Det osmanske riket

Frå Esnoga.no
(Omdirigert frå Det osmanske imperiet)
Devlet-i Aliye-i Osmaniye
دولتِ عَليه عُثمانيه
Det osmanske riket
Det osmanske riket - flagg 1844-1922.png OttomanCOA.jpg
Flagg Riksvåpen
Offisielle språk Osmansk tyrkisk
Hovudstad: Bursa (1335-1365)
Istanbul (1453-1922)
Styreform: keisarimperium
Statsoverhovud: Padishah av Det osmanske dynastiet
Statsreligion: islām
Valuta: akçe, kuruş, lira
Areal: 19,9 millionar km²
Folketal: ca 40 millionar (1600-talet)
Eksisterte: 12991922
Geografisk plassering:
Ottoman 1683.png

Det osmanske riket var eit keisarrike sentrert kring det austlege Middelhavet frå 1299 til 1922. På høgda av makta si kring 1600-talet omfatta det Anatolia, Midtausten, deler av Nord-Afrika, store deler av Søraust-Europa og Kaukasus. Store deler av områda som var underlagt riket var under indirekte kontroll av ei sentralregjering. Det osmanske riket hadde hovudsetet sitt i vår tids Tyrkia og ekspanderte både mot vest og aust under den 600 år lange historia si.

Riket blir stundom kalla Det ottomanske riket eller Det ottomanske imperiet på grunn av påverkning frå dei engelske og franske namna, som i sin tur er basert på den arabiske forma av namnet på grunnleggaren av riket — ˤUthmān (عُثمَان) (tyrkisk Osman). Tidlegare vart riket stundom kalla Det tyrkiske riket (eller berre Tyrkia), men det blir unngått i moderne tid — delvis fordi republikken Tyrkia ikkje ønskjer å bli assosiert med Det osmanske riket, men mest for å markere at Det osmanske riket omfatta mykje meir enn vår tids Tyrkia.

Det osmanske riket vart grunnlagt av ein klan av oghuz-tyrkarar og vart styrt av det osmanske dynastiet — etterkommarar av desse tyrkarane. Keisardømmet vart grunnlagt av Osman I. I 1453 erobra riket Konstantinopel (vår tids Istanbul) frå Det bysantinske riket og gjorde det til hovudstaden sin. Dei endra namnet til Kostantiniye òg. På 1500- og 1600-talet var riket eit av dei mest innflytelsesrike og mektige politiske einingane i verda, og de var ein konstant trussel mot europeiske stormakter med dei stødige framrykka sine på Balkan og dei sørlege delane av Den polsk-litauiske realunionen. Riket var òg eit sentrum og ein hovudrepresentant for den islamske verda frå erobringa av Konstantinopel av. På sitt største kontrollerte riket stader som Aleksander den stores gravstad, Homers Olympos og Nilen.

Oppløysninga av riket var ei av følgjene av første verdskrigen, da Ententemaktene saman med arabarane nedkjempa osmanane i Midtausten. Mot slutten av krigen fall Det osmanske riket saman, og store stykke av det vart fordelt mellom dei allierte maktene. I dei etterfølgjande åra vart mange nye statar oppretta; deriblant republikken Tyrkia. Medlemmane av osmandynastiet vart utvist og nekta tilgang til Anatolia, der de ein gong hadde lagt grunnlaget for eitt av dei største rika og sivilisasjonane verda har sett. I 1999, etter 76 år, gav det tyrkiske parlamentet statsborgarskap til dei noverande medlemmane av osmanfamilien. Den siste som fikk statsborgarskap var det noverande overhovudet for familien, Ertuğrul Osman V. Han fikk det i 2004, men flytta ikkje tilbake til Tyrkia. Han bur for tida på Manhattan i New York i USA.

Historie

Historia til Det osmanske riket er omfattande og spenner over sju hundreår. Det finst mange ulike perspektiv; somme baserer seg berre på den militære delen av historia, med kva for krigar dei var involvert i og kva dei la under seg og måtte gje frå seg, medan andre peker på den indre utviklinga. Denne artikkelen prøver å ha eit meir generelt perspektiv.

Opphav

Det osmanske riket oppstod som ein Uç Beyliği (ei form for adel) innanfor Seljukstaten i Anatolia mot slutten av 1200-talet. Denne staten var sjølv underlagt Ilkhanatet (ein del av Det mongolske riket) på den tida. Det er ei utbreidd oppfatning blant historikarar at Osman I erklærte uavhengigheit i 1299, men det er vanskeleg å fastsette den nøyaktige tida.

Vekstperioden (1299–1453)

Mehmed II, kjent som «erobraren»; måla i 1480 av Gentile Bellini.

I vekstfasene til riket vart identiteten og karakteren definert, og det sikra seg sin plass i historia under Mehmed II. Det var i desse periodane at den osmanske eliten (kjerna av tyrkarar kring Osman I) diskuterte korleis dei skulle organisere ein ny stat. Det er viktig å legge vekt på kvar denne rørsla begynte; ho hadde tilgang til mange ulike kulturar og erfaringar. Med tanke på tidlegare imperium og historia deiras var den osmanske eliten av den klåre oppfatninga at det ikkje berre var sverdet som bygde og heldt ved like store imperium.


