Haim Bejarano

Frå Esnoga.no
Foto av Haim Bejarano frå da han var rabbinar i Edirne i åra kring første verdskrigen.

Haim Bejarano (18461931) var ein osmansk-sefardisk ḥakhám, diktar og språkforskar frå Bulgaria som blant anna virka som rabbinar ved Cahal Grande i București i Romania og som rabbinar i Edirne i Tyrkia; og i det siste tiåret av livet sitt som hahambaşı (overrabbinar) for Tyrkia. Han er blant mykje anna kjent som diktaren av ḥanukkasongen «Ḥag hammakkabbím».

Bakgrunn og oppvekst

Haim Bejarano (Ḥayyím Bedjarano) vart fødd i 1846 i Zagora i Bulgaria av mora Kalo Kalderón (dotter av h. Yiṣḥák Barúkh Kalderón) og faren Moshè Bejarano.