Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion

Frå Esnoga.no
HUC i Greenwich Village på Manhattan i New York.
Foto: Jim Henderson

Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion, òg kjent som HUC eller HUC-JIR, er det eldste rabbinske seminaret i Nord- og Sør-Amerika og det viktigaste seminaret for utdanning av rabbinarar, kantorar, lærarar og menigheitsarbeidarar i progressiv jødedom. Det vart grunnlagt i 1875 under ledelse av rabbinar Isaac Mayer Wise i Cincinnati i Ohio i USA. I 1950 fikk skulen ei avdeling i New York City etter ihopslåing med Jewish Institute of Religion, og seinare vart òg andre avdelingar lagt til i Los Angeles (1954) og Jerusalem (1963).

Frå avdelinga i Jerusalem.

I dag er Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion eit internasjonalt rabbinsk seminar og universitet med studietilbod på mastergrads- og doktorgradsnivå innanfor fleire ulike akademiske disiplinar og profesjonsstudium, inkludert musikk og bibelsk arkeologi. Berømte folk med tilknyting til skulen inkluderer Judah Magnes, Abraham Joshua Heschel og Nelson Glueck.

Lenkjer


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Hebrew Union College from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.