Den osmanske eliten hadde stor tru på at sverdet laut styrast av mannen, og ikkje omvendt. Det var viktig å finne sterke og dyktige menn som var villige til å samarbeide for å erobre store delar av Europa, Asia og Afrika. I tillegg var det viktig å organisere og regjere desse erobra områda på tilfredsstillande vis og å etablere ein struktur det ville vera vanskeleg å bryte ned seinare. Den osmanske eliten prioriterte politiske idéar som sveisa saman livet til imperiet. Berre med desse idéane var det muleg å skapa samhald om ei enorm samling av nasjonar med ulike kulturar og folkegrupper og få alle desse til å dra i same retning. Idéen og kulturen som vart skapt i desse tidene var så sterk at det tok 300 år med forfall og katastrofar for å bryte det ned. Det kan diskuterast om det var mykje urett, vald og destruktive makter involvert i etableringa og bygginga av dette enorme riket, men å ikkje anerkjenne historia som begynte på 700-talet da tyrkarane begynte å vandre ut frå eit sarasenarrike i forfall, ville vera misvisande.

Sultan Osman I

Trass i at Det osmanske riket begynte føre Osman I, blir han sett på som grunnleggaren av riket. Han var den første leiaren (Bey på tyrkisk) og gav riket sitt eige namn. Han erklærte uavhengigheit frå Det bysantinske riket og skapte ein front mot dei. Tidlegare tyrkiske leiarar sleit med interne kampar. Osman I flytta hovudstaden til Bursa. Han gav ut ein mynt i sitt namn, og som bevis på det gode ettermælet hans var uttrykket «måtte han bli like god som Osman» mykje bruka blant tyrkarar — og uttrykket blir til dels brukt framleis. Mehmed II var berre tolv år da han vart sultan, og han vart omtala som ein «lærd krigar». Den militære kunnskapen hans vart demonstrert ved slaget om Konstantinopel. Han hadde full støtte frå heile riket. Denne støtta brukte han til å omorganisere strukturen og militærvesenet i staten.

Veksten (1453–1683)

Det osmanske riket 13001923.

Vi kan dele inn framveksten av Det osmanske riket i to periodar. Den første perioden er ein periode med stabile erobringar og vekst; frå erobringa av Konstantinopel i 1453 til Sultan Suleiman den storslagne sin bortgang i 1566. Dette var ein periode med store bragdar sett med osman-tyrkiske augo. Etter erobringa av Konstantinopel gikk imperiet nordover. Slaget ved Kosovo Polje var eit gjennombrott for osman-tyrkarane, trass i at den serbiske kongen Milos Obilic greidde å drepa den daverande sultan Murad I. Sigeren var grunnlaget for resten av ekspansjonen deiras inn i Europa. Sultan Selim I (15121520) ekspanderte mot aust og slo Safavidane i Persia under slaget på Chaldiran og etablerte ein eigen marine i Raudehavet. Etterfølgjaren hans, Suleiman den store auka makta og størrelsen til imperiet enda meir. Etter å ha erobra Beograd tok han Ungarn i 1526, men tapte 16 000 mann i det som er kjent som Slaget ved Mohács. Etter det fall kongedømmet i kaos, og Huset Habsburg tok deler av Ungarn. Suleiman den store fortsette mot Wien, men tok ikkje byen ettersom vinteren kom og tvinga han til retrett. Ikkje lenge etter vart Transylvania, Valakia og Moldavia fyrstedømme under Det osmanske riket.

I aust vart Bagdad erobra frå Det persiske riket i 1535, framleis under leiing av sultan Suleiman den store. Dette førte med seg at osmanane fikk kontroll over store delar av Midtausten. Under styret til Suleiman den store, òg kjent som Lovgjevaren, nådde Det osmanske riket gullalderen sin.

Slutten av desse 230 åra med vekst vart markert med slutten av ekspansjonen inn i Europa. Beleiringa av Wien i 1529 var ikkje ein del av ekspansjonen, men heller ein reaksjon på Huset Habsburg si innblanding i Ungarn. Dei osmanske styrkane tapte kring 25 000 mann, medan motparten sine tap berre var minimale. Dette førte òg til at somme av imperiet sine allierte vendte dei ryggen. Pavane, som tidlegare hadde hatt relativt passive haldningar til Det osmanske riket, mante no til eit korstog mot dei. No var ikkje lenger Det osmanske riket berre ei okkuperande makt, men ein viktig faktor i europeisk politikk. Slaget om Wien i 1683 vart eit vendepunkt i kampen mellom kongerika i Sentral-Europa og Det osmanske riket og markerte begynnelsen av ein periode med osmansk stagnasjon.

