Det portugisarjødiske samfunnet i Hamburg

Frå Esnoga.no
Fasade av esnogaen frå 1855.

Det portugisarjødiske samfunnet i Hamburg eller Det sefardiske samfunnet i Hamburg eksisterte frå først på 1600-talet til samfunnet vart utsletta av nazistane under andre verdskrigen.

Den første tida

Dei første kjente jødiske busettarane i Hamburg var portugisiske kryptojødar som hadde flykta frå Portugal under Filip II og Filip III av Portugal og som til å begynna med skjulte religionen sin på den nye bustaden. I 1603 klaga oldermennene til Senatet i Hamburg over den aukande innflytelsen frå portugisarjødar. Senatet spurde dei teologiske fakulteta i Jena og Frankfurt an der Oder om råd i saka, og i 1612 vart dei etter lange forhandlingar einige om at jødane skulle bli godtekne i byen som framande mot at dei betalte ein særskilt verneskatt — men samtidig vart det bestemt at dei ikkje skulle ha rett til offentleg gudsteneste. Etter ein «rolla» (ei liste) frå denne tida telte det portugisarjødiske samfunnet 125 vaksne i tillegg til tenarar og born. Frå 1611 hadde det portugisarjødiske samfunnet ein gravlund i Altona som var i bruk fram til 1871. I 1617 fikk dei rett til å velje fire innsvorne meklarar frå sitt eige folk, og seinare vart dette talet auka til femten.

1600-talet

Desse portugisarjødane, som hovudsakleg dreiv grossistverksamheit, var til stor hjelp for forretningslivet i byen. Dei var dei første til å opne handel med Spania og Portugal; dei importerte sukker, tobakk, krydder, bomull og ymse anna frå koloniane; og dei spela ei vesentleg rolle i opprettinga av Die Bank von Hamburg i 1619. Den mest kjente sefardíen frå denne perioden var dokteren Rodrigo de Castro, som budde i Hamburg frå 1594 til han døydde. Som takk for tenestene hans til folkehelsa i byen gav Senatet honom rett til å eiga fast eigedom i byen. Andre kjente portugisarjødar frå denne tida var astronomen Boccario Rosales (som fikk tittelen comes palatinus av keisaren), diktaren Joseph Frances, grammatikaren Moses Gideon Abudiente og dokteren, filosofen og lingvisten Benjamin Mussafia.

Så tidleg som i 1627 hadde portugisarjødane eit lite gudstenestelokale med namnet «Talmud Torah» i huset ått Elijah Aboab Cardoso. Keisar Ferdinand II klaga bitterleg til Senatet over denne esnogaen, ettersom katolikkane ikkje var tillatne å byggje seg kyrkje i Hamborg på den tida. Men trass i denne protesten og sterke åtak frå protestantiske geistlege, fortsette Senatet å verne jødane. Den første ḥakhámen vart Isaac Athias frå Venezia. Etterfølgjaren hans, Abrahám Ḥayyím de Fonseca (d. ijjár 5411 (1651)) var òg ḥakhám i ein annan esnoga, «Keter Torah». I 1652 organiserte det portugisiske samfunnet seg offisielt som eit trussamfunn med ein stor esnoga som fikk namnet «Bet Israel», og dei velte Davíd Cohen de Lara (d. 1674) som «ḥakhám do nação» (overrabbinar). Saman med honom tente ḥakhám Moses Israel, og seinare òg Judah Carmi, som rabbinarar i trussamfunnet (begge desse døydde i 1673). I 1656 vart Isaac Jesurun kalla frå Venezia til Hamburg for å ta plassen som «ḥakhám geral» (overrabbinar) « ... for fremming av religion og generell velferd», som den eldste minutiæ-boka til trussamfunnet seier. Tilsynelatande fornærma av denne innkallinga tok Cohen de Lara fri nokre månader og flytta deretter til Amsterdam. Etter at Jesurun dødde (1655), vendte De Lara tilbake til Hamburg, der han døydde.

Jangakób Sasportas (Måleri av Isaac Luttichuys, Amsterdam 1671.)

Av dei tidlege medlemmane av samfunnet kan nemnast Benedict de Castro, son av Rodrigo og ein kjent dokter som far sin. I 1663 telte det sefardiske samfunnet, som på den tida var det einaste godkjente jødiske samfunnet i Hamburg, kring 120 familiar. Blant dei var fleire som utmerkte seg i velstand og politisk innflytelse: Daniel Abensur (d. 1711) var residerande minister åt kongen av Polen i Hamburg; Jacob Curiel (d. 1664) og Nuñez da Costa var representantar for kongen av Portugal; Diego Teixeira (Abraham Teixeira; d. 1666) og son hans, Manoel Teixeira (Isaac Teixeira), administrerte formuen åt dronning Christina av Sverige, og Manoel var residerande minister for dronning Christina i Hamburg. Jangakób Sasportas underviste i tida 166672 ved ein bet hammedrásj som var grunnlagt av Manoel Teixeira og vart ofte spurt, i kraft av rolla si som ḥakhám, om avgjersler i religiøse spørsmål.

