opprinneleg velståande sefardisk familie. Broren Giuseppe Emanuele Modigliani var ein sosialistisk politikar. I 1895, elleve år gammel, vart han ramma av lungehinnebetennelse, og da han var fjorten fikk han tyfus. I 16-årsalderen fikk han lungehinnebetennelse att og pådrog seg òg tuberkulose. I rekonvalesensperioden bestemte han seg for å begynna å måle, og mor hans ordna det slik at han fikk studere med landskapsmålaren Guglielmo Micheli i Livorno. Les meir …
Samuel Jessurun de Mesquita (f. 6. juni 1868 i Amsterdam; d. 1944 i Auschwitz) var ein høgt respektert grafisk kunstnar frå Amsterdam som blant anna var lærar for den kjente kunstnaren M.C. Escher (1898–1972). I åra etter andre verdskrigen, da han og heile familien hans vart myrda av nazistane, vart de Mesquita og kunsten hans meir eller mindre glømt. Takka vere Escher, som rekna honom som både mentor og ven, har namnet hans trass alt vorte hugsa, og kunsten hans er i ferd med å komma fram i lyset att. Les meir …
Salomon «Sally» Ruben Henriques (f. 13. november 1815 i København; d. 29. april 1886 København) var ein dansk målar, bror til Nathan og Samuel Henriques. Foreldra hans var vekselerar Ruben Henriques junior (1771–1846) og Jeruchim (Jorika) født Melchior (1785–1857). Etter tre år i handelen bestemte han seg til å satse på kunst da han var tjue. Etter anbefaling frå G.F. Hetsch begynte han å besøkje Kunstakademiet sine skular i 1836. I 1837 vart han elev ved Modelskolen, og han utdana seg vidare ved dei private målarskulane til J.L. Lund og C.W. Eckersberg. Les meir …
The Jewish Theological Seminary of America, kjent i jødiske kretsar rett og slett som JTS, er eitt av dei akademiske og åndelege sentra i amerikansk konservativ jødedom så vel som i masorti jødedom generelt. Attmed The University of Judaism i Los Angeles og Machon Schechter i Jerusalem er det eitt av dei viktigaste rabbinske seminara i masortirørsla. Skulen vart etablert i 1886, og namnet og den grunnleggande ideologien vart henta frå det historiske Jüdisch-Theologisches Seminar i Breslau (Wrocław). Les meir …
Ann-Gaëlle Attias er ein fransk-sefardisk kvinneleg rabbinar av marokkansk-jødisk bakgrunn. Tidlegare har ho arbeidd som journalist. Ho studerte ved Zacharias Frankel College ved Universität Potsdam der ho fikk semikhá i alder av 48 år søndag den 23. oktober 2022 som den 6. kvinnelege rabbinaren frå Frankrike. Samtidig fekk to andre semikhá: Irene Miriam Muzas Calpe frå Barcelona og Andrés Bruckner frå Columbia. Dette var for øvrig dei tre første rabbinske ordinasjonane i Brandenburg sidan 2. verdskrigen. Ho er tilsett som leiar for Association des Juifs Libéraux de Toulouse i Toulouse. Les meir …
Der Israelitische Tempel in der Poolstraße i Hamburg-Neustadt var frå 1844 til 1931 synagogen til den reformjødiske Neue Israelitische Tempel-Verein. Synagogen vart bygd i tida 1842–1844 etter tekningane til arkitekten Johann Hinrich Klees-Wülbern, som tidlegare hadde teikna Israelitisches Krankenhaus. I dag finst berre restane av den vestlege forhallen og den austlege apsisen att av den ein gong treskips synagogen som separate krigsruinar — hovudskipet vart øydelagt i 1944. Fasaden på inngangsfløya i vest var flankert av to slanke, åttekanta tårn inspirert av minaretar og tok òg opp i seg andre element frå nymaurisk arkitektur. så vel som frå klassisistisk-nygotisk byggjestil. Les meir …