Stagnasjonen (1683–1827)

Det var ei lang rekkje av sultanar som hadde dei nødvendige føresetningane, men som ikkje greidde å fullføre måla sine i den enorme graden som generasjonane til Mehmed II, Selim I og Suleiman I gjorde. Under denne stagnasjonen vart imperiet svekka av krigar — særleg krigane mot Persia, Den polsk-litauiske realunionen, Russland og Austerrike-Ungarn. Den russiske ekspansjonen var ein serie av ti krigar mellom Det russiske riket og Det osmanske riket på 1600-talet, 1700-talet og 1800-talet. Det osmanske riket viste stor uthaldenheit under desse krigane og heldt stand lenge.

Fil:Kara mustafa.jpg
Kara Mustafa.

Da Kara Mustafa tapte slaget mot Jan III Sobieski frå Polen i Wien i 1683, begynte dei å tapa noko terreng i Europa. Kara Mustafa fall ikkje i slaget, men vart beordra avretta i Beograd i desember 1683 som følgje av nederlaget. Etter nok eit nederlag i den store tyrkiske krigen i 1699, gav Det osmanske riket for første gang i historia frå seg område i Karlowitz-traktaten. Dette var område som hadde lege under osmansk kontroll i 200 år. Det osmanske riket slo Russland i Pruth-kampanjen i 1712, og Passarowitz-traktaten skapte ein kort fred mellom dei to rika frå 1718 til 1730. Etter dette tok Det osmanske riket seg saman og sigra over Austerrike i 1736, og Beograd-traktaten var eit faktum. I denne traktaten fikk osmanane att ein del av dei europeiske områda som hadde gått tapt i 1699. Seinare, under Krimkrigen, danna imperiet ein allianse med Frankrike, Storbritannia og Kongedømmet Sardinia. Dei allierte slo Russland i september 1856.

Det osmanske riket konsentrerte seg etterkvart meir om å halde på det dei hadde heller enn å ekspandere vidare. Dei begynte å utvikle byane på Balkan, yttergrensa si og forsvaret mot europeisk ekspansjon. Dei begynte å betre levekåra for folka i riket. Skattetrykket vart redusert, dei oppretta konsulat, og dei investerte i borgarlege verksamheiter. Tida vart kalla «tulipanæraen», etter det motivet som vart bruka. Det vitskaplege forspranget dei hadde hatt over Europa minska drastisk i denne perioden. Medan dei stagnerte kunne dei ikkje halde følgje med utviklinga som dei europeiske rivalane Frankrike, Storbritannia, Austerrike og Russland hadde.

Krigar og område vart tapt på Balkan og i Kaukasus til fordel for Austerrike og Russland. Område som Egypt og Algerie vart uavhengige og orienterte seg meir mot Frankrike og Storbritannia. Under denne perioden, med Selim III, vart det gjort forsøk på å modernisere systemet. Mange av reformane som sultanane prøvde å gjennomføre for å fornye riket vart tekne bort av konservative krefter, enten dei religiøse eller dei no korrupte janissarane, sjølv etter at dei vart offisielt oppløyst i 1826.

Forfallet (1828–1908)

Fil:Karikatur ottoman.png
Det konsulære menasjeriet, ei karikaturteikning av funksjonærar og forbindelsar ved «utanlandskontoret» i Det osmanske riket i 1885. Nasjonane er her framstilte som dyr: Tyrkaren ved skrivebordet har trekk frå ei and, medan papegøyen representerer britane, apa italienarane, grisen tyskarane og bjørnane russarane.

Trass i stagnasjonen hadde Det osmanske riket halde på posisjonen sin som stormakt heilt fram til 1800-talet, men da tok forfallet av det enorme riket til. Denne perioden er prega av omfattande reorganisering og endringar i alle delar av riket. Karikaturen til høgre er frå denne perioden (1885) og viser korleis riket vart oppfatta. Teikninga viser ein parodi av ein funksjonær i det osmanske utanlandskontoret (anda). Papegøyen, apa, og grisen (britar, italienarar og tyskarar) som plagar han er vaktarar og omsettarar (europeiske stormakter). Russarane er i bakgrunnen som bjørnar.

Perioden vart kjent som tanzimat (osman-tyrkisk for reorganisering) og varte frå 1839 til 1876. Under denne perioden vart hæren sterkt modernisert. Likeeins vart banksystemet gjennomgåande reformert. Lauga vart erstatta med moderne fabrikkar. Økonomisk sett hadde imperiet problem med å betala tilbake låna det hadde til europeiske bankar. Militært sett hadde det problem med å forsvara seg sjølv frå utanlandsk aggresjon. Egypt vart okkupert av Frankrike i 1798, og Kypros vart avstått til Storbritannia i 1876 i bytte mot å få vern mot Russland. Ei signifikant endring i imperiet var at det slutta å gå til krig åleine, men etablerte alliansar med europeiske land i staden. Det var ei rekkje alliansar med land som Frankrike, Nederland, Storbritannia og Russland. Den tidlegare nemnte Krimkrigen er eitt eksempel på nettopp dette.

