Habdalá

Frå Esnoga.no
Habdalá. Illustrasjon frå eit spansk manuskript frå 1300-talet.

Habdalá eller havdalá (hebr. הַבְדָּלָה [haḇdālā]) er namnet på ein jødisk seremoni som markerer overgangen frå sjabbát eller ei jødisk høgtid til kvardag eller frå sjabbát til ei jødisk høgtid.

Habdaláen markerer alltid overgangen frå meir heilag til mindre heilag. Det fulle ritualet frå sjabbát til kvardag på ein laurdagskveld (når denne kvelden ikkje er høgtidsdag), inneheld desse elementa:

  1. Ein tenner eit levande lys (gjerne eit fletta lys eller eit lys med fleire veikar)
  2. Ein innleiingsdel — denne delen varierer mellom ulike jødiske retningar og etter om ein gjer habdalá i synagogen eller heime.
  3. Signing av ein bekar med kasjér vin eller druejus. (Ein drikk ikkje vinen enno.)
  4. Signing av velduftande urtar eller krydder. Ein luktar på kryddera.
  5. Signing av elden.
  6. Signing av skilnaden mellom helg og kvardag.
  7. Ein drikk så vinen eller jusen og sløkkjer det levande lyset att.