Jødisk fornying (nyn./bm. jødisk fornying; bm./da. jødisk fornyelse; sv. judisk förnyelse) eller Jewish Renewal (en.), òg stundom kalla nyḥasidisme, er ei primært nordamerikansk rabbinsk-jødisk religiøs rørsle som har utspring i ḥasidisme, men med sterk vekt på likestilling mellom kjøna, vekt på fredsarbeid og miljøvern, sterke synkretistiske drag og med ei forståing av jødedommen som «ein religiøs sivilisasjon i stadig utvikling» — ei forståing som er lånt frå rekonstruksjonistisk jødedom. Dei viktigaste ledarane i Jewish Renewal-rørsla er Zalman Schachter-Shalomi og Arthur Waskow. Les meir …
Aryeh Kaplan (1934–1983) var ein amerikansk ortodoks rabbinar og forfattar av opprinneleg osmansk-sefardisk bakgrunn som var kjent for den inngåande kunnskapen sin om både fysikk og kabbalá. Han var kjent som ein original tenkjar og produktiv forfattar — frå studiar kring Torá, Talmúd og mystikk til introduksjonspamflettar om jødisk tru og filosofi retta mot ikkje-religiøse og nylig-religiøse jødar. Verka hans blir rekna som ein vesentleg faktor i framveksten av bangal tesjubá-rørsla. Innanfor sefardisk jødedom blir han særleg hugsa for omsettinga til engelsk av Mengám longéz. Les meir …
Ortodoks jødedom er ei retning av rabbinsk jødedom som ser på halakhá som eit absolutt bindande, overordna og i alle hovudtrekk statisk lovsystem for det jødiske folket. I ortodoks jødedom blir det særleg lagt vekt på kasjrút (matforskrifter), sjabbát (kviledagen) og tahoràt hammisjpaḥá (rituell reinheit i ekteskapet). I hovudtrekk inneber ortodoks jødedom òg et restriktivt syn på kol isjá (kvinnestemmer), zimmún/minyán (teljing av religiøst myndige jødar), kvinner og tallét/tefillín og meḥiṣṣá (skilje mellom manns- og kvinneavdelingar i synagogen, og stundom i andre samanhengar); men i desse spørsmåla er det noko variasjon i den liberale enden av spekteret. Les meir …
Interne ressursar – Internal resources – Recursos internos
SKRIFTER: | Tenákh (Torá · Nebiím · Ketubím) Talmúd (Misjná · Jerusjalmí · Bablí · Toseftá) · medrásj · Emunót vedeʕót Misjné Torá · Túr · Sjulḥán ʕarúkh · Thesouro dos Dinim · Meʕám loʕéz |
LÆRDOM: | talmúd Torá (grunnskule) · meldado (studiekveld) · mekhiná (førebuingsår) · yesjibá (seminar) · sjiʕúr (studieøkt) · semikhá (ordinering) · |
SYMBOL: | tallét (bønesjal) · tefillín (bønereimer) · mezuzá · luláb · sjofár (bukkehorn) · rimmón (granateple) |
ESNOGAS: | esnoga (synagoge) · Hekhál (ark) · sefer (séfer Torá, torárull) · tebá (leseplattform) · minyán · sjalíaḥ ṣibbúr · ḥazzán (kantor) · rabbinar · sjaḥarít (morgongudsteneste) · musáf (tilleggsgudsteneste) · minḥá (ettermiddagsgudsteneste) · neʕilá (avsluttande ettermiddagsgudsteneste (berre på kippúr)) · ʕarbít (kveldsgudsteneste) Skandinavia: Den første esnogaen i København · Den portugisiske Nakskauer Menighed · Altona: K"K Newe Salom (1771–1882) · Hamburg: K"K Talmud Torah ( ? -1652) · K"K Bet Israel (1652–1842) · K"K Bet Israel (1855–1934) · K"K Bet Israel (1835–1940) · Øvrige Tyskland, Austerrike og Sveits: Der Türkische Tempel (Wien 1888–1938) · Balkan: Cahal Grande (București) · Cahal Chico (București) · Templul Sefard (Constanța) · Storbritannia: Creechurch Lane (1657–1701) · Bevis Marks (1701– ) · Nederlanda: K"K Talmud Torah (1639–1675) · K"K Talmud Torah (1675– ) · Nord- og Sør-Amerika: |
SJABBÁT: | sjabbát · hadlakat nér (lystenning) · kiddúsj (signing av vinen) · birkàt hammazón (signing etter maten) · Bendigamos al altísimo · Ya komimos · habdalá |
HØGTIDER: | høgtider · pesaḥ (påske) · sefiràt haʕómer · lag laʕómer · sjabuʕót (vekefesten, pinse) · tisjʕá beáb · seliḥót · rosj hasjaná (nyår) · kippúr (soningsdagen) · sukkót (lauvhyttefesten) · ḥanukká (lyshøgtida) · tu bisjbát · purím (“karneval”) |