Av alle idéar Det osmanske riket fekk frå vesten var nasjonalisme ein av dei mest innflytelsesrike ideologiane. Dei laut ikkje berre bekymre seg for nasjonalisme innanfor eigne grenser, men utanfor òg. Opprøra hadde mange effektar på andre grupper i løpet av 1800-talet. Det er sagt at desse opprøra styrte retninga Det osmanske riket laut ta i løpet av 1900-talet, men retorikken om grunnene til opprøra utanom og i imperiet var svært ulik. Det osmanske riket hevda sjølv at grunnane til dei nasjonalistiske opprøra var interne og vart støtta av kjelder som hadde skjulte mål. Denne nedgangsperioden hadde mange høgdepunkt, som organiseringa av økonomien, militæret og kommunikasjonen.

Ungtyrkarane (offisielt kjente som Ittihad ve Terakki Cemiyeti, «Komitéen for union og progresjon») var ei gruppe som var utdanna ved vestlege universitet og som trudde at eit konstitusjonelt monarki var den rette styreforma for å roe ned den aukande misnøya i riket. Gjennom eit statskupp vart Sultan Abd-ul-Aziz tvungen til å gje makta til Murad V. Men Murad V måtte sjølv gå av etter berre 93 dagar ettersom det viste seg at han var mentalt sjuk. Prins Abdul Hamid II vart invitert til å ta makta mot lovnaden om at han ville innføre konstitusjonelt monarki; dette gjorde han den 23. november 1876. Grunnloven vart kalla Kanun-i Esasi.

Oppløysinga (1908–1922)

Fil:Ottomansoldater.png
To osmanske soldatar går mot Istanbul etter den osmanske hæren sitt tap i Den første balkankrigen.

Det var mykje uro på Balkan føre første balkankrigen braut ut i 1913. Den osmanske hærstyrken på Balkan var stor, og tilsynelatande var han moderne. Men det var berre på overflata; i verkelegheita var dei korrupte, dårleg leia, dårleg trent og lite stridsdyktige. Etter opprør i Albania gikk Balkanligaen (Serbia, Montenegro, Hellas og Bulgaria) til åtak på dei osmanske styrkane i oktober. Albania erklærte seg sjølvstendig 28. november. Det vart ei øvrig våpenkvile 2. desember. Dei tapte landområda var store for Det osmanske riket; i tillegg til de fire landa i Balkanligaen tapte de Kosovo, Sandžak-regionen, Makedonia og det meste av den historiske regionen Trakia.

I eit siste forsøk på å vinne att tidlegare tapte område og utfordre den britiske kontrollen over Suezkanalen, inngikk krigsminister Enver Paşa ein avtale med Sentralmaktene under første verdskrigen. Til å begynna med hadde Det osmanske riket noko framgang. Dei allierte, som no òg omfatta den nyforma ANZACstyrka, tapte slag i Irak og på Balkan. Britane vart slegne tilbake og noko av dei tapte territoria kom under osmansk kontroll att. I Kaukasus tapte osmanane store landområde og over 100 000 soldatar. Russarane rykka fram til ei line frå Trabzon, Erzurum til Van. Den russiske revolusjon gav Det osmanske riket ein sjanse til å slå tilbake, men den britiske offensiven vart for mykje. Dei vart slegne heilt i slutten av krigen av dei allierte som følgje av nykelåtak frå den britiske generalen Edmund Allenby med hjelp frå nokre arabiske opprørarar og armenarar, som hadde erklært sjølvstende under krigen. Som følgje av dette vart alle armenarar deporterte til Armenia under svært kontroversielle omstendigheiter. Dødstala varierer frå 400 000 til 1,5 millionar. Dette er eit svært ømtoleg og omdiskutert sak den dag i dag. Armenske myndigheiter kallar dette eit planlagt og overlagt folkemord og meiner at så mange som 1,5 millionar armenarar døydde. Den tyrkiske staten på si side meiner at berre i verste fall 400 000 døde som følgje av forvirringa og kaoset første verdskrigen førte med seg. Veldig få land anerkjenner offisielt desse hendingane som folkemord, trass i brei einigheit om at mange menneske mista livet som direkte følgje av deportasjonane. Ungarn, Frankrike og Canada er nokre av dei få landa som offisielt kallar dette folkemord. Tyskland gav i 2005 ei offisiell unnskyldning for all befatning dei har hatt med desse hendingane, men kallar dei likevel ikkje for folkemord. Armenia har fleirfaldige gonger fånyttes bede USA om å erklære det som eit folkemord. Den dag i dag er grensa mellom Armenia og Tyrkia stengt. Dette kjem både av den historiske ueinigheita og Armenia sin okkupasjon av Nagorno-Karabakh.

Fil:Sivas congress Refet-Rauf-bekir.png
Mustafa Kemal med Refet-Rauf-Bekir og representantar.