Dei sefardiske jødane i Hamburg var svært opptekne av den falske masjíaḥen Sjabbetái Ṣebí. Dei arrangerte festar til hans ære i hovudesnogaen der dei unge mennene hadde på seg band og belte av grøn silke, «livréen ått Sjabbetài Ṣebí». Sasportas prøvde forgjeves å dempe denne entusiasmen — ein entusiasme som endte i bitter skuffelse nokre få år seinare. Andre ḥakhamím i trussamfunnet var Jacob ben Abraham Fidanque, Moses Ḥayyím Jesurun (d. 1691), Samuel Abaz (d. 1692) og Abraham Hacohen Pimentel (d. 1697).

I 1697 vart religionsfriheita som trussamfunnet hadde oppnådd forstyrra av fiendslege edikt frå oldermennene, og jødane vart pålagt utbyttande særskattar. Derfor trekte mange rike og viktige portugisiske jødar seg ut av Hamburg, og ein del av dei kom til å legge grunnlaget for det nye portugisisk-jødiske trussamfunnet i Altona. Intern ueinigheit, og særleg tilbaketrekkinga av Jacob Abensur (residerande minister åt kongen av Polen) og følgjesveinane hans, var andre årsaker til nedgangen i det sefardiske trussamfunnet i Hamburg.

1700-talet

I 1710 fastsette ein keisarleg kommisjon som var i byen for å mekle fred mellom Senatet og oldermennene eit reglement som definerte rollene til dei jødiske gruppene i Hamburg («Reglement der Judenschaft in Hamburg Sowohl Portugiesischer als Hochdeutscher Nation») i namnet åt keisar Joseph II. Dette ediktet vart den grunnleggande loven for behandlinga av jødar i Hamburg i det følgjande århundret. Dei tyske jødane var lovleg etablerte i Hamburg og naut mesta same rettane som dei portugisiske jødane.

Dei portugisiske jødane, som var stolte av det noble opphavet sitt, var på si side lite glade over å ha vorte sett på same nivå som dei tyske jødane og skilte seg meir og meir frå desse sosialt. Som eit resultat av denne isolasjonen og av mangel på friskt innsig kom det portugisiske samfunnet til å gå tilbake i løpet av 1700-talet og miste den leiande posisjonen det hadde hatt blant hamburgjødane. Det fanst likevel nokre velkjente ḥakhamím, slik som f.eks. Jacob de Abraham Basan, som skreiv ein bøneorden (som framleis finst) for ein fastedag som vart halden etter det store jordskjelvet i Lisboa i 1755. Ein annan velkjent ḥakhám var Benjamin Benveniste (d. 1757). Men det gikk nedover med lærdommen og interessa for jødiske spørsmål i det portugisiske samfunnet, og dei sefardiske institusjonane vart forsømte. Sjeḥitáen, som tidlegare hadde vore heilt og fullt under portugisisk overoppsyn, vart teken over av det asjkenaziske samfunnet, som til gjengjeld laut betala portugisarane ein firedel (frå 1856 berre ein åttedel) av bruttoutbyttet.

1800-talet

Napoleonskrigane

I 1811, da Hamburg vart inkorporert i det franske imperiet, vart alle jødar i Hamburg pålagt å oppløyse dei tidlegare samfunna sine og å opprette eitt felles jødisk trussamfunn for Hamburg. Grunnloven for dette nye samfunnet vart etablert året etter. På same tid vart dei gamle restriksjonane oppheva og hamburgjødane vart gjevne full likheit for loven på same viset som alle andre jødar i Det franske riket. Under Davoust sin terrorisme vinteren 181314 var det mykje liding i samfunnet gjenom utvisinga av dei fattigare medlemmane. I 1814, da byen vart frigjeven frå den fransk okkupasjonen og Senatet atterinnsett, vart dei fulle borgarrettane for jødar oppheva att, trass i at det jødiske samfunnet hadde vist stor lojalitet mot byen sin. Denne uretten vart sanksjonert av Wienerkongressen («Deutsche Bundesakte») i 1815. Av alle dei franske institusjonane vart berre sivilregistra over fødslar, ekteskap og dødsfall behaldne; desse vart haldne separat for jødane fram til 1865.

