Esnoga.no:Kasjrút

Frå Esnoga.no
(Omdirigert frå Emne:Kasjrút)

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ʕarúkh • Meʕám loʕéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

Kasjrút, òg skrive kašrút, kashrut og kashruth osv., er dei jødiske forskriftene om kva mat og tillagingsmåte som er rituelt rein og urein. Mat som er laga av berre tillatne ingrediensar i tillaten kombinasjon og på tillaten måte blir kalla kasjér.

Kasjrút

Shehita.jpg
Sjeḥitá (hebr. שְׁחִיטָה [šəḥī'ṭā]), i asjkenaziske samanhengar ofte kalla schächting (gjenom tysk frå jid. שׁעכטן shechtn), vil seie slakting etter jødiske religiøse forskrifter og blir normalt utført av ein spesialutdana sjoḥét. Slaktemåten liknar mykje på dhabiḫa (muslimsk ḥalāl-slakting); og i tillegg har sjeḥitá fellestrekk med det ein finn såvel blant tradisjonelle reindriftssamar som blant tradisjonelle norske bønder og småbrukarar. Det er såleis ein tradisjon med djupe band til skandinavisk kultur heller enn eit framandelement.   Les meir …
0214 pesahmat ris mais.jpg
Kva matvarer som er tillatne under pesaḥ (jødisk påske) varierer ein del mellom ulike jødiske grupper. Det grunnleggande trekket som er felles for alle er at all ḥaméṣ — det vil seie syrna eller gjæra mat av dei fem kornslaga (kveite, spelt, vanleg bygg, toradsbygg og rug — er forboden både å eiga og å eta alle de sju eller åtte dagane pesaḥ varer. Dei fleste tradisjonelle asjkenazím, og i seinare hundreår mange europeiske sefardím òg, avstår frå å eta kitnijjót (belgvekstar, særleg i tørka tilstand) under pesaḥ på grunn av at mjøl frå desse belgvekstane (slik som ertermjøl) kan komma til å bli forveksla med mjøl frå dei fem kornslaga. Meiningane om ris er delte. Dei fleste sefardím et ris under pesaḥ, men asjkenazím reknar ris til kitnijjót, som dei avstår frå å eta.   Les meir …
38506 roskas.jpg
Ḥaméṣ er eit halakhisk omgrep for all bearbeidd mat, inkludert mjøl, av dei fem kornslaga som ikkje har vorte steikt/baka som maṣṣá. Dei fem kornslaga er, enkelt sagt, kveite, spelt, vanleg bygg, toradsbygg og rug, og i tillegg alle variantar av og krysningar mellom desse slaga — slik som emmer, einkorn, rugkveite o.a. Alle desse kornslaga har til felles at dei inneheld større eller mindre mengder av gluten som gjer at det går an å laga gjærbakster av dei.   Les meir …
Økokasjrút er læra om kva mat som er lovlig og etisk å eta ut frå både halakhá og ut frå eit breidare hensyn til økologi og berekraftig utvikling. Uttrykket økokasjrút vart først teke i bruk av Renewal-rabbinaren Zalman Schachter-Shalomi.   Les meir …
Cochineal drawing.jpg
Cochinilla (Dactylopius cocchus) (sp.), òg skreve cochenille (fr.) og koskenille, er ei skjoldlus frå México, Mellom-Amerika og tropiske og subtropiske deler av Sør-Amerika som lever på kaktusar i Opuntia-familien. Kroppen og egga av cochinilla-lusa blir tørka og oppmolne til fargestoffet karmin — ein varig raudfarge som blant anna blir bruka i kunstmåling, tekstilfarging og sminke. Karmin (E120) blir bruka i matproduksjon òg, men sidan råvara er eit insekt, blir karmin generelt rekna som olovlig/oetande i jødedommen og i deler av islām så vel som blant vegetarianarar og veganar. Karmin kan i sjeldne fall gje alvorlige allergiske reaksjonar.   Les meir …

Populære sider

  1. Sjeḥitá (vist g.)
  2. Matvarer for pesaḥ (vist g.)
  3. Ḥaméṣ (vist g.)
  4. Kitniyyót (vist g.)
  5. Økokasjrút (vist g.)
  6. Matforskrifter for sjabbát (vist g.)
  7. Batél barób (vist g.)
  8. Cochinilla (vist g.)
  9. Løype (vist g.)
  10. Matforskrifter for pesaḥ (vist g.)
  11. Kasjrút (vist g.)
  12. Kasjér (vist g.)
  13. Matforskrifter for yom tób (vist g.)