Den tyrkiske uavhengigheitskrigen var siste spikaren i kista for Det osmanske riket. Den osmanske regjeringa vart sett på som passiv og mista mykje respekt blant folk. Dei vart kritisert for å avgje for store landområde etter første verdskrigen. Hellas hadde førestillingar om eit nytt Stor-Hellas og okkuperte Smyrna (dagens Izmir) og området kring. Frankrike okkuperte Hatay og Syria, og dessutan ønska dei deler av Anatolia. Italienarane ville ha den sørlege delen av Anatolia som dei òg hadde vorte lova. Britane hadde alt Arabia, Levanten og Irak. Den tyrkiske nasjonalismen blussa opp, spesielt med tanke på gresk okkupasjon. Under ledelse av Mustafa Kemal, ein tidlegare general i den osmanske hæren, slo tyrkarane tilbake. I april 1920 oppretta han si eiga regjering med hovudkvarter i Ankara. Der bestemte dei at dei skulle slå tilbake med militær makt mot okkupasjon av tyrkiske område. Dei allierte var krigstrøytte og trekte seg fort tilbake. Det vart halde mange kongressar, deriblant ein nasjonal kongress i Sivas. Der vart det vedteke at gresk sjølvstende i Aydin, Manisa og Bahikesir var uakseptabelt.

Sultan Mehmed VI Vahdettin vart den siste sultanen. Han gikk av den 1. november 1922. Han forlet Konstantinopel den 17. november ombord i eit britisk krigsskip. Han gikk i eksil på Malta, og den 15. mai 1926 døydde han i Italia.

Republikken Tyrkia vart etablert 29. oktober 1923.

Staten

Topkapislottet

Det osmanske riket revolusjonerte systemet med hjelp frå erfarne kristne og jødar, medan andre statar heldt på sine religionar og nasjonal identitet. Det var ein eklektisk veg å gå for den raskt utviklande staten. Dei trong mange lokale kjelder for å styre riket. Sultanane bruka rådgjevarar (såkalla vesirar) som ofte vart valte blant lojale kristne, grekarar, italienarar og andre. Diplomatar omtala ofte riket som بابِ علی (Bāb-i-ālī, ‘den store porten’), eit hint til den store slottsporten til det imperiale Topkapislottet, der sultanen tok i mot utanlandske ambassadørar. Andre trur det stammar frå plasseringa til riket og til byen Istanbul, som ein slags passasje mellom Europa og Asia, aust og vest. Folk frå vest omtala ofte Det osmanske riket som Det tyrkiske riket eller berre Tyrkia, noko som er noko misvisande. Det osmanske riket må ikkje forvekslast med den moderne nasjonalstaten Tyrkia.

Riket produserte lite varer, bortsett frå matvarer produserte av osmantyrkiske bønder. Det osmanske riket var ikkje økonomisk utnyttande eller oppstått og motivert som dei europeiske kolonirika. Den osmanske regjeringa var oppteken av å verne landet og å sørge for sikkerheit og harmoni i landet. Det er ein del vestlege og kristne som assosierer Det osmanske riket med vald på grunn av dei siste åra til riket, men dette var heller eit resultat av post-osmansk nasjonsbygging, og ikkje av den osmanske administrasjonen. Elles er Det osmanske riket òg kjent for å ha vore eit sentrum for forskarar og vitskapsmenn, og det er først på 1700-talet at dei vart forbigått av andre europeiske stormakter når det gjeld teknologi og medisin.

Sultanar

Fil:MehmedVI.jpg
Sultan Mehmed VI var den siste sultanen av Det osmanske riket.

Sultanen var den offisielle eineherskaren og regjeringa av riket. Dynastiet vart som oftast kalla Osmanli eller Huset Osman. De første herskarane kalla seg for bey og gav med det til kjennes at dei aksepterte Suljek-sultanatet sin førerang og overherredømme, etterfølgjarriket etter Ilkhanat-sultanatet. Murad I var den første tyrkaren som tok tittelen «sultan» (konge). Med erobringa av Konstantinopel i 1453 var staten på veg til å bli eit mektig rike med Mehmed II som herskar, eller padishah, i Europa ofte omtala som Stortyrken (den store tyrkaren). Frå 1517 og framover var sultanen òg Kalif av Islām, og fram til 1922 (eller 1924) var Det osmanske riket synonymt med Kalifatet, den islamske verdsstaten. Sultanen hadde mange titlar som Herskar av Huset Osman, Sultanatas Sultan, Khananes Khan, og frå 1517, Kommandør av de trufaste og etterfølgjar av Profeten for Universets Herre, mao kalif, som teoretisk sett gav honom herredømme over alle andre muslimske herskarar over heile verda.

Organisasjon

Det var ein del endringar i organisasjonen opp gjennom tida, men det var òg mykje som låg fast. Den øvste herskaren var alltid sultanen. Dei utvikla ein avansert organisasjon over tid. Dei hadde ei svært sentralisert regjering med sultanen som overhovud, men hadde òg ein svært effektiv kontroll på sine provinsar og byar. Dei hadde ein klasse som vart kalla for askeri som inkluderte adelege, militære offiserar og den religiøse klassen ulema. Middelklassen vart kalla reaya. Denne klassen hadde ikkje nokon assosiasjon til religion; det betydde i ein meir praktisk forstand at ein ikkje tilhørte askeriklassen. Likevel har klasseskiljet aldri vore like stort i Det osmanske riket som i land som Storbritannia og Russland.

Regjeringa

Alle avgjersler vart tekne av den imperiale regjeringa. Rikdom og rang var ikkje noko ein nødvendigvis arva, men derimot noko som måtte fortenast. Militærteneste var eit viktig element med tanke på steg opp i hierarkiet. Dette viser seg ved at sultantittelen ikkje følgte noko spesifikt mønster. (Tittelen gjekk til eldste son eller til eldste bror osv.)