Reformtempelet

I 1818 vart Tempelet i Hamburg grunnlagt — ein synagoge med sterkt endra gudstenester og med orgel, kor og ei ny og kortare bønebok. Bønene var i hovudsak basert på asjkenaziske former, men med ein del sefardiske innslag og med gjennomført sefardisk transkripsjonsmåte. Rabbinarar i reformtempelet i den første tida var Eduard Kley (181840) og Gotthold Salomon (181857; d. 1863). Seinare tok N. Frankfurter (184066), Max Sänger (186772) og H. Jonas (185889) over. På ḥazzánsida var derimot det sefardiske innslaget mykje sterkare heilt fram til kring 1870.

Reformtempelet var først og fremst ei rørsle innanfor asjkenaziske miljø i Hamburg, og som ein motreaksjon til reformtempelet innanfor asjkenazisk jødedom utkrystalliserte snart moderne ortodoks jødedom seg — først under leiing av Isaac Bernays, som vart overrabbinar for det høgtyske samfunnet i 1821 og som markerte seg som ein iherdig motstandar av reformtempelet. Han utmerka seg ved på den eine sida å halde på den gamle gudstenesteforma og samtidig på den andre sida ved å innføre preiker på tysk. Etter at Bernays plutseleg døydde i 1849, tok Anschel Stern over som asjkenazisk overrabbinar (185158).

Synagogebrann og nybygg

Inni Esnogaen i Zweite Marktstraße sett frå galleriet attast i synagogen. Vi ser tebáen nærmast kameraet. Som vanleg i sefardiske synagogar i Vest- og Nord-Europa er tebáen plassert langt bak i rommet som ein motpol til Hekhál, som vi her ser attast i bildet.

Hovudesnogaen for den portugisiske menigheita brann ned i den store brannen i 1842, og i ein del år etterpå vart det halde private gudstenester ymse plassar. Nokre år seinare vart ein ny esnoga med maurisk interiør teikna av arkitekt Rosenhagen, og den nye esnogaen i Zweite Marktstraße vart innvigd i 1855. I denne esnogaen, som var vesentleg mindre enn tidlegare tiders esnogas, vart den sefardiske gudstenesta med alle sine tekstar og melodiar halden ved like. Frå først på 1800-talet hadde den portugisiske menigheita ingen eigen ḥakhám lenger. Den siste prekaren og åndelege leiaren var Judah Cassuto, som hadde embetet som ḥazzán frå 1827 til 1893.

1848-revolusjonen og emansipasjon

Denne artikkelen er ikkje ferdig omsett enno.

In 1848 the Revolution brought about the emancipation of the Jews in Hamborg as in many other states of the German Confederation. In 1849 all members of the German-Jewish, as well as of the Portuguese congregation were free to acquire citizenship in the town. Every new Jewish settler, however, Portuguese excepted, was obliged to join the German-Jewish congregation, which formed a separate political corporation in the state. In 1864 this obligation was abolished. The old German-Jewish congregation was now dissolved, and again constituted itself a congregation in which membership was voluntary. It retained the exclusive care of all the institutions connected with education, charity, and burial. The management of affairs relating to public worship was transferred in 1867 to the Confederation of Synagogues for the Orthodox, and to the Tempel-League for the Reform Jews. The Confederation of Synagogues received at the same time the two large synagogues belonging to the congregation, and in return undertook to pay the salaries of the chief rabbi and other officials and to administer all the other ritual institutions, especially the sheḥiṭah. Since 1889 Marcus Hirsch (formerly at Alt-Ofen and Prague) has officiated as chief rabbi. The preachers of the Tempel-Verein or league are D. Leimdörfer (since 1882), Paul Rieger (since 1902), the latter's predecessor in office having been C. Seligmann (1889).


The Jewish population at Hamborg, which in 1814 numbered about 7,000, was 17,300 out of a total population of 626,000 in 1895. The number of contributing members of the German congregation is 3,535; that of the Portuguese, about 400.

Trykking (inkludert i Altona)

Isaac Hezekiah di Cordova etablerte ei presse i 1710/11 der Isaac ben Joseph Benveniste og Isaac ben Moses Ḥayyim Levi Horwitz arbeidde som settarar. Frå 1721 av kjenner vi ikkje til trykkeriverksamheit i området (men ei asjkenazisk eigd presse vart etablert i 1780 og varte kring eit tiår).

Bibliografi

  • Acts of the Municipal Archives of Hamburg (unpublished)
  • Cassel / Steinschneider: «Jüdische Typographie» i Ersch and Gruber, Encyc. section ii., del 28, ss. 86–87
  • A. Feilchenfeld: Anfang und Blütezeit der Hamburger Portugiesengemeinde, Hamburg 1898
  • Protocol-Book and Acts of the Portuguese Congregation (unpublished)
  • Steinschneider, in Ludwig Geiger's Zeitschrift für die Gesch. der Juden in Deutschland, i.
  • idem, Cat. Bodl. s.v. Rose, etc.J. I. Br.

Lenkjer

Kjelder