Hadlakat nér sjel ḥanukká
|
Kvar kveld under den åtte dagar lange lyshøgtida ḥanukká tenner vi lys i ein ḥanukkiyya. Ein ḥanukkiyya er ei oljelampe eller ein lysestake med plass til åtte lys og samt oftast eitt i tillegg som «tenarlys». Første kvelden tenner vi eitt lys og tenaren, andre kvelden to lys og tenaren, og så vidare inntil vi tenner alle åtte lysa og tenaren på den åttande kvelden.
Kossen tenner vi ḥanukkiyyaen?
Ein skal helst stille ḥanukkiyyaen i glaset (vindauget); eller evt. ute, på venstresida av husdøra om ein lever i eit klima der det er muleg. Den vanlegaste sefardiske tradisjonen er å bruke éin ḥanukkiyya per familie, men i asjkenazisk tradisjon er det vanleg at kvart familiemedlem har sin eigen ḥanukkiyya.
Ḥanukkiyyaen har plass til 8 «vanlege» lys pluss «tenaren».
Tenaren er den som skil seg ut frå dei andre. På symmetriske ḥanukkiyyas er tenaren oftast midt på og enten høgare eller lågare plassert. Mange ḥanukkiyyas har tenaren plassert utpå eine sida. Tenaren kan kallast sjammásj (vanleg sefardisk tradisjon; Iraq) eller sjammósj (Syria).
Det er to hovudmåtar å tenne ḥanukkiyyaen på:
- Den sefardiske måten er å bruke ei eiga fyrstikk eller eit eige lys til å tenne de vanlege lysa og sjammásjen med. Vi lærer i «Hannerót hallálu» at vi ikkje har lov til å hisjtammésj bahén, det vil seie ‘late dem (altså ḥanukkálysa) tene oss’. Derfor, etter at vi har tent dei vanlege lysa, tenner vi ein sjammásj (ein ‘tenar’) — eit ekstra lys som tener som lyskjelde for det arbeidet vi måtte komma til å gjera, slik som å synge frå ein siddúr, pakke opp gåver o.a. Derfor tenner vi sjammásjen aller sist, slik at han kan brinne minst like lenge som dei andre lysa.
- Den asjkenaziske måten er å tenkje på sjammásjen som «tenaren» vi tenner de andre lysa med. Dei fleste asjkenazím tenner dermed sjammásjen først og brukar han til å tenne dei andre lysa med før dei set han på plassen sin heilt til slutt.
Etter Sjulḥán ʕarúkh: Den første kvelden sett vi eit lys på plassen lengst til høgre, sett frå den sida vi står på når vi tenner lysa. Andre kvelden sett vi eit lys på same plassen pluss eitt nest lengst til høgre. Slik fortset det til vi har fylt opp alle plassane frå høgre mot venstre på den åttande kvelden. Vi skal alltid tenne det «nye» lyset først. Det vil seie at vi tenner lysa frå venstre mot høgre.
Etter Thesouro dos Dinim: Den første kvelden sett vi eit lys på plassen lengst til venstre, sett frå den sida vi står på når vi tenner lysa. Andre kvelden sett vi eit lys på same plassen pluss eitt nest lengst til venstre. Slik fortset det til vi har fylt opp alle plassane frå venstre mot høgre på den åttande kvelden. Vi skal alltid tenne det «nye» lyset først. Det vil seie at vi tenner lysa frå høgre mot venstre.
Kva tid tenner vi ḥanukkiyyaen?
På vanlege kvardagskveldar — frå søndag kveld til torsdag kveld — kan vi tenne ḥanukkálysa før eller etter solnedgang. Helst bør vi tenne dei slik at dei brenn når det er folk ute — i tråd med bodet om å kunngjera underet.
Vi skal ikkje tenne noko levande lys på sjabbát. For ḥanukkálysa vil dette seie:
- Lysa skal tennast før solnedgang på fredagskvelden.
- På laurdagskvelden skal lysa derimot alltid tennast etter solnedgang.
Kor lenge skal ḥanukkiyyaen brenne?
I utgangspunktet skal ḥanukkiyyaen brenne ein halvtime. Fredagskvelden bør ein passe på å ha nok olje eller lange nok lys til at ḥanukkiyyaen kan brenne til ein halv time etter solnedgang.
Tenning av lysa
Gjer lysa klare i ḥanukkiyyaen etter diagrammet ovanfor, inkludert sjammásjen. Ha eit eige lys eller ei lang fyrstikk klar. Sei så den følgjande signinga rett før du tenner det første lyset: בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. אֲשֶׁר קִדְּשָֽׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו. וְצִוָּֽנוּ לְהַדְלִיק נֵר (שֶׁל) חֲנוּכָּה׃ | ||
Signa er Du, ADONÁI, vår Elohím, regent over universet, som helga oss med boda Dine og baud oss å tenne lys for ḥanukká. |
Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mèlekh háʕolám, asjèr kiddesjánu bemiṣvotáv veṣivvánu lehadlík nér (sjel) ḥanukká. |
Bendito tu .A. nuestro Dio Rey del mundo, que nos santificó en sus encomendanças, y nos encomendó para hazer encendér candela de Hanucah. |
Mens du tenner lysa, sei denne (desse) signinga(ne): בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. שֶֽׁעָשָׂה נִסִּים לַֽאֲבוֹתֵֽינוּ. בַּיָּמִים הָהֵם. בַּזְּמַן הַזֶּה׃ | ||
Signa er Du, ADONÁI, vår Elohím, regent over universet, som gjorde under for foreldra våre i dei dagane, på denne tida. |
Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mèlekh háʕolám, asjèr kiddesjánu bemiṣvotáv veṣivvánu lehadlík nér (sjel) ḥanukká. |
Bendito tu .A. nuestro Dio Rey del mundo, que hizo milagros a nuestros padres, en los dias estos, en el tiempo el este. |
Den første kvelden vi tenner ḥanukkálysa seier vi sjeheḥejánu òg:
בָּרוּךְ אַתָּה יי. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. שֶׁהֶֽחֱיָֽנוּ וְקִיְּמָֽנוּ וְהִגִּיעָֽנוּ לַזְּמַן הַזֶּה׃ | ||
Signa er Du, ADONÁI, vår Elohím, universets regent, som heldt liv i oss og heldt oss oppe og lét oss nå denna tida. |
Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mélekh hangolám, sjeheḥejánu vekijjemánu vehiggingánu lazzemán hazzé. |
Bendito tu .A. nuestro Dio Rey del mundo, que nos abiviguo, y nos sostuvo, y nos allegó al tiempo este. |
Ikkje tenn sjammásjen enno; syng «Hannerót hallálu».