Den administrative eliten

Ministrane (nazirane) hadde ikkje så mykje innflytelse på sultanen som visirane, men dei kontrollerte ministeriet (nazereti). Ministeriet og avdelingane var viktige deler av det osmanske byråkratiet. Ministeriet gav visirane all informasjonen dei krevde. Den viktigaste ministeren var Adliye Nazırı (justisministeren) som omfatta både den borgarlege retten (kadis) og den militære retten (kadiaskers eller kaziaskers), som var den øvste juridiske autoriteten etter seyhulislam som var den øvste religiøse leiaren av ulema. Andre representantar innanfor eitt ministerium var Kethüdar, ein assistent til ministeren som hadde fleire funksjonærar (kalfas) under seg. Det var kalfaene som gjorde alt papirarbeidet.

Den militære eliten

For kvar militære avdeling var det ein nazir som hadde den administrative makta. Under honom var det ein Ağa som hadde den høgtidelege kommandoen over avdelinga. Det var òg ei avdeling av palassvakter (Zuluflu Baltaci) som var under kommando av Sverdmeisteren og palassgartnarar (Bostancı) som òg hadde ansvaret for luksusbåten til sultanen. Dei som lærte europeisk etikette og språk (for det meste fransk) tente som yasakçi, vakter for utanlandske ambassadørar i Konstantinopel. Dei hadde òg det berømte elitekorpset janitsjarane.

Den politiske eliten

Trass i at sultanen var eineveldig, hadde han mange rådgjevarar og ministrar. Den med størst makt var vizeri, storvisiren, av Divan. Divan var eit råd der visirane møttest og diskuterte politikken i imperiet. Det var den øvste visiren si plikt å informere sultanen om rådet si meining. Sultanen tok vurderte ofte rådsmeininga, men han måtte ikkje på noko vis rette seg etter det. Somme gonger innkalla sultanen sjølv til møte om det var noko viktig han måtte informere om, som for eksempel ein kommande krig. Visirane sørga så for at ordren hans vart følgt. Antalet visirar i Divan varierte frå 3 til 7. Enkelte gonger deltok òg leiaren av Janitsjarane (ağa) på møta.

Retten

Visirane var den harde kjernen av adelen, trass i at dei hovudsakleg var tenarar for sultanen. I tillegg hadde visirane eigne rådgjevarar (kahya). Andre adelege familiar som budde i Konstantinopel besøkte ofte retten for festlege anledningar og seremoniar. Geistlegheita var ein annan prominent del av retten. Muftiane og imamane var alltid til stades ved religiøse seremoniar, noko som det ofte var. «Müteferrika» var ein slags klubb for unge adelege menn. Dei var ofte ute på jakt med sultanen.

Palasset

I palasset var det òg ein heil del tenarar som brakte mat, drikke og ved til eldstadene gjennom palasset. Avdelinga til døropnarane (Kapıcı) telte mange hundre og var ansvarlege for å opne dører. Den øvste av døropnarane var òg ansvarleg for å eskortere viktige gjester. Ein del lakeiar (Çikadar) tente som bodbringarar i palasset og i byen.

Osmanhuset

Sultanen vart oppvarta av ei hærskare av tenarar. Han hadde kokkar, tenestemenn til å halde skattane og våpna i stand, tenarar som følgte honom på kampanje, og dei beste av tenarane vart velt til å tene sultanen personleg. Éin som var ansvarleg for garderoben hans, éin til å servere han drikkevarer, éin til å bera våpna hans, éin til å hjelpe honom på hesten, éin var ansvarleg for turbanen hans og éin barberer barberte sultanen kvar dag. Men mange av sultanane er òg kjent for å ha gjeve avkall på luksus sjølv om dei levde i palasset.

Haremet

Fil:PatiConcubines.JPG
Haremet i Tokapipalasset.

Haremet var ein av de viktigaste delene av Det osmanske hoffet. Det vart styrt av Valide Sultan (eller Baş Kadın) som var mora til sultanen. Hun naut absolutt makt over haremet og ein utsøkt posisjon i hoffet. Ho ville til tider involvere seg i statspolitikk og svekke makta og posisjonen til sultanen i det som vart kalt Sultanatet av Kvinner. Under sultanens mor i hierarkiet var Hasseki Sultan, dronninga og mora til sultanens førstefødde son. Sultanen hadde òg tre andre offisielle koner, Hasseki Kadın. Under sultanens koner kom hans åtte favorittelskerinner (ikbaliks eller hassodaliks direkte omsett «heldig jente») framfor dei «foretrekte» elskarinnene (gözde eller gedik). Neste på rangstigen var elskarinnene til embetsmenn under sultanen. Elevar (acemi) eller novisor (cariye eller şahgird) var yngre kvinner som enten venta på å bli bortgifta eller som ikkje var ferdig med Haremskulen.