LIVET: | Barndom: fødsel · milá (omskjering/namngjeving av gut) · pidyón habbén · zebed habbát (namngjeving av jente) Ungdom: bar miṣvá (konfirmasjon av gut) · bat miṣvá (konfirmasjon av jente) · bat ḥáyil (konfirmasjon av jente) Ekteskap: ḥuppá (bryllaup) · ketubbá · get (skilsmisse) · yibbúm (leviratekteskap) · ḥaliṣá (avvising av yibbúm (leviratekteskap)) Sjukdom og heiling: arvelege sjukdommar · mi sjebberákh · rogativa (forbøn) · birkàt gomél (takkseiingsbøn) Død og sorg: levayyá (gravferd) · hasjkabá (minnebøn) · Kaddísj |
MAT/DRIKKE: | mat · kasjrút · sjeḥitá («schächting») · sjabbát · jom tób · pesaḥ Bakverk: bimuelos (oljebollar) · borekas (børek) · boyos (bollos, bollar, inkl. gemberbolus) · jødekaker · maṣṣá (flatbrød, usyra brød) · pan de sabbá (sjabbátbrød) · pittá (flatkaker) · roskas (anisbollar) Middagsretter: aroz amariyo (gul ris) · aroz kon tomat (tomatris) · bacalao (torsk med tomat og løk) · kodrero al horno (omnssteikt lammebog) · dolmas (yaprikas, fylte vinblad, kålrulettar) · falafel (friterte kikerterbollar) · ḥammín (dafina) · ḥaróset (fruktsaus for pesaḥ) · huevos ḥaminados (langkokte egg) · ḥummus (kikerterstuing) · keftes de prasa (purrelappar) · mina de maṣṣá (flatbrød-pai) · pescado frito (fritert fisk) · |
MUSIKK: | sefardisk |
SPRÅK: | hebraisk · arameisk · jødearabisk · portugisisk · kastiljansk (spansk) · ladino (omsettingsspansk) · djudeospanjol (djudezmo, jødespansk) |
RETNINGAR: | samaritansk · karaittisk · rabbinsk: mizraḥisk · sefardisk · romaniotisk · italkisk · asjkenazisk ortodoks · masorti (konservativ) · rekonstruksjonistisk · progressiv · fornying · humanistisk |
Eksterne ressursar – External resources – Recursos externos
- Portugisarjødar
- K"K Talmud Torah - Amsterdam, Nederland
- S&P Sephardi Community - London, England
- Liturgical Music of Shaar Hashamayim - London, England
- Shearith Israel - New York, New York, USA
- K"K Mikveh Israel - Philadelphia, Pennsylvania, USA
- Beth Midrash Eleazar: a Sepharadi educational center in the Caribbean - ḥakhám Yehonatan Elazar-DeMota
- Mikvé Israel-Emanuel - rekonstruksjonistisk, Curaçao
- Maghrebím
- Rabbi David Kadoch på YouTube
- Osmanske sefardím
- Sephardic.com - ḥazzán Hezkia Eliezer Arochas
- The Sephardic Jewish Brotherhood of America - La Ermandad Sefaradi
- Zemirot.org - et arkiv av osmansk-sefardisk og romaniotisk liturgi frå Tyrkia, Hellas og Balkan
- Osmanske sefardím ― Europa
- Sinagoga Sukat Šalom - Beograd, Serbia
- Osmanske sefardím ― USA ― nordaust
- The Sephardic Jewish Center of Canarsie - Cedarhurst, New York, USA
- The Sephardic Temple of Cedarhurst - Cedarhurst, New York, USA
- The Sephardic Jewish Center of Forest Hills - Forest Hills, New York, USA
- Osmanske sefardím ― USA ― søraust
- Congregation Or VeShalom - progressiv sefardisk - Atlanta, Georgia, USA
- Temple Moses Sephardic Congregation of Miami (kubansk) - Miami Beach, Florida, USA
- Osmanske sefardím ― USA ― midtvesten
- Etz Chaim Sephardic Congregation (selaniklí, monastirlí, tyrkisk) - ortodoks sefardisk - Indianapolis, Indiana, USA
- Osmanske sefardím ― USA ― vest
- Congregation Ezra Bessaroth (rodeslí) - Seattle, Washington, USA
- Hazzan Isaac Azose - Seattle, Washington, USA
- Sephardic Bikur Holim Congregation (tyrkisk) - Seattle, Washington, USA
- Congregation Ahavath Achim - Portland, Oregon, USA
- Sephardic Temple Tifereth Israel - Los Angeles, California, USA