George Frideric Handel: Judas Maccabæus
|
George Frideric Handel skreiv fleire oratorium med tekst frå Den hebraiske bibelen — bl.a. Esther (1718), som vart omsett til hebraisk og oppført under purím alt på 1700-talet.[1]
Händels oratorium Judas Maccabæus vart oppført første gong onsdag 1. april 1747 kl. 18:30 i Theatre Royal, Covent Garden i London. Konserten vart annonsert i The General Advertiser dagen i forvegen og på konsertdagen:
Covent Garden. At the Theatre-Royal in Covent Garden. Tomorrow, will be perform’d a New Oratorio, call’d JUDAS MACCHABAEUS with a New Concerto (...) To begin at Half an Hour after Six o’clock. (Sitert frå: Walker 1969) |
Librettoen var skriven av Rev. Thomas Morell på basis av 1. og 2. Makkabearbok, og handlar såleis om nettopp kjernen i ḥanukkáfeiringa — historia om makkabearane sitt opprør mot de hellenske herskarane frå år 165 føre den moderne tidsrekninga.
Når Morell og Händel tok utgangspunkt i denna historia, så heng det i hop med to ting:
- Greven av Cumberland (William Augustus, Duke of Cumberland (1721-1765)) gjekk sigrande ut av slaget ved Culloden (på Culloden Moor, ved Inverness i Skottland) 16. april 1646, etter berre 40 minutt. Med sin hær på 9000 mann mot jakobittane sin 5000 manns sterke høglandshær miste greven av Cumberland berre 50 menn, og jakobitt-opprøret var endelig nerslege.
- London-jødane spela ei avgjerande rolle når det galdt å sikre økonomien under Cumberlands mobilisering — eit faktum som var solid anerkjent i samtida.
Ved å velje nettopp makkabearopprøret som tema kunne Morell og Händel ære både greven av Cumberland (med å samanlikne han med Jehudá Hammakkabbí) og jødane (med å skrive og oppføre eit oratorium som fortel om jødisk heltemot og triumf).
Händels Judas Maccabæus står i dag som det viktigaste eksemplet på barokk ḥanukkámusikk.
Fotnotar
- ↑ Samma librettoen som Händel bruka til Esther vart bruka i hebraisk omsetting i det nylig attoppdaga oratoriet Ester (1774) av Cristiano Giuseppe Lidarti (1730–ca1793)