Guevos ḥaminados

Frå Esnoga.no
Guevos ḥaminados.
Foto:Olve Utne

Guevos ḥaminados (j.sp.) eller huevos ḥaminados (kastiljansk) er egg som har vore trekt i mange timar — enten i ḥammín eller for seg sjølv med løkskrell og ofte litt kaffe eller te i vatnet. Når ein kokar dei separat, så kan dei takast ut og skalet småknusast for å få ein marmorert effekt på dei ferdige, skrelte egga (sjå bilde). Guevos ḥaminados er ein klassisk sefardisk matrett for både sjabbát og pesaḥ og kan serverast varme eller kalde.

Bildegalleri