Gabriel Farhi

Frå Esnoga.no
Rabbinar Gabriel Farhi les frå Toráen.

Gabriel Farhi (f. 1968) er ein liberal rabbinar av osmansk-sefardisk slekt frå Frankrike.

Gabriel Farhi vart fødd den 25. mai 1968 som son av rabbinar Daniel Farhi. Han studerte ved det rabbinske seminaret Leo Baeck College i London og vart ordinert som rabbinar der i 1996. Til daglig arbeider han som rabbinar i synagogen i rue Gaston de Caillavet i 15ème arrondissement i Paris og som sjukehusrabbinar ved l’Hôpital européen Georges-Pompidou i Paris. Han er òg ein av de tre rabbinarane som ledar Mouvement Juif Libéral de France (‘den liberale jødiske rørsla i Frankrike’). Rabbinar Gabriel Farhi har ved ei rekkje tilfelle markert seg som ein tilhengar av dialog mellom israelarar og arabiske palestinarar for å løyse Midtaustkonflikten, og han er medlem av sponsorkomitéen for La paix maintenant, den franske støtteorganisasjonen for den israelske fredsrørsla שלום עכשיו (Sjalóm ngakhsjáv!, ‘Fred no!’). Sidan 1999 har han hatt eit fast innslag på lokalradiostasjonen Judaïques FM i Paris om søndagsmorgonane kl. 8:35 med kommentarar om fredsarbeidet i Israel. Gabriel Farhi er gift og har to born.

Den 3. januar 2003 vart rabbinar Gabriel Farhi overfalt med kniv og fikk fleire kutt i magan framför synagogen i rue Pétion i Paris. Overfallsmannen hadde ein hjelm på seg og ropa Allahu akbar! i følgje Farhi. Nokre få dagar seinare tok fleire politiske leiarar del i ei markering for å ta avstand frå slike otolelige valdshandlingar. Da politiet ikkje hadde funne gjerningsmannen etter nokre månader, snudde de i staden mistanken mot Farhi sjølv, og den 3. juni same året tok de ut sikting mot honom. Etter tekniske undersøkingar av dei nye etterforskarane som vart tilknytt saka da, fann de at kutta i kleda stemte med forklaringa til Farhi sjølv, noko som talar for at rabbinaren verkelig var offer for overfall.

Lenkjer


GNU-logoen Denna artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Gabriel Farhi» frå Fransk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.