Haremet var under administrasjon av evnukkane, som igjen var delt i to kategoriar, svarte og kvite evnukkar. Svarte evnukkar var slavar tekne i Afrika som serverte og tente Harem-kvinnene og embetsmennene i haremet som saman med vanlege tjenestepiker var av låg rang. Kvite evnukkar var europearar frå Balkan. Dei tenestegjorde som rekruttar til Palasskulen og mista tilgang til haremet frå 1582. Ein viktig person i det osmanske hoffet var sjefen for dei svarte evnukkane (Kızlar Ağası eller Harem Ağası). Han hadde kontroll over haremet og hadde eit nettverk av spionar gjennom dei svarte evnukkane over heile palasset; derfor var han involvert i dei fleste intrigar og kunne dermed oppnå ei viss makt over sultanen og/eller hans visirar og andre hoffembetsmenn.

Feil av staten

Slutten på Det osmanske imperiet var mykjegodt økonomisk relatert. Det er allment meint at dei ikkje greidde å etablere eit økonomisk og politisk hegemoni innanfor sitt eige rike. Utan økonomisk støtte eller deltaking i sjukehus, bibliotek, nærmast sagt med alt som hadde med allmenn trivsel og velferd å gjera, så var dette berre avhengig av sivile investeringar som fekk namnet vakif. Gjennom heile veksten til riket gikk så å seie all handel mellom Europa og Asia gjennom Det osmanske riket både til lands og til havs. Når dette endra seg på slutten av 1700-talet, mista riket ei av dei viktigaste inntektskjeldene sine. Staten feila òg ved at dei ikkje fornya seg med tanke på at dei ikkje industrialiserte seg noko nemneverdig, men stort sett var avhengige av bønder som inntektskjelde. Medan Europa hadde ei enorm industrialisering i same perioden, stod Det osmanske riket i det store og det heile stille.

Økonomi

Den økonomiske strukturen til Det osmanske riket var definert av geopolitisk struktur. Riket stod midt mellom Vest og Aust, dermed blokkerte dei spanjolane og tvang dei til å finne ei ny rute til Orienten. Riket heldt seg til same ruta som Marco Polo ein gang bruka. Da Christoffer Columbus kom til Amerika, var Det osmanske riket på sitt største som ei økonomisk stormakt som spreidde seg over tre kontinent. Det finst studiar som viser at det er ein samanheng mellom endra politikk mellom Det osmanske riket og Sentral-Europa på den eine sida og opningar av nye ruter til Austen på den andre. Det er òg muleg å sjå forfallet av Det osmanske riket ved å følgje korleis landrutene vart mindre viktige. I realiteten stod riket fast på sine tradisjonar medan Sentral-Europa utvikla seg vidare.

Lov og rett

Rettsystemet til riket var basert på filosofien av lokal rettsvitskap. Lokale rettsystem som ikkje var i konflikt med staten som heilheit let riket stort sett vera i fred. Det tydde at kristne og andre grupper kunne dømme kvarandre etter eigne rollar. Det osmanske riket hadde tre rettsystem — eitt for muslimar styrt av kadi (dommarar), eitt for ikkje-muslimar (utnemnte jødar og kristne hadde sine trusretningar som ansvar) og eitt for handel. Retten som vart bruka var avhengig av kva partar som var involverte. På toppen av dette var Kanun-loven. Desse kategoriane var ikkje eksklusive; muslimsk rett kunne bli brukt for ein handelskonflikt eller for intern-religiøse saker. Øvst stod i alle fall den islamske retten.

For lovsystem galdt Kanun-loven og Shari‘a-loven. Det osmanske riket involverte seg ikkje i andre religiøse lovsystem. Shari‘a utvikla seg frå al-Qur’ān og frå orda til Muḥammad og baserte seg hovudsakleg på Hanafi-tradisjonen. Kanun-loven var ein sekulær lov av sultanen. Det var undervisning i begge på jusskulane som låg i Bursa og Konstantinopel.

Jødar og kristne gikk ofte til den islamske retten for å få ei mektigare avgjersle på konfliktar og saker. Kvinner gikk som regel til den islamske retten, ettersom denne oftare tok parti for kvinner og gav meir rettferdige erstatningar til dei.

Militæret

Det første osmanske militæret var ein hær som var organisert av Osman I. Denna hæren bestod av tyrkiske stammefolk frå Anatolia seint på 1400-talet. Dette var ryttarar som var utstyrte med enkle våpen som pil og boge og spyd. Dei fekk tildelt landområde i okkuperte land som vart kalla timarar, og dei fekk tildelt tjuvgods eller krigsbytte. Dette var beløning og løn for deltaking i kampanjen. Orhan I organiserte ein hær som vart betalt løn og ikkje landområde som dei okkuperte. Infanterier vart kalla yayaer og kavaleriet vart kalla müsellemar. Det var stort sett utanlandske leigesoldatar fordi tyrkarar generelt ikkje godtok overgangen til ikkje å få tjyvgods og landområde. Dessa utanlandske leigesoldatane vart ikkje tvungne eller bedne om å konvertere til islam — de laut berre følgje ordre frå den osmanske kommandøren. Under eit bilde av H.G. Dwight av gravferda til mange frivillige osmanske soldatar var teksten:

«Ein offiser var att, han heldt ein enkel tale for dem som grov gravene. Brør, sa han, her er menn av alle nasjonalitetar, tyrkarar, albanarar, grekarar, bulgararar, jødar; men de dødde samen, på sommå dagen, kjempa under samma flagget. Mellom oss er det òg menn frå alle nasjonar, både muhammedanarar og kristne; men vi har eitt flagg og vi ber til éin Gud. No vel eg be ei bøn, og når eg bed så skal kvar av dokker be òg, på dokkers språk og på dokkers vis.»