Hannērót hallálu
Det følgjande er den sefardiske utgåva av «Hannerót hallálu». For varianttekstar, så i hovudartikkelen om songen.
הַנֵּרוֹת הַלָּֽלוּ אָֽנוּ מַדְלִיקִין. עַל הַנִּסִּים וְעַל הַפּוּרְקַן וְעַל הַגְּבוּרוֹת וְעַל הַתְּשׁוּעוֹת וְעַל הַנִּפְלָאוֹת וְעַל הַנֶּֽחָמוֹת. שֶׁעָשִֽׂיתָ לַֽאֲבוֹתֵֽינוּ. בַּיָּמִים הָהֵם. בַּזְּמַן הַזֶּה. עַל יְדֵי כֹּֽהֲנֶֽיךָ הַקְּדוֹשִׁים. וְכָל־שְׁמוֹנַת יְמֵי חֲנוּכָּה. הַנֵּרוֹת הַלָּֽלוּ קֹֽדֶשׁ הֵן. וְאֵין לָֽנוּ רְשׁוּת לְהִשְׁתַּמֵּשׁ בָּהֵן. אֶלָּא לִרְאוֹתָן בִּלְבַּד. כְּדֵי לְהוֹדוֹת לִשְׁמֶֽךָ עַל נִסֶּֽךָ וְעַל יְשֽׁוּעָתֶֽךָ וְעַל נִפְלְאוֹתֶֽךָ׃ | ||
Dessa lysa tenner vi for teikna og for berginga og for storverka og for frelsa og for undra og for trøystene som du gjorde for foreldra våre, i dei dagane, på denne tida, gjennom hendene til Dine heilage kohaním. Og alle dei åtte ḥanukká-dagane er desse lysa heilage, og det er ikkje lov for oss å late dei tene oss, anna enn berre å sjå på dei for å gje takk til Namnet Ditt for teikna Dine og frelsa Di og for undra Dine. |
Hannerót hallálu ánu madlikín ʕal hannissím veʕal happurkán, veʕal haggeburót, veʕal hattesjungót, veʕal hanniflaót, veʕal hanneḥamót, sjeʕasíta làaboténu bayyamím hahém, bazzemàn hazzé, ʕal yedé kohanékha hakkedosjím. Vekhol-sjemonàt yemé ḥanukká hannerót hallálu kódesj hén, veén lánu resjút lehisjtammésj bahén, ellá lirotán bilbàd, kedé lehodót liSjmékha, ʕal nissékha, veʕal yesjúʕatékha, veʕal nifleotékha. |
Las candelas estas nos encendientes por las señales, y por la redemcion, por las barraganias, y por las salvaciones, y por las maravillas, y por las conortes que heziste á nuestros padres en los dias essos, en el tiempo este, por manos de tus sacerdotes los santos, y todos ocho dias de Hanucah, las candelas estas santidad ellas, y no á nos licencia para servirse con ellas, salvo para verlas solamente, para loar á tu nombre, por tus señales, y por tu salvacion, y por tus maravillas. |
Etter at Hannerót hallalu er ferdigsungen, tenn sjammásjen. |
Etter lystenninga
Etter at lysa er tent, er det vanleg å eta god mat, å gje kvarandre gåver og å synge ḥanukkásongar.
Songar
Blant sefardím er det i våre dagar vanleg å synge «Salme 30» («Mizmór sjír ḥanukkàt habbájit leDavíd»). De fleste asjkenazím, og i vår tid ein del sefardím òg, syng den asjkenaziske mellomalderhymnen «Maʕóz ṣúr».
Sefardiske songar
Populære sefardiske songar inkluderer «Mi ze jemallél», «Hazeremos una merenda», «Siete hijos tiene Ḥanná», «Quita ’l tas» og «Ocho candelicas» (Flory Jagoda).
Asjkenaziske songar
Populære asjkenaziske songar inkluderer «O, ir kleine lichtelech» (Morris Rosenfeld (1862–1923)) og «Channeke, oi channeke» (Mordkhe Rivesman (1868–1924)). I USA er engelskspråklige songar populære i mange familiar: «I have a little dreidel».
Israelske songar
Frå slutten av 1800-talet av har det oppstått ein hebraiskspråklig, asjkenazisk-dominert kultur i Israel. (Hebraisk-språklig kultur hadde det vore lenge före den tida i Israel, men da først og fremst innaför sefardisk kultur.) Typiske songar som reflekterer denna delen av den israelske kulturen inkluderer «Mi yemallél» og «Sevivón», så vel som omsettingar til hebraisk av jiddische ḥanukkásongar.