Etróg

Frå Esnoga.no
Citrus medica blir omdirigert hit. For det forelda namnet Citrus medica limonum eller Citrus medica limon, sjå sitron.

etróg
cedrat, sukatsitron, søtsitron

Cidro.jpg

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Underklasse: Actinopterygii
Orden: Sapindales
Familie: Rutaceae
Slekt: Citrus
Art: medica
Vitskaplig namn
Citrus medica

Etróg (hebr. אֶתְרוֹג; lat. Citrus medica), òg kalla cedrat, sukatsitron eller søtsitronnorsk, er ei veldig aromatisk, sitronliknande frukt i sitrusfamilien. Etróg er eitt av slaga i arbangá miním (dei fire slaga) som blir bruka symbolsk under sukkót (páscua de las cabañas, lauvhyttefesten). Det finst fleire typar etróg, men ikkje alle er kasjér til bruk for arbangá miním. Blant dei som ikkje blir bruka til det er fingeretróg («buddhahand») og florentinsk etróg.

Sukatar blir framstilt av etróg-albedo.
Foto: Olve Utne

I tillegg blir albedoen (det kvite området mellom ytterskalet og sjølve fruktkjøttet) bruka til å laga sukatar. I tidlegare tider har skalet vorte bruka som medisin og som parfyme for klede.

Bruk under sukkót

Dei variantane av etróg som blir bruka under sukkót er levantinske etrogím, jemenittiske etrogím, marokkanske etrogím, calabriske etrogím og greske etrogím. Florentinske etrogím blir ikkje bruka, og heller ikkje den noko fjernare slektningen buddhahender.

Simaním (tekn)

Simaním (teikn) på at ein etróg er kasjér.
Foto: NeedsAlert

Teikna på at ein etróg er kasjér er:

  1. det gule skalet skal vera klumpot;
  2. rotenden av frukta skal vera innsøkkt (konkav) ved overgangen til pedunkelen.
  3. albedoen, eller den kvite delen mellom skalet og fruktkjøttet, skal vera tjukk, og det skal vera lite fruktkjøtt, og fruktkjøttet er relativt tørt; og
  4. steinane skal vera langsgåande heller enn tversgåande.

Galleri

Pekarar