Den osmanske hæren var ein av de mest avanserte og best trente hærane på si tid. De var blant anna ein av de første som tok i bruk muskett. De berømte janitsjarsoldatane var ei eliteavdeling som tok seg av vakthaldet kring sultanen. Men de var òg kjent for å vara korrupte, og janitsjarvesenet vart oppløyst i 1826. Den osmanske hæren leid under janitsjarkorrupsjonen, og i krigane mot Russland mangla hærane moderne våpen og teknologiar. Moderniseringa av Det osmanske riket på 1800-talet starta med militæret. Offiserar vart sendte på trening i vesteuropeiske land og det vart hyra inn utanlandske ekspertar som skulle gjera militæret betre. Teknologi og nye våpen vart innkjøpt frå Tyskland og Storbritannia. De fikk eit flyvåpen og marine. De greidde å modernisere hæren, men det var framleis svært langt att til de vestlige stormaktene.

Religion

Føre tyrkarane konverterte til islām, praktiserte dei ein monoteistisk religion. Etter den første kontakten deiras med arabarane aksepterte ei rekkje tyrkiske stammar islām og forkynte den nye trua si lengre inn i Turkistan. Prosessen med konvertering var over lenge før Det osmanske riket oppstod. Så tidleg som i 1453, etter at dei hadde vunne over Konstantinopel, gav dei spesielle privilegium til kristne som hadde tilhøyrt det gamle Bysantinske riket. Dei kristne vart undersåttar av Det osmanske riket, men ikkje av muslimsk tru og reglar.

Det osmanske riket gikk aldri aggressivt til verks for å konvertere individ eller fremme islām blant ikkje-muslimske grupper. Staten var det viktigaste målet for Det osmanske riket, og samarbeid med alle ulike partar var livsviktig om riket skulle vara. I mange hundre år vart Det osmanske riket sett på som ei trygg hamn for jødar og andre som vart forfølgte for trua si.[1] Det osmanske riket hadde òg eit fredeleg forhold til Den ortodokse kyrkja. Ho fekk lov til å fortsette dei stadene ho fanst. Konstantinopel vart endra utvendig for å framstå som meir tyrkisk. Namnet vart endra til Istanbul og somme kyrkjer vart omgjort til moskéar, inkludert Hagia Sophia, men lite vart øydelagt i kyrkja. Dei tok blant anna vare på dei kristne mosaikka, som berre vart tildekt. I 1935 vart dei tekne fram att, og Hagia Sophia har i dag status som museum.

Kjelder

Hovudkjelder

  • Artikkelen inneheld omsett tekst frå 1911-versjonen av Encyclopædia Britannica – ein versjon som ikkje lenger er verna av opphavsrett.

Norsk litteratur

  • Finn Fuglestad: Fra svartedauden til Wienerkongressen: den vesterlandske kulturkretsens historie 1347-1815 i et globalt-sammenliknende perspektiv En europahistorie der utviklingen i det osmanske riket blir sammenlignet med utviklingen i det kristne Europa. Cappelen 2004 (1.utg 1999) ISBN 82-02-23857-9
  • Knut S. Vikør: Ei verd bygd på islam: oversikt over Midtaustens historie Oversikt over 1300 års Midtøsten-historie skrevet av Norges fremste spesialister på islams rettshistorie og historie. Samlaget 2004 (1.utg 1993) ISBN 82-521-6327-0

Utanlandsk litteratur

  • Cleveland, William L.: The Ottoman and Safavid Empires: A New Imperial Synthesis i A History of the Modern Middle East. s. 37–56. ISBN 0813340489.
  • Creasy, Sir Edward Shepherd. History of the Ottoman Turks: From the beginning of their empire to the present time. R. Bentley and Son, 1877.
  • Finkel, Caroline: Osman's Dream: The Story of the Ottoman Empire, 1300–1923. ISBN 0719555132.
  • Imber, Colin: The Ottoman Empire, 1300–1650: The Structure of Power. ISBN 0333613864.
  • Jelavich, Barbara: History of the Balkans: Eighteenth and Nineteenth Centuries. ISBN 0521252490.
  • Lybyer, Albert Howe: The Government of the Ottoman Empire in the Time of Suleiman the Magnificent. ISBN 0404146813.
  • Necipoğlu, Gülru: Architecture, Ceremonial, and Power: The Topkapi Palace in the Fifteenth and Sixteenth Centuries. ISBN 0262140500.

Lenkjer


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Det osmanske riket» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelige artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelige artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til den sida.